søndag, juni 28, 2009

Eg ønsker meg ein frisk hund!

Det har vore mykje helsemessige utfordringar den siste mnd, og torsdagsmorgon vakna eg av lydar både i gongen og utanfor vindauga. Stod opp, og kjente ei umiskjennelig drittlukt. Me bur jo på landet, og trøytt som eg var, tenkte eg at ein eller annan bonde hadde spreidd møkk i løpet av natta og at vindauga i stova hadde stått oppe. 

Eg registrerte såvidt at Vetle var ute med hundane då eg gjekk gjennom stova og inn på badet for å dusje. Då eg kom ut i stova att, hadde Vetle og hundane kome inn frå lufting. Han kunne då fortelje at Ayla hadde vore uheldig og bæsja på golvet mens han dusja. Ute hadde ho hatt veldig flytande avføring, og då eg lufta henne ein halvtime seinare, stod spruten frå henne. 

Kvart på elleve reiste eg heim frå jobb for å ta lunsjen heime, og dei første femten minutta eg var heime, hadde ho gått på do seks gonger og spydd tre-fire gonger. Det var også begynt å kome blod etter at ho var ferdig å bæsje. Eg kunne ikkje reise frå henne slik, og var heime til Vetle kom heim. Resten av dagen var ho sikkert på do tjue, tredve gonger. Eg ringte til dyrlegen og fortelte koss det stod til, men fekk beskjed om å sjå det an. 
Den natta sov eg i stova med henne, og lot ytterdøra stå åpen, og var med henne ut ein gong i blant for å sjå korleis ting hadde utvikla seg. Vetle stod GRYtidlig opp og fekk unnagjort arbeidet sitt på rekordtid og var heime igjen rett over åtte slik at eg kunne gå på jobb.

Mens eg var på jobb på fredagen ringte eg til dyrlegen igjen, for Ayla hadde blitt veldig slapp i løpet av natta, syns eg. Vetle reiste med henne, og ho blei undersøkt opp og i mente av ikkje mindre enn to dyrlegar. Me fekk syrebalanserande tablettar, kvalmestillande tablettar (til 110 kroner stykket!), og ZooLac hadde me jo fått oss dagen før.
Ayla oppførte seg eksemplarisk også her, stakkar...

Utover dagen slutta ho å spy, for tidlegare spydde ho kvar gong me var ute. Det virka som om ho blei kvalm MENS ho var på do, for kvar gong ho krøka seg saman, begynte spyttet å renne i munnen på henne. Natt til idag blei også tilbrakt i stova, med åpen ytterdør. Den natta gjekk ho berre ut to eller tre gonger som eg fekk med meg.

I dag har ho ete litt, og har fått tilbake matlysten. Litt, i alle fall. 
Nå i kveld har ho vakna litt til liv igjen, men framleis kjem det blod frå rumpa når ho er på do. 

Eg kjenner at eg er lei av å ha sjuk hund eg ikkje kan gjere noko saman med. Og så er det vondt å sjå henne så pjusk :-(

1 kommentar:

  1. Uff, så trist! Håper virkelig hun snart blir i form igjen!

    SvarSlett