tirsdag, januar 19, 2010

Vinterens gleder

Det sitrar i magen av glede over at vatna i nærleiken er islagde.
Og det er ei lukke å kunne finne fram skøyter, hanskar, iPod og Kvikk Lunsj og gjera meg klar!

Då eg parkerer bilen, ser eg ender, ein svaneunge, og nokre småfuglar leite etter mat i det som ville vore strandkanten - om vatnet var flytande.


Eg kjenner at eg syns synd i dei, og tenker at eg skulle ønske eg hadde eit rundstykke i bilen, så skulle dei jammen fått det av meg. Men eg har ikkje det.
På veg bort til kanten av vatnet ligg ein rosa matboks som det står eit jentenavn på. Det har sikkert vore eit par skiver kneip med peanøttsmør på oppi der.

Når eg kjem fram til den vesle fjellhylla eg sat på sist eg var på skøyter her, aukar sitringa. Eg finn fram sitjeunderlaget mitt, og set meg ned. Glidelåsen i sekken heng fast ein augneblink, men så opnar eg for skøytene mine som eg fekk til jul av Vetle. Dei har lagt der og venta på meg i over ei veke, sjølv om eg lova meg sjølv og dei at det ikkje skulle bli så lenge til.

Så er skøytene på beina, sekken på ryggen, kameraet rundt halsen og ein stav i kvar hand.
Og ja, pluggar i øyrene med mykje deilig musikk!

Dei første taka er alltid litt nølande, vaklande, prøvande før eg finn rytmen. Ein fot fram, eit godt tak med stavane, og så skyt eg fart framover. Isen er litt ujevn, men det går så fort at eg knapt merker det.



Så, brått, ser eg noko eg ikkje har lagt merke til på is før. Det er finare i røynda enn det blir på bilete, men artig fenomen er det likevel.


Eg går vidare. Men berre eit lite stykke. Eg ser noko på isen som får meg til å tenke at her har det vore ei and og to som har kost seg og hatt det travelt med å ta av seg før sengekosen. Ja, eg kan ikkje for det, men det er den tanken som dett inn i hovudet mitt her og nå.


Eg går atter ein gong vidare, og skøyter meg forbi sprekker og bobler og eg kan stort sett sjå botn heile tida. Eg lurer på om at dersom eg hadde hatt høgdeskrekk, ville eg ha vore litt redd nå då? Når eg kunne sjå rundt meteren ned til botn? Eller kanskje det ikkje er slik det fungerer?


Musikken på øyra går i takt med skøytetaka mine. Eller kan hende det er eg som går i takt med musikken? Det veit eg ikkje, me går i alle fall fullstendig i takt med kvarandre, musikken og eg. Og det er lett å gløyme seg vekk i slike stunder. Tankane flyt avgarde til ein gul jaktlabrador i Sverige som ikkje er unnfanga endå, til ei herleg rottweilertispe som ligg heime og søv, eg funderer til og med over kva eg skal ha til middag i dag. Eg tenker at eg må få meg skikes så eg kan fortsetje denne herlige formen for trening når isen går også. Og tida berre går. Heilt utan lyd.
Det vil seie.. tida går til lyden av skøyter på is. På ujevn is. Men det er skøytelyd likevel.
Det blir kjøttkaker til middag.

Det er ikkje så kaldt, men det stikk i kjakane likevel. Takk og pris for at eg har gode klær, ellers ville eg blitt veldig kald!

Svisj svisj, seier skøytene mine. Dei lyseblå skøytene mine. Stavane blir pigga ned i isen, og eg dreg meg framover med gode, djupe tak. Eg kjenner at kroppen min elskar meg for at eg gjer dette, og den gode trøytte utmattelsen har starta sitt inntog. For eg går ikkje så fort, men blir sliten likevel. Det går nemlig an, det.

3 kommentarer:

  1. Deilig beskrivelse av en flott tur!

    SvarSlett
  2. Så herlig stemning du beskriver. Herlig med fridager også, tenker jeg :-D

    SvarSlett
  3. Åh, det var heilt nydelig med på både fri og tur! Raud og god i kjakane etterpå, og søvnig og god då eg kom heim i varmen :-) Akkurat slik skal vinteren vera!

    SvarSlett