onsdag, mars 30, 2011

Stavangerhelg, dommarelev, halting, og litt til.

Det er vel berre å setja i gong å skrive, for me har hatt litt av ei helg!

SAM_0336b
Turen oppover var unnagjort på 3 timar og 20 minutter uten stopp. Til Ålgård, altså. Måtte jo innom og sei hei, sjølv om eg ikkje kunne overnatte der denne gong (Høgløpsk Tanja og hormonell pubertetsEmil er ein dårleg kombinasjon, trur eg). Og med heimebakt snadder godt varma på vifta i bilen, kjendes turen faktisk kortare ;-)
Me tok oss forresten ein kjapp tur i nabolaget med Emil og Thassie, og det gjekk fint, det. Ingen Operatendenser på den turen.

Emil og trapper
Heilt sidan Emil var liten, har han ikkje likt alle typer trapper. Dersom han kan sjå gjennom dei på ein eller annan måte, og dei i tillegg er glatte, nekter han å gå i dei. Her heime går han trappene greit nå, men det er teppe i trinna, så han sklir ikkje. Då snøen gjekk på verandaen, ville han ikkje gå utpå der han kunne sjå ned til bakken ved inngangsdøra. Nå går det litt betre. Difor var eg særs spent på om han ville klare å gå opp trappene til Carita. Det er nordsjøtrapper i stål, og halve "bakveggen" av trappa er åpen. Første gongen gjekk han opp og ned greit, men blei forferdelig stressa av det, og hoppa og hylte og beit i bandet etterpå. Det gjekk seg til i løpet av kvelden, og på lørdagen sprang han opp og ned som han aldri hadde gjort anna. Ellers måtte me jo bært han opp og ned eit visst antal gonger til dagen, og det hadde ikkje han blitt med på frivillig etterkvart, det er sikkert.

Fredagen, då me kom, tok me oss ein tur på ei strond eg ikkje hugsar navnet på, men her leika og sprang og koste dei seg godt, desse to:
SAM_0340b
Emil syns det var dårlig gjort av meg å legge ut akkurat dette biletet, men det var det einaste eg fekk tatt med begge hundane på. Oliver kontrollerer at det som kjem ut er av bra kvalitet.
SAM_0339b
Det var visst ikkje lov å ri på denne stronda, men det var båndtvang også, så me blei enige i taushet, ryttarane og me, at alt skulle bli mellom oss.

Emil måtte ut i sjøen ein tur, for det kunne jo hende at det var varmt og godt.. Men heldigvis var det ein ferskvannspytt lenger oppe som han også måtte uti og springe i, så då fekk han vaska av seg saltvatnet. Veldig praktisk med ein så klok hund, altså. På kvelden kom Olaug og Renate, og me hadde ein fantastisk koseleg kveld med fantastisk mat og gode samtalar om det meste. Balsam for sjela, trur eg slikt heiter :-)

Lørdagstrening med gjengen

Lørdag var det tid for trening med gjengen, og me reiste avgårde rett over ti. Dei som hadde sagt dei ville bli med og trene i dag, var: Monica og Gibson, Carita og Oliver, Renate og Tinka, Olaug og Thassie, Gunn og Embla, og sjølvsagt eg og Emil.

Det var litt ymse folk hadde ønske om å trene på, og det blei blant anna innkallingstrening, rallybanetrening, skumle-folk-som-nærmer-seg trening, nærme-seg-skumle-folk trening, konsentrasjon-mens-andre-hundar-hopper-hinder trening, pirking på diverse momenter i rallyøvelsane, og for min del hadde eg ikkje planlagt så veldig nøye, og dermed blei det ikkje særlig konstruktiv trening heller. Eg fekk somla meg til å gå ein bane og to, men ellers ikkje så veldig mykje. Brukte han som demonstrasjonshund i innkallingstreninga...
SAM_0344b
Olaug og Embla i innkallingstrening

SAM_0348b
Monica og Carita og meg
SAM_0350b


SAM_0366b
Det SER i allefall bra ut her :-D
SAM_0365b
Dekk, bli, Gå rundt

SAM_0359b
Carita og Oliver i kjent stil
 
SAM_0343b
Same med Gunn og Embla


SAM_0356b
Olaug og Thassie trener på at det skal komme "skumle" framande bort til dei og at Thassie skal syns at det er greit.

Vel heime på lørdagen, var det to slitne karar som måtte passast på littegranne meir enn på fredagen. Både Oliver og Emil hadde fått for lite ro og svevn denne dagen, men søndagen var alt rosenrødt mellom dei igjen.

Då tok Emil og eg oss ein tur til Ålgård for å helse på, og på veg derifrå, stansa me på Bråstein for å få ut litt damp. Det stod ikkje så skrekkelig mange bilar der denne dagen, men totalt traff me vel på mellom 20 til 25 hundar på den korte turen vår. Her er nokre av dei:
SAM_0475

Det neste klippet får eg ikkje redigert, så her må ein vente litt uti filmen før hundemøtet kjem.


 På veg til bilen hende det noko eg blei nesten litt rørt av.
Emil hadde festa oppmerksomheten på ein setter som kom gåande mot oss, og ensa ikkje den svære, lodne schæferen som kom bak han. Schæferen snuste litt i bakken med blikket festa mot Emil, og gjekk i bue det beste den kunne. Men ingen reaksjon frå Emil som jo ikkje såg han.
Då avstanden mellom dei var korta ned til tre-fire meter utan at Emil hadde oppdaga den andre, tenkte eg at "Når Emil oppdager den andre, smeller det!"
Men då snudde jammen schæferen! Eg blei så perpleks av denne  høfligheten, og IMPONERT!! Måtte jo fortelje eigaren av schæferen kor flink hund ho hadde, og ho blei tydeleg stolt :-)
Då Emil endeleg såg schæferen, blei møtet roleg og fredeleg, og katastrofen var dermed unngått.

Etter Bråstein køyrde eg direkte til Sola for å treffe Gerd Marit og Cora og Gunn og Embla for meir trening. Gerd Marit skulle delta på konkurransen dagen etterpå, og hadde ikkje anledning til å bli med på treninga på lørdagen, så difor trente me litt på søndagen i stadenfor. Me var litt meir uheldig med være denne kvelden, men både Cora og Embla jobba godt likevel.
Rett før me skulle avslutte, tok eg Emil ut or bilen for at dei skulle få helse på han, og då såg eg det: Han halta. Først trudde eg det var på bakfoten, men det var dessverre venstre framfoten igjen. Same foten som han halta på i nesten to mnd i fjor haust etter denne turen.
Det kom nokre gloser eg ikkje skal gjenta her, for eg visste at eg måtte avlyse turen med Renate på mandagen.

Mandag og dommarelev
Mandagen kom, og nervene med den. Kvifor eg brått fekk så nerver, det veit eg ikkje, for eg gleda meg verkeleg til å kome i gong med dommargjerninga mi. Likevel gjekk eg med sommarfuglar i magen heile dagen!

Då kvelden kom, var eg framme ved Sola VGS halv sju. Ghita var allereie på plass, og hadde byrja å setja opp banen. Ho lot meg teikna banane, og sjølv om eg har teikna mange banar, er jo dette første gongen eg har teikna konkurransebanar.
Dei måtte ha litt justeringar, men så var det klart for briefing for klasse 1. Åtte deltakarar, dei fleste debuterte i Klasse 1 denne kvelden, og berre tre diska! For meg var det greit å sjå at det ikkje var pga at banen var vanskelig at ekvipasjane diska. Og det dei diska på, diska dei på fordi dei var nervøse og spente og då er det mykje som ikkje blir like enkelt som på trening. Alt er erfaring, og dei "feila" ein gjer på konkurranse, er det lite sannsynleg å gjenta ein annan gong. Tru meg! :-) 

Eg og Ghita blei enige om at me skulle samanlikne resultater etter kvar ekvipasje, for ellers ville eg aldri ha hugsa korleis ekvipasjen hadde gått.  Dette syns eg var særdeles nyttig, og resultatene varierte ein del. Eg diska fleire enn Ghita, men det var Ghita sine resultater som telde denne kvelden, heldigvis :-) Eg gjekk heilhjerta inn i rolla som dommar, men må innrømme at eg nok haldt litt pusten då dei eg kjenner best skulle starte :-) Ein er då menneske også ;-)

Eg trur kan hende fleire av dei som deltok på konkurransen med fordel kan trene meir på forstyrrelsar, og det er det jo god tid til å gjera nå når det er over to mnd til neste stevne.
Eg gløymde fleire ting, som f.eks å fortelje kor lang tid dei hadde på banen, minne ei av klasse to deltakarane om å ta av halsbandet, stoppe klokka då ekvipasjen gjekk over mål (ei av dei som diska, men likevel).
Det var ekstra kjekt at det var så mange tilskurarar denne kvelden, for det betyr jo at interessen for Rally auker! :-D

SAM_0393b 
Eg og Ghita konfererer etter ein ekvipasje


SAM_0470 
I full sving som dommarelev, og eg er på veg til å plassere meg slik i banen at eg får med meg mest mogleg.


SAM_0473 
Gerd Marit og Cora i banen

SAM_0471
Carita og Oliver i banen


SAM_0465
På kvelden, då eg fortelde Emil at me skulle heim dagen etter, var dette reaksjonen hans :-)

Haltinga til Emil var nesten heilt vekke på mandagen, men på tirsdagen då me stoppa på Moi for tissepause, var den der igjen. Nå har eg endeleg fått somla meg til å norskifisere han, så nå kan eg snart røntge og få svar på om han er frisk i alle ledd eller ikkje. Det skal bli greit å vite, sjølv om pessimisten i meg seier at det er noko der...

Som eit apropos, så var stresset hans generelt høgt denne helga. Kvar gong me skulle ut og lufte oss, busta og småbjeffa han. Og eg blei såpass mismodig at eg sende mail til Siv om at eg ikkje trudde me hadde så mykje på Elitesatsinga å gjera, så om dei hadde nokon som hadde lyst på plasse min, så kunne heller DEI få sjansen til å gå på det kurset. Det ville ikkje Siv høyre noko av, ho meinte det berre var sunt for dei andre hundane om Emil var der, og ho tilbaud også å hjelpe meg med det me slit med. Kurset byrjar om to og ei halv veke, og... vel... Eg gledar meg til innhaldet og å sjå Ember i levande live, men utover det har eg ingen forventningar.

14 kommentarer:

  1. Kjekt å lesa om korleis du har hatt det i helga, og tenk å legga ut bilete av slik ein hoppande uoppdragen Rottweiler då, og tja ikkje akkuratt så morgen fresh eiger :P Godt det berre var hundefolk på trening!

    Kjipt med haltinga til Emil, virker kanskje som det er verre etter han har vore i ro ei stund, så mulig det er nokre sener eller noko som har fått seg ein strekk/trøkk? men er jo litt ekkelt når det er same fot han har hatt halting på før. Satser på at du får røngten snart!

    SvarSlett
  2. du vett, eg må jo vise at ikkje ADLE rottweilerar er like perfekte som Ayla ;-P Må jo holde meg te sannheten o.s.v..

    Ja, haltinga er kjip, og eg gruer meg litt for røntgen. Det var jo bare ein ganske kort tur på Bråstein, me har vore på skiturar fire gonger lenger uten halting. Men eg trur og håper du har rett i sener eller muskel, for det blei jo forholdsvis raskt betre denne gongen.
    Det blir uansett spennande når dagen for røntgenresultatet kjem :-)

    SvarSlett
  3. Godt å høre at Siv forstod koss hu ska beholde deg påmeldt til kurset, eg e veldig glad for å høre at du ombestemte deg :)

    SvarSlett
  4. Ja, Carita, det er ikkje bare du som trenger å bli overtalt til ting du ikkje vil ;-)

    Takk for ei fantastisk helg i lag med dåkken! Syns det var veldig kjekt at Oliver og Emil gjekk så godt i lag.. det er jo ikkje bare bare å bu sånn oppå kvarandre når dei ikkje er vane med det :-) Flinke skjønne Oliver .-)

    SvarSlett
  5. Du disse videosnuttene var jo riktig så fine! Joda, stiv i kroppen og bust men dog mye finere møter enn hva jeg av en eller annen grunn hadde innbilt meg! Ember ser forresten helt lik ut og han får derfor ikke hilse på gud og hver hund ;) Han er sosial på avstand. ganske lik de barne jeg jobber med enegtlig ;)

    Når det gjelder haltinga skjønner jeg at pessimisten i deg frykter det værste.. Men ta for guds skyld ikke sorgene på forskudd!!

    Glad for å høre Siv har overtalt deg til å bli! Gleder meg til å sees om ikke lenge!

    Klem

    SvarSlett
  6. Busten har vært der fra dag ein når han møter andre hundar, så den må me nok bare leve med. Han har aldri yppa til slåsskamp eller lignande, han kan vær litt bøllete ved tegn til svakhet hos den andre, og det er jo ikkje så kjekt.

    Ellers er det stort sett bare stas med ein gong, og så er interessen nesten heilt vekke.

    Neida, skal ikkje ta sorgene på forskudd, for eg håper jo sjølvsagt eg får sjå andre bokstavar bak HD status enn eg har sett tidligare, og dei same på AA status ;-)

    Og ja, det er ikkje lenge til me treffes :-) Det nærmer seg med stormskritt!! Sikkert derfor eg begynne å få kalde føtter også ;-)

    SvarSlett
  7. Du var en flink elev Kari Anne. At vi hadde noen ulike resultater hadde jeg forventet - vi er mennesker ikke maskiner - og som vi snakket om, så har det man ser mye med hvor i banen en dommer står. Du sa også til meg på stevnet "tvilen skal komme ekvipasjen til gode" - det var en setning jeg likte veldig godt! Og det er jo helt riktig:)
    Tror ellers du har helt rett i at vi må trene mer på forstyrrelser.

    Synd med Emil - virker utrolig likt det Ficus har - men jeg har erfart at haltingen ikke blir bedre av ro - heller verre....

    Stå på med Elitesatsingen. Du kommer til å lære kjempemye - og hvis du i tillegg får hjelp til det du sliter med så må det være verdt det. Lykke til! :)

    SvarSlett
  8. Så flinke dere er:) Så gøy at du skal på elitesatsinga, det var godt Siv overtalte deg:)
    Lykke til med haltinga, jeg krysser alt jeg har for at det ikke er noe:)

    SvarSlett
  9. Dette kommer til å bli så bra, jeg bare vet det :)
    Om haltingen fortsetter ville jeg fått maria til å kjenne gjennom han. Enten når du kommer ned til uka eller først elitehelgen.

    SvarSlett
  10. Tusen takk igjen for at du tok deg tida til dobbel treningsøkt i helga! Som du og så - innspill fra deg satt i hvertfall :) Håper det er noe forbigående med skjønnasen Emil. Og ikke skjønner jeg hvorfor du er så nervøs for å stille opp på ting - det kommer til å gå så bra på Elitesatsingen, og som dommer. Vi sees til sommeren!

    SvarSlett
  11. "Og ja, det er ikkje lenge til me treffes :-) Det nærmer seg med stormskritt!! Sikkert derfor eg begynne å få kalde føtter også ;-)"

    Uæææææ... nå gir du meg jo skikkelig prestasjonsangst!
    Jeg kan berolige deg (OG MEG) med at vi ikke hører hjemme i noen "proff kategori"!! Tror du har litt for høye tanker om oss. Vennligst moderer disse KRAFTIG er du snill! :D

    SvarSlett
  12. Så mange koselige kommentarer å våkne opp til ein torsdags formiddag ;-)

    Ghita,
    Ja, eg adopterte den setningen fra Torill, og det er ein viktig setning, syns eg. Og så skulle eg ønske at et par-tre av diskegrunnane heller ga f.eks 10 poengtrekk i stadenfor disk. Det er ganske enkelt å diske i rally, og det syns eg er litt synd.

    Evy,
    Takk for det, håper også at det bare er muskulært eller dårlig planlegging (oppvarming og nedkjøling) av meg.

    Siv,
    Ja, tenkte også på Maria då eg oppdaga haltinga på søndag.. Får sjå kva lommeboka tillater om det blir nå eller om to veker.

    Gerd Marit,
    Ingen årsak, du :-) Det var bare koselig! Eg lærer, eg også, av å hjelpe andre, så eg får alltid et eller anna ut av det sjølv om eg ikkje plent trener Emil :-)

    Terpinga på stopp vri venstre stopp uten hund hjalp så absolutt, den blei utført perfekt! :-) Prøv det på 1-2-3 steg fram også, og test om ho har enklare for å sette seg raskt og følge deg raskt om du starter med den eine eller andre foten. Få andre til å sjå om dei ser forskjell :-)

    Når det gjelder meg og det å bli med på ting, så trur eg det sitter igjen fra Ayla og når eg aldri visste om ho ville ha eit utfall eller ikkje, så blei det bare sånn. Fem år med slike følelsar setter spor, enten eg vil eller ikkje :-)

    SvarSlett
  13. Nina, eg vett jo ka eg leser i bloggen din, og me får nå sjå om kun kort tid om eg har rett i mine antagelsar ;-)
    MEEEEN, me går jo på kurs for å lære, gjer me ikkje? Ikkje for å vise alt me kan fra før? ;-)

    SvarSlett
  14. Kjekke bilder fra helgå :) Det var supert å ver med på ein sånn dag så det håpe eg me får bli med på igjen. Eg har endelig sumla meg te å oppdatere bloggen eg og. Med bilder fra treningå :)

    Skikkelig kjipt med haltinga til Emil, krysser fingrene for at det e gode nyheter når resultatet fra røntgen komme!

    SvarSlett