mandag, april 11, 2011

Vekesoppdatering

Onsdag hadde eg avtalt med Marit og Vinja å trene litt rally. Eg hadde med meg både Ayla og Emil, for eg var redd for at Ayla ville klø seg om ho blei att heime åleine.

Vel framme på treningsplassen hadde Marit allereie dukka opp, og eg sette opp banen frå konkurransen i Stavanger. Då den var oppe, tok eg ut Ayla og lot henne helse på Marit for første gong. Marit kunne ikkje heilt forstå at dette var hunden eg hadde fortelt var redd for folk. :-) Ayla lot seg jo sjølvsagt bestikke, og dermed var det gjort...

Eg bestemte meg for at eg ville prøve å gå banen med Ayla, og erfarte at ho nølte med å setja seg. Då ho først gjorde det, sat ho på skinka, og ikkje vanleg, slik ho plar gjera. Eg merka også at ho vralta ein del, og då me var ferdige, kjende eg at det nok var heilt sikkert hennar siste rallybane. Vemodig og vond erkjennelse, det. :-(

Neste ut var Marit og Vinja, og eg fekk lov til å dømme :-) Godt med trening på slikt også!
Eg tok eit par bilete, men fant ut heime at eg ikkje hadde hatt minnekort i kameraet, så dei bileta blei det ikkje noko av.

Då det var Emil sin tur ut or bilen, trente eg på det Siv og Elin lærte meg på mandag. Det var ikkje fullt så enkelt å gjer dette åleine, men han roa seg då til slutt. Trudde eg. Då eg hadde fått jobba oss bort på parkeringsplassen, dukka nemlig Operasongaren opp for full hals. Han stod og UUUUUUULTE ved sida av meg, og vekselsvis hoppa opp på meg og kikka ut i lause lufta. Kvar gong eg bevegde bittelitt på meg, stansa han eit nanosekund og såg særdeles håpefull ut før han skjønte at eg ikkje hadde tenkt å gå vidare og sette i gong igjen. Det ga seg etter det som for meg virka som tre-fire minutter (det er ikkje sikkert at det varte så lenge, men det føltes i alle fall slik).

Etter fleire gode responsar på omvendt lokking, kunne me rusle i bilen att. Og etter at Vinja hadde gått banen ein gong til, tok eg ut Emil igjen mens Marit og Vinja trente litt på andre sida av parkeringsplassen.
Emil buldra litt med ein gong han såg Vinja. Han rakk ikkje å feste blikket på henne eingong. Dette gjentok seg gong på gong, sjølv om avstanden var ganske så stor, men omsider kunne me gå litt FVF, me også. Me ga oss etter dette.

Så kom lørdagen, og eg tok med meg Emil for å sjå på Siv og Elin som skulle gå LP prøve i Øvrebø, ein halvtimes køyring herfrå. Med ein gong eg kom fram, fekk han komme ut or bilen, og busta kom opp umiddelbart. Litt hopping før brumlig, og han fekk gå i bilen igjen. Litt etterpå fekk han prøve seg ute igjen, og alt gjentok seg, pluss at Operasongaren Light dukka opp. Eg kjende fortvilelsen reiv i meg, og eg hadde mest lyst til å gi opp. Eg gjorde ikkje det, og til slutt tidde han stille og blei forsiktig i munnen og han fekk gå i bilen igjen.

Økt to med denne treninga, ein halvtime seinare, føregjekk på same måten, men uten Operasongaren til stades. Me klarte til og med å komme oss bortforbi bilen uten hyling og busting.

Så var det tid for at Siv og Elin skulle gå konkurransen sin, og dei gjekk faktisk samtidig, i kvar sin bane.
SAM_0583
Siv og Kry


SAM_0576 
Elin og Spike

 

Økt tre var då eg skulle reise derfrå. Den gjekk veldig bra. Me kunne raskt forflytte oss til parkeringsplassen, og fekk gått litt lineføring og holdtar der.

Økt fire denne dagen var framforbi Rema1000 på Vikeland, og der fekk eg kontakt med ein gong ut or bilen, og heile tida mens han var ute.

Søndagen gjekk me til Fiskelausvatn for første gong uten ski i år. Det var nydeleg og varmt og deilig og med løfter om snarleg sommar. Emil gjekk laus utan band og han sprang og sprang og sprang opp og ned skogskrentane, innom meg litt, og så ut igjen. Større avstandar i år, så motet hans aukar.
SAM_0600

Vel framme ved Fiskelausvatn høyrde eg plasking før eg kom heilt bort, og fekk heilt panikk og såg føre meg at Emil hadde gått gjennom isen og låg nå og plaska fortvilt.
Den gong ei. Isen hadde gått heilt inne ved land, må vite, og det låg nokre isflak av ulik størrelse og duppa i vatnet. Skispora etter meg kunne framleis skimtas langsmed land, og det er berre tre veker sidan eg var der på ski sist.
SAM_0613

Eg sette meg ned med ein kopp te og kameraet, og kunne nyta synet av ein Emil som tydelegvis hadde funne sin nye misjon: Renske Fiskelausvatn for isflak:
 SAM_0611 
SAM_0636
SAM_0655

Og så til ei lita koselig og varm episode som hende meg i dag, mandag.

Eg var ute og rusla litt i hagen for å sjå om det hadde begynt å spire i beda og om kvitveisen hadde starta si ferd mot sola. Borte ved syrinbusken stod Emil og bjeffa på Smiley som murra og freste tilbake. Eg veit at Emil har betre vett  enn å nærme seg kattar som høyres slik ut, men eg gjekk bort likevel. Då rusla Emil vekk, og Smiley via stor interesse til noko som låg på bakken. Først såg det ut som ein liten stålorm, men så såg eg at det var ei av firfislene våre. Eg blei frykteleg lei meg, for ho såg død ut. Og eg ville ikkje at Smiley skulle få leike vidare med denne vesle skapninga.

Eg tok henne i hendene mine, og kjende at ho var iskald. Augene var åpne, og ho pusta. Eg kikka over kroppen på henne, og kunne ikkje sjå skade nokonstad. Ho hadde førlighet i frambeina, men bakbeina låg heilt daude i handa mi. Eg kunne kjenne henne puste, og sette meg ned i sola og vendte handa mot varmen. Det såg ut til at ho kvikna til litt, men bakre del av kroppen var heilt livlaus. Eg vurderte om eg kom til å bli nøydd til å avlive henne, og funderte på korleis eg eventuelt ville utføre avlivinga. Medan eg tenkte desse morbide tankane, merka eg at ho fekk kvikkare rørsler på hovudet, og brått livna heile kroppen til, og ho pilte ut or handa mi og ned på bakken.  Kan tru eg blei glad då  :-)
Rett og slett ei lita solskinnshistorie! :-)

5 kommentarer:

  1. Så flinke dere er til å trene:)
    Vi er ikke der ennå vi, har lissom mista lysten heilt..
    Så utrolig herlig solskinnhistorie, og Emil er flink som hjelper våren på vei:)

    SvarSlett
  2. Flinke og flinke.. me må jo prøve, i allefall..

    Og ja, herlig solskinnshistorie, eg blei så utrulig glad då ho levde og pilte avgårde! Og at det var EG som redda henne frå den fryktelige Smileykjeften ;-)

    SvarSlett
  3. Åååå, flinke Emil.

    I navnet hans sin ånd, tenke eg på Ida's sommersang:
    http://www.youtube.com/watch?v=ym4HGUDbKbY

    Ikje helt sommer ennå, men eg syns Emil gjorde en god innsats! :)

    SvarSlett
  4. Det er gutten sin, det. Både synge og rydde ;) Nei da, det blir nok så bra - operakarrieren hans går nok i "dass" med en så bestemt matmor :) Satser fremdeles på isfritt til 15.april - og jeg håper for din del at du ikke har rett - litt pessimistisk med 17.mai tog over isen vel?

    SvarSlett
  5. Carita,
    Å, den er fiiiin, den songen der :-)
    Joda, han gjorde ein god jobb, den skal han ha ;-)


    Gerd Marit,
    Ja, karrieren som Operasongar håper eg går rett i dass ganske kjapt. Eg må få filma det før det opphøyrer, for han høyres heilt vill og gal ut.. Høyres ut som eg gjer han vondt, rett og slett!

    Når det gjelder isen, så var eg borte ved tjernet og kikka i dag, og sjølv om Emil sette i gong med isflaka der også, så ser det mørkt ut for 15. også, gitt.
    Det såg ut for meg at den er ca 10-15 cm tjukk framleis, så den går nok ikkje i neste veke, heller, trur eg. Men det blir spennande å sjå, uansett! :-)

    SvarSlett