mandag, mai 16, 2011

Rallyhelg på Sola.

Ja, då er helga over, og eg må sei eg er veldig nøgd med alt eg har lært. For slik er det faktisk, at for kvart kurs eg held, lærer eg nye ting sjølv også. Takka vera alle dei ulike hundane og kva den enkelte treng, må eg forsøke å finne løysingar som kan passe best for akkurat denne ekvipasjen.

Denne helga var ikkje noko unntak i så måte, for det var seks ganske ulike ekvipasjar som denne helga fekk innføring i rallylydighetens gleder og hundetreningens frustrasjonar.
Det var toy-, mellom- og storpuddel, cocker spaniel, rottweiler og pinscher. Tre av dei var kjent med rally frå før, dei tre andre ikkje. Nokre klikkertrente, andre ikkje.

Me starta på fredagen med teori, og til dette kurset hadde eg førebudd video av alle øvelsane i Klasse 1. Dette trur eg gjorde til at det blei forbausande lite feil då deltakarane skulle starte på skilta dagen etter. Lørdagen regna det heile dagen, og me blei våte og kalde, både to- og firbeinte. Søndagen blei det derimot strålande sol, så då blei det tatt litt bilder også. Eg er ikkje så flink til å huske å ta bilete når eg sjølv er instruktør, men her er nokre:











 

Tusen takk til Carita for glimrande innsats som assistentinstruktør, og tusen takk til alle deltakarane for ei gild og kjekk helg!

Her har tre av deltakarane blogga om helga:
http://corasblogg.blogspot.com/2011/05/rallykurs-sola-13-15mai.html
http://gunnasheim.blogspot.com/2011/05/rally-kurs.html
http://olaugsinblogg.blogspot.com/2011/05/rallylydighetskurs.html

Og her har Carita, hjelpeinstruktør, blogga:
http://oliversforunderligeverden.blogspot.com/2011/05/rally-lydighets-kurs-carita-prver-seg.html

8 kommentarer:

  1. Så kjekt med bilder, sjøl om det bare blei eg som fekk med beina. :p ser jo ut som Thassie kunne nåke der, så då later me som det. :D det var ei kjekk helg, og for min del er du ein knakande god instruktør.. Men det vett du jo at eg syns!

    SvarSlett
  2. Tusen takk nok en gang for en givende helg. Du utviste super innsats og tålmodighet altså! Var skikkelig slitne begge to i går, men i dag skal metodene igjen settes på prøve så får vi se. Herlig at du har fått platting så du kan nyte en hviledag!

    SvarSlett
  3. Vel, plattingen er ikkje ferdig, men Vetle hadde spikra nok til at eg kan sette ein stol oppå og ta meg ein kopp te mens han jobber vidare ;-)

    Kan tru eg har tenkt mange gonger på den siste gongen du og Cora gjekk banen på søndag. For ein fantastisk sisteopplevelse dåkken fekk! :-)

    Gleder meg til blogg om kveldens trening :-)

    SvarSlett
  4. hehehe, einaste eg som slapp å vera med på bilde. :D
    Eg hadde det iallefall kjekt heile helga, te tross for at eg var HEILT UTKJØRT! Detta va skikkelig utfordrande på mange sett, men eg syns det gjekk greit nok for min eigen del. Veldig fint å få fokuspunkt og sjå kva eg må trene vidare på for å komme meg nærmare målet.
    Eg syns også at å vera på kurs med deg som instruktør var heilt FANTASTISK og skjønner godt ka Carita meine med at du er så god. For det er du virkelig! Men, det vett du vel også, for jammen såg eg framgong på samtlige hundar frå helga. =)
    Knakande kjekt, travelt, informativt, og ikkje minst lærerikt. Har fått ein masse redskaper på koss eg skal koma vidare, og det er ikkje alltid like enkelt til ein som gir opp fortare enn problemet oppstår.. :P
    Stoooor klem fra søs. =)

    SvarSlett
  5. Ska sei du kan å gi skussmål! :-) Dette var så fine ord at eg beint ut rødmer under solbrentheten :-)

    Av og til lærer ein ting på kurs som ein ikkje heilt var førebudd på å lære, og når DET skjer, så syns eg ALLTID at det er ein stoooor bonus :-)

    Eg har ALDRI vore i tvil om at Thassie komme te å bli nåke meir enn ein triksehund, for eg ser allerede nå ka potensiale som ligge i henne. :-) Og eg gleeeeede meg te du også ser det :-)

    Det var kjekt å ha deg som kursdeltakar og kjenne tantestoltheten svulme øve kor flinke dåkken er! :-)

    SvarSlett
  6. =) At Thassie er ein triksehund, syns eg ikkje gjer nåke som helst. For min egen del så har eg mål med henna som går utover det å berre ha henna som triksehund, men eg har ikkje lyst å sei basta bom at dei målå skal me klare.. For veien dertil blir full av frustrasjon og fortvilelse, kjenner meg sjøl såpass, at det er jammen godt å kunne true med "bare ein triksehund" då.. Heilt til neste dag, og motet er oppe igjen..
    Men, eg må sei det hjelpe å ha ei søster som har truå på oss, og ikkje minst har redskapen til å hjelpe oss vidare også, for eg vett at eg ikkje er den enklaste "eleven". :)

    SvarSlett
  7. Så kult det va når bildene hadde sånn ramme! Har lagt ut bildene!! Eg tror at når eg komme på besøk så må du hjelpe meg med litt sånne tekniske triks! Du lage jo så kule filmer og!!

    SvarSlett
  8. Oops.. Det va altså ikje Oliver som skreiv det.. Det va meg :) Hihi.. Eg har visst gjort noe rart med profilen min :)

    SvarSlett