fredag, mai 06, 2011

Tur og trening i ett

I dag var det på høg tid at Emil og eg rusla oss innover grusvegen igjen. Det er lenge sidan no, og han trengte det verkeleg!

Sidan Emil syns det er teit å ha på seg bandet, og har STOR tendens til å hoppe opp og bite i det når me er ute blant folk, har eg begynt å ha det på han oftare her heime. Når me går og rusler i hagen eller skal trene her ute, får han på seg halsband og bandet,og eg syns han har blitt roligare med det på.
Difor blei også starten på turen MED band på, så fekk me litt bandtrening i tillegg til turen. Dette var sårt tiltrengt, fant eg ut, for vanligvis får han jo springe som han vil idet me går ut porten.  Etter nokre hundre meter ringte Vetle, og eg stoppa då opp for å snakke med han. Emil stod tålmodig og venta uten lyd og uten å bite i bandet, og då samtalen var over, gjekk me vidare eit lite stykke før han fekk springe laus.

Smiley bestemte seg for å bli med oss, men då me støtte på dette etter ein halv kilometer, fekk me han ikkje med oss vidare:
SAM_1019
For før eg fekk sukk for meg, hadde Smiley tennene i ei mus, nemlig.

 

Eg og Emil gjekk vidare, og som alltid når me er på tur, syns eg det er fryktelig spennande å forsøke å gøyme meg for han. Han går lenger frå meg i år, så sjansane for at eg skal klare å komme meg ut i terrenget eit stykke er STOR!
Han er flinkare til å finne meg i år, og har skjønt at han må ut i terrenget for å finne meg. Dei gongene eg trur eg klarer å stikke av før han ser meg, men ser han snu seg akkurat idet eg skal til å trø ut i lyngen, då boblar det av spenning i meg! SÅ kjekk er den leiken for meg! :-)

Ein gong eg klarte å stikke av, sette eg meg nesten OPPÅ han her:
SAM_1024
Ein av dei desidert lengste stålormane eg har sett, og eg har sett mange etterkvart. Først skvatt eg litt, for tankane streifa innom hoggorm (som eg til dags dato endå ikkje har sett på tur med hund i løpet av dei 15 åra eg har vore hundeeigar). Eg slengte nokre godbitar til Emil lenger nede i lyngen, så han ikkje skulle tråkke på ormen.

Me måtte sjølvsagt innom vatnet og kjøle ned den gule kulingen min, og i fjor hadde eg ikkje hatt sjangs i havet til å be han sitje og bli mens eg heiv ein pinne uti vatnet, men sjå her:

Emil sitter fint og venter ETTER at eg har kasta pinnen på vatnet! Juhu!

Me tok ein liten omveg heim, og sette oss ned på ein stubbe som ropte på meg:
SAM_1035
Her fekk Emil også ein pause i band, og han roa seg fint etter ei liiiita stund. Eg er ikkje heilt sikker på kor lenge me skal ha slike pausar for at han skal lære å roe seg kjapt, men han låg og tygde på litt bark og kikka seg rundt og høyrde på fuglelydane. Me rusla vidare då eg syns han hadde ei fin avslappande holdning, omtrent som dette:
SAM_1040

Ned mot Fiskelausvatn går det ein ganske lang og forholdsvis bratt bakke som eg jo må gå OPP på veg heim. Denne bakken har fått eit ikkje så fint tilnamn av meg, og eg gruer meg alltid for akkurat den bakken på veg heim. I dag genierklærte eg meg då eg kom på at Emil skulle gås ned etter den heftige springinga i lyng og fjell og bakkar og svømming og sånt, og difor måtte i band. Bandtrening er jo som kjent ei stopp-start-stopp-start øving, og dermed kunne eg få pausar med jevne mellomrom oppover bakken!!

Juhu, tenkte eg og gjekk på med friskt mot og Emil i band.
Heilt til han brått og uventa gjekk KANONfint i band og eg ikkje kunne stoppe ein einaste gong!! Teite hund, altså! Forvirret smilefjes
På toppen av bakken kom redninga mi, for Smiley hadde venta ved fjøra og kom ruslande etter oss, og då måtte eg jo stoppe og vente på han… Smilefjes med åpen munn Phew!!
Har aldri påstått at EG er i god form sjølv om Emil er det…

Då me var nesten heime, festa blikket mitt seg på denne karen her:
SAM_1051
Har du sett så nydeleg!?

Vel heime hugsa eg å tøye både bak- og frambein, og Emil stod heilt avslappa og fin Rødt hjerte

Og så til slutt ei lita oppsummering av turen:

4 kommentarer:

  1. Hei:-)

    Så spennende tur dere har hatt i dag, flotte bilder og videoer:-).

    Bare kom ned til oss å se huggorm, for her er det mange (skrekk og gru). Greie nok å se på. men jeg er redd for hundene:-(.

    God helg til dere:)

    Marit

    SvarSlett
  2. Eg såg ein oppe hos Wenche, men då hadde eg jo ikkje med hund ;-)

    Men sjølv om eg har gått i områder der andre har sett hoggorm, så har eg altså ikkje sett sjølv. Og ja, det ER skummelt for hundane...

    God helg til dåkken også! :-)

    SvarSlett
  3. Vilken härlig tur! Jo, jag skulle kunna belöna Issen för kontakt, men jag tror inte att det löser det grundläggande problemet. Jag tror att Issen vet vad jag vill ha, men att han av någon anledning ger mig lugnande signaler när vi ska starta. En vild gissning är att han ofta känt sig pressad och blivit osäker i just den situationen. Att belöna honom kan stärka hans kontaktsökande, men jag tror att det bästa att göra istället är att faktiskt skapa en trygghet och en tolerans, där han kan klara att ta kontakten med glädje och attityd!

    SvarSlett
  4. Det så og hørtes ut som aktiv, spennende og herlig tur:)

    SvarSlett