fredag, juni 24, 2011

Litt diverse

Det er liksom så lite som skjer for tida, og det er kan hende berre greit.. Ayla er i gullfint humør, og Emil er Emil slik berre han kan.

Sidan sist innlegg, har me fått trent på fellesdekk, FVF, sitje fint framføre altandøra i påvente av å kome ut, setje seg i stol, svømming, og godbitsøk.
P230611_18.500003Me hadde vore ved Fiskelausvatn for å bade litt då me blei overraska av naboane som skulle grille der. Eg fekk i siste liten hanka Ayla inn i bilen, mens Emil rakk å springe bort til dei nyankomne og væte dei til på buksa. Det blei ikkje så mykje, men han forsøkte å klyve inn i bilen deira, og han var jo klissvåt frå badinga Smilefjes med åpen munn 
Men det er utruleg deilig å ha ein hund som ikkje skal ta alt på to bein!! Håpar eg ALLTID kjem til å setje pris på det!!

Me køyrde difor inn til enden av vegen, der dei fekk eit svæææært godbitsøk, og då dei var ferdige med det, kom først Ayla og la seg ned ved sida av meg, og så kom Emil og sette seg framføre meg. Begge i håp om at eg kanskje hadde fleire godbitar på lager. Eg ba dei gå og snuse litt på eigahand, og då eg såg at Emil var på veg ned i bekken, ropte eg på han, og han kom som ei kule! Dette fekk han pinnedrakamp som belønning for, og etter at Ayla klarte å splitte pinnen i to, ba eg hundane sitje i ro medan eg gjekk og gøymde dei to delene. Emil fant ein først, og kom direkte attende til meg med den. Ayla brukte lenger tid, og spytta ut pinnen på veg til meg for å plukke godbitar ho hadde oversett tidlegare.

Så stod eg og skulle pakke saman stol og godbitar og pinnar og mobil, då Emil sette føtene oppi stolen. Eg belønna, og venta på meir. Stolen haldt på å velte, og han skvatt ned igjen. Eg sa ingenting, og han sette labbane oppi stolen att. Slik haldt han på i nærmare eit halvt minutt, før han kløyv oppi då eg drøyde godbiten nokre sekunder. Der ba eg han bli til eg fekk tatt bilete, og var stolt over korleis han hadde jobba forbi nestenveltinga Smilefjes

Emil har åleine trent på “setje framføtene på stol eller krakk for å komme til godbitar på bordet”
SAM_1345b
”Hæ, nei, eg vett ikkje kem så har vore oppå der”, sa Emil då underteikna fann desse fotefara på stolen.

Hundane her heime har ein hundestol. Eigentleg er det ei vanleg seng som me har kappa langsidene på, så det eigentleg er ei veldig veldig VELDIG kort seng. Oppi der har me hatt ei hundepute dei siste fire-fem åra. Ayla har trivst godt oppi der, men i det siste har ho nytta den sjeldnare og sjeldnare. Vetle meinte på det kunne vera fordi puta var blitt så sliten og tynn, så eg spurde svigermor om ho kunne hjelpe meg å sy ei ny pute. Det ville ho gjerne, og mondag kom ho hit for å sy pute til “barnebarna”, som ho kaller dei :-)
P220611_12.320001
Inni er det saccokuler, så eit trekk av polyester, og så ytterst er det møbelstoff. Skikkelig fin!! Den var litt uvant å ligge på, men det vil dei nok raskt bli vane med :-)

Det byrjar dessuten å nærme seg plensåing, for no ser det slik ut i hagen:
SAM_1357b

Eg har vore eit par omgangar med den svære plentromla, men om det er tungt med to hender, er det minst dobbelt så tungt med ei hand. Eg skal få av gipsen på mandag, og då får eg anten reise heim utan, eller så får eg på ny. Det er framleis visse rørsler som gjer skrekkeleg vondt, og eg hovnar framleis veldig opp om eg gjer noko særleg fysisk aktivitet. I tillegg held eg på å få ganglion i høgre handleddet, og den er også ganske ubehageleg og vond til tider.

Ellers rundt i hagen fins desse skjønnhetene å finne:

217485_10150149088430942_568195941_7101562_5987387_nSAM_1373b

Dette første biletet er den svære planta i midten då denne var særdeles ung og lita. Eg veit ikkje kva det er, for dei dukka berre opp i bedet i vår, og så samla eg dei på ein plass og ventar spent på å sjå kva det kan bli av det .-)

SAM_1360b

SAM_1363b

SAM_1359b
Akeleier er blitt ein stor favoritt! Denne oppdaga eg laaangt utanfor hagen Smilefjes

SAM_1364b

SAM_1365b

SAM_1368b

SAM_1353bSAM_1356
Emil og Ayla i leik på altanen, dette skjer fleire gonger dagleg no, i motsetning til ALDRI tidlegare i år.

SAM_1371b
Valmuer har eg verkeleg fått sansen for!

SAM_1375b
Plommekart eg håpar kan få vekse seg store og søte og deilige…

SAM_1379b

SAM_1384b
Agurk i drivhuset

SAM_1386b
Eg har ikkje satt inn hyller endå, for det må ned att og få på lister, men enn så lenge fungerer det greit slik eg har satt det opp. Her har eg no tomater, agurk, salat, pasjonsblomst, oljeplante, mimosa, busknellikane mine som Smiley har gravd opp – sånn at eg skal kunne hente frø frå dei og få sådd dei på nytt ein annan stad, og eit par fuchsia.

2 kommentarer:

  1. Flinke Emil i stolen :)

    Og flinke hagefolk - hele familien!

    Og Emil og Ayla må ha den snilleste bestemora i verden som stiller opp i sying og hagearbeid.

    Nyt sommerdagene som forhåpentligvis snart kommer...

    SvarSlett
  2. Me har hatt sommar ei god stund nå, me... Det har vore så varmt at me må trekke inn på den varmaste tida, og varmare skal det visst bli :-)

    Og ja, eg har ei VELDIG snill svigermor som er VELDIG glad i Ayla og Emil, og Ayla blir heilt ekstatisk når ho kjem på besøk :-)

    SvarSlett