onsdag, juli 13, 2011

Elitesamling, helg 2

Lørdag
Då var det duka for ny Elitesamling igjen, og denne gong skulle me halde til på Løddesøl skule istadenfor Hove. Det passer jo meg ypperlig, sidan eg då får sikka kwoatte kortare kjøring.
Forventningane mine var faktisk ganske høge, for eg syns eg har sett ein roligare Emil i det siste, så då Siv spurte kva me hadde gjort sidan forrige samling, og eg faktisk kunne ramse opp littegranne me hadde rekt før armbrotet, tenkte eg inni meg at før helga er omme – vil eg bli med på ei fellesøving. Men eg sa ingenting om akkurat det, i tilfelle starten på dagen skulle gå heilt galt.

Nå skal eg spare meg sjølv for mange tastetrykk ved å fortelje først som sist at alle mine forhåpningar for dagen blei innfridd og vel så det! Han jobba superkonsentrert og utan band i kvar einaste økt!

Første økt var som vanleg å leike med hunden, og me skulle jobbe med at hunden kunne sitje og vente på “ta ‘an”. For å frata meg sjølv muligheten for å putte Emil i bilen når ein av dei andre hundane kom for nære, gjekk eg heilt i enden av grusbanen. Då Ember blei for interessant ein gong, gjekk me berre bak leveggen og tok ein liten pause før me dukka opp og jobba vidare.

Andre økt skulle me jobbe med kjede inni ballbingen, og me var først ut. Eg hadde framleis ikkje putta Emil i bilen, og syns det fungerte heilt fint for han idag også.
Det me skulle jobbe med var: Oppvarming, entring av ring, kjede to eller fleire øvelsar utan belønning, og transportstrekker. Dette skulle filmas, og så skulle me sjå på det seinare på dagen.
Mine øvelsar var hinder og innkalling. Fordi han hadde vore ute or bilen så lenge, tenkte eg at dette vil bli easy peasy, så me entra berre ringen og venta at han skulle vera online med meg med ein gong. Det var han ikkje. Først måtte han undersøke apportane som låg der, så måtte han sjekke ut nokre steinar som låg inni der, og SÅ kunne han jobbe litt.

Då eg gjekk frå i sitt og bli framføre hinderet, trippa han litt med framføtene. Sjølve hoppet var høygt og fint og hadde fin fart. Innkomsten var også fin, og i transporten bort til  der eg skulle gå frå til innkalling var han også fint med meg. Då eg gjekk frå i sitt og bli igjen, sat han atter ein gong og trippa, noko Siv hadde påpeikt allereie i første økta – og Elin påpeikte det under forrige samling, men det har gått heilt i gløymeboka.

Innkallinga skjedde i super fart, og han fekk belønninga då farten var som høgast.

Andre økt skulle me jobbe med ein øvelse me trengte å komme vidare med, og då valgte eg Stå Under Marsj. Dette har me jo jobba ein del med her heime, men på kurset i dag såg det ut som at han aldri hadde trent det før. Eg måtte gå heilt tilbake til frivillig stå før eg ganske raskt kunne gå vidare til å legge på signal.

Tredje økta skulle me jobbe saman to og to, noko som innebar at tre hundar var ute på banen til ei kvar tid. Under ei av mine økter var det ei goldentispe som fekk belønningen sin, og før eg visste ordet av det var Emil på full fart mot henne. Begge hundane sprang bort til den andre eigaren, og Emil både busta og brumla, men gjorde ingenting. Den andre eigaren hytta med fingeren og sa strengt NEI til Emil, og han kikka forbausa på henne og trakk seg litt vekk. Då ropte eg på han, og han kom rett tilbake til meg.

I stadenfor å setje han i bilen, som var det eg HADDE lyst til, fortsatte eg å jobbe med han utan band. Då me snudde og vendte oss i retning av goldentispa, forsøkte han å springe av igjen, men då klarte eg å huke tak i han og jobba vidare. På dette tidspunktet var eg rimelig skjelven, og då Siv kom bort for å skrøyte av oss, ga eg beskjed om det, og blei pressa til å jobba vidare til eg ikkje var skjelven lenger. Det var nok veldig bra å gjer det, for ellers ville nok denne hendinga ødelagt heile dagen min.

Dei to siste øktene hugsar eg ikkje rekkefølgen på, men den eine økta jobba eg med ruta. SAM_1495Brukte target for å få han ut frå meg, og han har faktisk godt driv utover!

Den andre av dei to var felles øvelsar, og Fellessitt var først ut. Då stod eg laaaaaangt vekke frå dei andre og trente fellesDEKK med bandet på. Dette gjekk heilt fint.
Så skulle me ha fellesDEKK, og Siv beordra meg på andre sida av banen. Me luska oss forbi alle dei andre hundane, og plasserte oss laaaangt ut i sida av den rekka. Siv såg strengt på meg og nærmast tvang meg til å stille meg nærmare Pippi og Mette, og lydig som eg er, gjorde eg jo det. Då stod me ca fire meter frå dei, men eg behaldt bandet på. Det er tre meter langt, og eg stod og førebudde meg på at dersom han kom til å reise seg, så skulle eg gå motsatt veg – vekk frå den andre hunden – for då ville han ikkje nå bort. Men han låg heilt fint, han! Siv kom til og med og gjekk sånn sikksakk mellom hundane utan at han reiste seg!

Heilt til slutt kikka me på filmen frå i føremiddagen, og der såg eg heilt tydeleg denne trippinga hans. Den skjer stort sett berre når eg går frå han.

Alt i alt svever eg etter denne dagen. Joda, han brumla litt, og joda han stakk bort til den vakre goldendama, MEN han jobba godt og lenge med meg UTAN BAND heile dagen, og var berre sånn måteleg interessert i det dei andre haldt på med.

Summa summarum for lørdag:
Jobbe vidare med Stå under Marsj. Få han til å kunne stå på avstand også.
Vera klar og tydeleg i kommandoen.
Bli kresen på kva eg belønner for (kor har eg høyrt det før?)
Generalisere – og ikkje vera redd for å bruke signal sjølv om han ikkje kan det 100% – men ikkje belønne når ståen er langsom..
Auke farten under baklengs marsj.

Legge til avstand på ruta. Kjøre nokre targetutsendingar – så utan target – og når STÅ sit godt, sei stå i ruta. Beløne med å hive ut ball eller liknande når han er på veg mot targetet.
Legge på signal på Ruta.

Kjede fleire øvelsar, strekke ut belønning, jobbe med transportetapper, at han skal sitja i utgangsstilling og sjå på meg sjølv om det er kjedeleg.

Jobbe med at han sit i ro når eg går i frå.

 

På veg heim hadde eg avtalt med svigermor at me skulle komme innom ein tur, og Emil har jo aldri vågd å gå opp trappene hennar før. Vetle har alltid måtte bære han opp, for desse trappene er glatte, åpne og bratte OG det er vinkeltrapp. Eg hadde bestemt meg for at nå MÅTTE me SAM_1489prøve å få han opp på eiga hand, for han kan verkeleg ikkje bærast opp der heile resten av livet hans! Forrige gong me var på besøk, ville han ikkje eingong inn i bygningen då han kjende att kor han var, men denne i dag høyrde han stemmen til svigermor (som var nede og advarte naboar om at det ville bli hyling og bjeffing i gangen ei lita stund). Eg lukka døra etter meg, kobla av bandet, og fant fram ein neve godbitar. JA, eg lokka faktisk.

Han jobba hardt, skjønnasen min, og gjekk opp og ned dei første trinna maaaaange gonger. Så gjekk han lenger og lenger opp før han snudde, og kvar gong han kom seg litt lenger, fekk han ein heil NEVE med fiskekaker og pølser. Til slutt kom han heilt opp, og kan TRU han var stolt av seg sjølv! Han fekk godbitar utover golvet, og klem og kos av “farmor” og inne i leiligheten hennar hadde ho gøymt kjeks rundt på golvet som han fekk snuse opp. Eg blei så stolt av Emil at eg blei heilt rørt!
Då me skulle gå igjen, konsentrerte han seg VELDIG ned trappa, men gjekk eit og eit trinn slik eg hadde håpa han skulle! Flinkingen min!

 

Søndag, den frykta “Dag 2”

Dagen byrja ikkje så godt, då eg kom fram og skjøna at eg hadde gløymt både te, brus, rallyskilt og holdarane heime. Det er ikkje rallykurs eg går på, men eg hadde lova å setje opp ein bane i lunsjen for dei som ville prøve.
På veg til kurs, forresten, såg eg påfuglen frå i fjor, på same plass, og tenkte at det sikkert ville bety at dagen i dag kom til å bli lik den dagen i fjor. Og det skulle vise seg å vera ganske korrekt.  Emil var Mister Brumlebasse i dag, og me måtte ha stor avstand til alle heile dagen. Ein gong bjeffa han til og med, og då stod me på heilt andre sida av grusbanen.

Dagen byrja med kjedar, og denne gongen hadde eg fem øvelsar i stadenfor to som i går. Dei var: Dekk fra holdt, Hinder, Tannvisning, Innkalling, og FVF. I dag var han med meg i transportstrekkene, og hadde i grunnen betre kontakt enn i går. Han sat ikkje i ro då eg gjekk frå i innkalling, og vaste litt før hinderet, men hadde fint hopp og kom greit inn på plass. Han la seg skeivt under dekk fra holdt, men la seg raskt og blei liggande då eg gjekk bak han.

Belønninga kom ganske kjapt under FVF, og eg fekk beskjed om at belønninga må vare like lenge som kjeden. Det må eg bli flinkare til!
Eg hadde dessutan bedt om å ha ein hund synleg utanfor ringen (ballbingen med trygt gjerde mellom Emil og den andre), men han ensa den ikkje, eingong.

Den neste øktene (utan at eg hugsar rekkefølgen) var:
  * Å  få hunden inn i utgangsstilling sjølv om eg held leika synleg i høgrehanda
     - Her kan ein også bruke ein gjenstand nr to som hunden skal velge å la vera for å komme i utgansstilling, og då må denne gjenstanten aldri nyttast som belønning.
      - Vanskelighetsgraden kan aukas ved å bruke leike, mat, person, snuseflekk som gjenstand nr to, og belønninga skal alltid vera hjå MEG.

* Fellessitt og fellesdekk:
    - Fellessitt kunne eg berre gløyme, Emil brumla og busta på laaaaaang avstand. Men eg fekk han i sitt og bli der me var og trente på min måte likevel. Han såg jo dei andre hundane og jobba på utan å reagere, så eg må vel sei det var greit nok.
      - Fellesdekk gjekk me nærmare, og plasserte oss heilt ute på kanten denne gongen også. Men i dag stod det bil med åpen bakdør inn til hund i bur på eine sida, og hund i fellesdekk på andre sida. Det blei difor ein del vanskeligare enn dagen før, og eg måtte jobbe ein god del meir for å halde kontakten med han. Då ei av dei andre belønna hunden før me andre var ferdige, brumla han, og eg valde å bryte heile øvelsen og gå vekk. Ikkje pga Emil, men av hensyn til dei andre hundane som jobba så bra.

* Fri ved foten
     - Her jobba eg MYKJE med å ha han sitjande ved sida av meg med roleg kontakt, og av ein eller annan grunn hugsar eg nesten ikkje noko anna frå denne økta. Eg er heilt blank. Eg hugsar at eg skulle vise kor dårleg springmarsjen var – men då gjorde han den perfekt, og that’s it.

* Ruta:
     - Jobba med å få han til å springe til target, men han stanser og snur seg til meg. Siv stod bak meg og heiv ball med kastearm, og etter nokre repetisjonar, sprang Emil som et olja lyn mot bakre side av ruta. Ball med pip i = “du kan ikkje ta meg”, så me må jobbe endå meir med avlevering.
     - Fekk dessutan tips om å shape inn at han søker til bakre kant frå kort avstand frå alle vinklar, og at eg skal byrja å legge på kommando.

Etter denne økta, som skjedde i sol og varmt vær, peste han rimeleg intenst, så eg hadde ikkje lyst til å setje han i bilen direkte. Difor sette me oss i skuggen, og han kunne få legge seg på kald mur og kjøle seg godt ned. Medan me sat der, henta nestemann hunden or bilen, og då sat han berre og kikka roleg på dei andre. Han fekk litt belønning, men ikkje mykje, oftast fekk han berre eit roleg og avbalansert “fliiiinke gutt”. Me sat der i ca tjue minutter, og tidvis la han seg ned og slappa heilt av. Då han ikkje peste lenger, vågde eg å setja han i bilen, og der sovna han.
SAM_1475

Summa summarum for i dag:
Tren på frivillig kontakt når det ikkje skjer noko, og at han skal gi meg roleg kontakt når han sit ved sida av meg.

Belønning i kjede skal vare like lenge som kjeden varte.

Vent med å finne belønninga etter kjede, sånn at handa ikkje går i lomma før jubelen bryter laus. Altså, under FVF, f.eks, kan eg først juble høgt for å signalisere at nå kjem belønninga, så finne fram anten leike eller matboks, og så belønne lenge og vel for godt arbeid.

Det kan vera lurt å sjå på dei andre deltakarane før meg for å sjå kor kvar øvelse startar – og dermed gå dit medan dommar prater og ha kontrollen sjølv.

Dersom eg skal avbryte ein bli-øvelse, gå mot hunden, dersom eg bryter ein fartsøvelse mot meg, spring vekk frå hunden.

Leksa mi til neste gong er så gigantsvær at eg ikkje veit heilt kva eg har begitt meg ut på, men den er altså som følger:

På halvannan månad skal eg lære Emil å springe ut i ruta i fullt firsprang frå utgangsstilling utan å gjere anna enn å seie kommandoen.

I tillegg skal eg klare å få fram roleg kontakt i 30 sekund på ny plass.

Eg skal også kunne jogge bakover, seie kommando, og så skal Emil stoppe momentant og bli ståande til eg belønner.

Me skal jobbe vidare med avlevering (spyyyyyy)

Og så skal få fram og legge på kommando på stå, sitt og ligg under marsj OG på avstand.

Nevnte eg at det berre er seks veker til neste samling?????

 

1 kommentar:

  1. Dere er så flinke! Leksene tror jeg blir det minste problemet :)

    SvarSlett