I kveld var det duka for trening blant folk og hundar igjen, denne gongen ved klubbområdet. Eg var fast bestemt på å ta med meg Mr. Wonderful i dag, og håpte at dei andre blei heime.
Då me kom ned dit, hadde folk begynt å komme, og eg tenkte at “Jippi, så får eg trent på det også!”, sjølv om eg eigentleg hadde håpa på å vera først.
Eg mista han i bakken med ein gong, men jobba hardt med å halde ørlite fokus, i det minste. Han skrapte nærmast av meg kjøtet på fingrane, så eg måtte hive godbitane på bakken. Det funka greit, det også.. Då han såg dei andre hundane, dukka Mr. Brumlebasse opp for ei lita stund, men han reiste visst heim igjen for resten av kvelden. Dermed var det berre eg og Mr. Wonderful igjen som skulle trene.
Eg satte opp buret, og putta Emil inni, og hadde tre-fire burlek repetisjonar før me begynte å trene. Eg hadde spurt Inger om hjelp til kommandering på ei kort kjede, og akkurat då me var ferdige med burleken vår, hadde ho mulighet til å kommandere. Eg ville ha lineføring, stå under marsj, og dekk fra holdt.
Lineføringa gjekk over all forventning, og me seilte oss gjennom vendingar i spring marsj og sakte marsj og holdtar og vendingar og transportetappar. Ikkje ein gong følte eg at eg mista fokuset hans!
Så var det stå under marsj, og her blei det plutselig litt sirup og rusling etter at kommandoen kom. Han stod fint i ro då eg returnerte, men eg valde å ta to-tre repetisjonar til, og det kom seg etterkvart. Men noko å trene på. Fekk dessutan tilbakemelding om at han tripper litt etter at han har stoppa.. Eg trur det er det same som han gjer når eg går frå i sitt også..
Dekk fra holdt var også treig, og det brukar den ikkje vera når me trener for oss sjølve. Han blir nok litt berørt av at det står framandfolk og ser på, men det er jo fort gjort å jobbe med, har eg bestemt meg for.
Vidare utover kvelden trente me på Ruta (som han ser ut til å ha gløymt ut litt), stå under marsj, dekk fra holdt, innkalling, burleker, og å sitje ute av buret og sjå på dei andre hundane på avstand.
Etter halvannan time var eg heilt gåen i toppen, sjølv om Emil nok kunne trent endå lenger.
Kjensla etter kvelden er framleis god, og i kveld føltes det heilt annleis då han stressbrumla i starten. I staden for at eg fekk vond klump i magen, klarte eg å tenke at han snart ville roe seg og gi meg fokus igjen, og at for kvar gong me er ute på slikt som dette, vil han bli flinkare til å takle det. Tidlegare har nok tankane gått i dei banar at me aldri kjem oss i mål, men slik kjennes det ikkje nå! :-)
Framover MÅ eg konsentrere treninga om at han får til å sitje og stå i ro, men eg ANER ikkje korleis eg skal få til det!
Kveldens nedtur… kom ikkje!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar