onsdag, mars 21, 2012

Seminar med Anders Hallgren. Motor og motivasjon.

Lørdag og søndag var eg på seminar med Anders Hallgren i regi av NKK Agder. Eg hadde egentlig ikkje lyst å gå, men er glad eg gjekk likevel.

Seminaret skulle handle om Motor og Motivasjon, og skulle egne seg for instruktørar såvel som vanlege hundeeigarar.
Laurdagen starta med å gå gjennom  Drivkraft og drivkraftens fysiologi.
Her kunne Hallgren fortelje at drivkraft ikkje må forvekslas med stress. Ein stressa hund slurver med utførelsen av den innlærte atferden, mens ein hund med drivkraft er konsentrert og nøye.
Han seier at drivkraft er delvis arvelig, delvis raseavhengig, og til ei viss grad kjønnsavhengig. Den påvirkes av tidlige og seinare erfaringar. Drivkraften blir også påvirka av korleis hunden har det i kvardagen. Er eigaren kontrollerande, ser ein oftare at hundane har lågare drivkraft. Er eigaren tillatande, ser ein motsatt effekt; høgare drivkraft.
Den fysiske kondisjonen har også noko å seie, og sjølvsagt også sjukdomar og traumer og sjokk. 60 % av alle hundare har ei eller anna form for ryggplager, og denne prosenten auker til 79% blant hundeaggressive hundar!

Hallgren er veldig opptatt av at hundane våre ofte er for passive, at dei ikkje får bevegd seg nok i løpet av dagen. Han seier at mange hundar, når dei blir vaksne, kviler for mykje. Hundar er skapte slik at dei innretter seg etter flokken, og om me sit roleg heile dagen, så gjer hunden det også. , og me tykkjer dei er snille når dei er rolege inne. Jo roligare, desto snillare syns me hunden er. Det triste her er at hunden sover når ingenting skjer, og ofte slutter me å gå på kurs og trene og slikt Dei venner seg til rolege kvardagarnår hunden blir vaksen. Dermed sover og sover og sover den, og får ut på tur ein halvtime annankvar dag.

Vidare har oppdragelse også innvirkning på drivkrafta.

Ein hund som tidlegare har hatt god drivkraft, men som så opplever eit SJOKK, kan rett og slett miste drivkrafta si. Søke dårlegare på eit redningsoppdrag, misse på eit narkosøk, gjer det dårlegare i LP ringen, o.s.v.  Og om hunden din opplever sjokk, f.eks i form av rakettar, skot, angripen av ein annan hund, eller andre liknande opplevingar, er det aller beste botemiddelet å gi hunden beroligande medisin innan eit døger. Det går fint å bruke eit naturpreparat som f.eks Valerina Forte, eller få eit sentralnerveberoligande middel frå dyrlegen.

Også Hallgren er burmotstandar, og meiner at bur burde forbys.. eller i allefall burdøra. Han meiner at ein hund kan vera åleine 6 timar om dagen. Etter 7 timar bør me ha litt dårleg samvit. Etter 8 timar burde me skjemmast, og må hunden vera åleine 9 timar dagleg, burde me ikkje hatt hund i det heile. I Sverige er det slått fast i loven at hundar ikkje skal vera åleine i meir enn 6 timar.

Andre faktorar som speler inn på drivkrafta er: Overvekt, næringsbilde ( heile 18% av kaloriene går med til å berre tenke!), hormoner, om hunden er sliten eller trøtt, hendelsar under trening, o.s.v.
Hallgren snakka også om at det er mange hundar som har problemer med sjoldbruskkjertelen, og dette viser seg ved dårlegare appetitt, dårleg pels, lette for å legge på seg, slåssvillige, om hunden tåler kulde og varme dårleg.

Motivasjon, eller villighet til å utføre ei handling.
Bygger på behovstilfredsstillande og positivt utfall av arbeidet. Påvirkes lett av negative opplevelsar og den nåverande sosiale situasjonen. Hunden kan kun vera motivert for EI atferd om gongen, og motivasjon for ulike atferder konkurrerer heile tida. Har hunden mindre  bra prestasjon enn vanleg, må ein først og fremst analysere motivasjonen.
Andre faktorar som påvirkar motivasjonen er:
Tidlege erfaringar frå trening og prestasjon, minne frå negative erfaringar, sjølvtillit, dominerande/kontrollerande eigarar, sjukdom og smerte, stress frå under- eller overstimulering, forsinka forsterkning, vær og temperatur, sult og tørst, problem med andre hundar, hormoner, fysisk kondisjon, trøtthet, næringsbrister.

Det er viktig å halde motivasjonen oppe, etterkvart som kunnskapen sit betre og betre, og det gjer ein ved å variere belønninga. Leik, mat, mengder av leik og mat, veksle mellom leik og mat og andre typar belønningar. Og hugs pausar!
Pausen skal komme nærmast som ei kondolanse til hunden.

Ein stressa hund bruker den følelsesmessige delen av hjernen, i stadenfor den tenkande. Det kan då hjelpe med mentale øvelsar der hunden MÅ tenke. Likevel skal det vera ei god balanse mellom følelsar og tankar.

Det me til ei kvar tid trener på, må konkurrere med vilje til og behov for å gjera andre ting;
Ete, drikke, naturbehov, seksuell opphissing, overskuddsenergi (eit finare begrep for understimulering), jakt, føraravhengighet, nye oppdagelsar, redsel og angst (lydar, lukter o.s.v.).
Me må difor heile tida jobbe for å auke motivasjonen for det ME vil hunden skal vera motivert for.

Introduksjonstid
Dette var eit nytt begrep eg ikkje hadde høyrt om før, sjølv om eg jo absolutt har drive med det heile tida.
Hallgren meiner at alle hundar må få litt tid på seg på ein ny plass, og ikkje berre rett ut or bilen og i arbeid. 15-20 minutter med tur, lufting, oppvarming, sjekke ut plassen, sjekke ut dei andre hundane, litt lett massasje. Om ein usikker hund kjem til treningsplassen når andre hundar allereie er der, kan den usikre hunden kjenne seg som ein inntrengar, og det kan vera lurt å forsøke å vera der først av alle. Då kan hunden få introduksjonstida si i fred, og ta i mot dei andre hundane når dei kjem.
Dessutan er det ofte slik at ein køyrer for å komme til treningsplassen, og då er gjerne hunden litt støl i musklane etter turen, og har behov for å strekke seg og bevege seg litt.

IMAG0432Og så litt hulter til bulter om stress:
Det er smertefullt for ein hund å stresse. Og når stresset ikkje er målretta, KAN det vera smerte involvert. Med målrette meiner Hallgren f.eks ved mattider (spesielt kanskje labrador), når ein finn bandet og skal gå ut på tur, når hunden kjenner att parkeringsplassen ved treningsområdet og girer seg opp, o.s.v.

Å springe etter synlege ballar eller pinnar eller frisbee e.l er veldig oppstressande for ein hund, og ved langvarig høgt stress, kan ein faktisk risikere at binyrene veks og FORBLIR store. Då er det langt betre å lage til søk etter ball/pinne/kvadetmåttevera. Då må hunden tenke, og det held stressnivået nede..
Overskuddsenergi, eller sagt rett ut; understimulering, er ei hypping kilde til stress hos hund.
Rekne over kor mykje hunden din er i aktivitet i løpet av ein gjennomsnittsdag:
Inne, kor mykje er hunden i bevegelse inne? Ta med kor lang tid den bruker på å ete maten sin, helse på folk som kjem heim, aktivisering inne generelt.
Ute i hagen. Har hunden garde? Kor mykje beveger den seg der? Ligg eller sitter den stort sett i ro ved porten?
Tur, kor lenge varer turen?
Total aktivitet bør vera rundt 4 timar for ein yngre hund, og 3 timar for ein eldre hund..

Mange deler av hjernen hjelper til å balansere følelsar mot fornuft. Og emosjonelle atferder er raske, medan logiske atferder er langsomme.

Ernæringsmessig fins det ein del matvarer som kan auke stressnivået i hunden, og det er jo greit å vite for folk som har siruphundar: Mais,sesamfrø, nøtter, avocado. Hundemat er f.eks ofte fulle av maisprodukter, noko som kan gjer ein allereie småstressa hund verre. (Emil sin mat, f.eks, inneheld MYKJE mais)

Matvarer som hjelper til å roe ned ein stressa hund: kalkunkjøt, spinat, brun ris, gresskarkjerner, solsikkefrø, kyllingkjøt, lammekjøt, soyabønner, banan (bruk tørka banan til godbitar om om hunden vil ha det).
Det fins også medisiner å få kjøpt: Equi-Calm, B-vitaminer, magnesium.

Vanlege stressårsaker er bl.a:
Overstimulering – fysisk eller psykisk, understimulering, usikkerhet, mange og harde krav, sjokk, hormonelle endringar, smerte og sjukdom, næringsmanglar.

Terapautiske strategiar:
Akutt sjokkbehandling med beroligande og serotoninaukande middel, ettersjokk- og stressterapi, unngåelse av stressande atferder, få hunden til å tenke via shaping eller operant trening,mental aktivisering generelt, auke tryptofaninntak, tilsette B-vitaminer i maten.

Tankar eg har gjort meg opp etter helga:
Eg har lyst til å prøve Equi-Calm på Emil ein periode. Det er naturmedisiner, og det einaste eg må vera obs på, er at han må få tilskot med kalsium etter at kuren er over.

Eg har også lyst til å byte maten hans i noko som ikkje inneheld SÅ mykje mais.

Eg skal bli endå nøyare med “Introduksjonstida”, og kjenner meg beroliga ved at mange hundar treng tilvenning, og ikkje berre Emil.
Det eg før har tenkt på som stress, trur eg nok Hallgren ville ha kalla motivasjon.
Dette med ryggproblemene plager meg litt. 60% av hundar har eit eller anna problem med ryggen, så eg trur eg vil få sjekka han også hjå  fysio eller kiropraktor.

Eg fekk dessutan bekrefta min nyvunne oppdagelse om at det er greit å jobbe Emil forbi hundar på trening eller konkurransar. Det held han jo opptatt med andre ting, samstundes som han sjølvsagt også er klar over at andre hundar er i nærleiken.


IMAG0435Søndagen var me ute og kikka på gangen til fire hundar, og samtlige hadde uregelmessigheter. To av dei visste om at hundane hadde litt problemer.

Alt i alt er eg vel nøgd med seminaret. Eg visste jo veldig mykje om dette frå før, men fekk meg heldigvis LITT ny kunnskap.
Anders Hallgren var underhaldande og varm i sin væremåte, og svarte villig på spørsmål frå deltakarane. Det er det ikkje alle foredragshaldarar som gjer, nemlig!
Han forsøkte så godt han kunne å forstå alle dialektene publikum hadde, det blei mang ein god latter under helga. Både av historier frå publikum og frå Hallgren sjølv.

Då trur eg at eg har fått med meg det aller meste.

5 kommentarer:

  1. Veldig kjekt innlegg :D Kjekt å høre at du fikk noe ut av seminaret, hørtes ut som han tok opp fornuftige ting.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, han tok opp veldig fornuftige ting, faktisk, og et trur at den vanlege hundeeigar hadde hatt GOD nytte av å gå på eit seminar med Anders Hallgren. Det var faktisk ei som hadde køyrt heilt frå Sverige for å delta, for han held ikkje så mange slike seminar og foredrag lenger, visstnok. :-)
      Og eg har kjent til Anders Hallgren sidan eg fekk Joey, så det var artig på fleire måtar å delta på dette her :-)

      Slett
  2. Nei, nei, ikke samtlige hadde uregelmessigheter i gangen.. Måtte bare kommentere siden vi er fotomodeller :-) Stilig!

    SvarSlett
    Svar
    1. Dårlig formulert av meg.. for eg meinte ikkje uregelmessigheter i gangen. Din hund hadde vel ein uregelmessighet i ryggraden? Eller husker eg heilt feil?

      Slett