Denne helga har eg vore i Drammen på Appetitt Hundefestival. Først og fremst fordi eg ville sjå korleis det ville bli å dømme etter at dei nye reglene i Rally kom 1. mars. Eg hadde derfor printa ein haug med kritikkskjema av den nye typen, sånn at eg kunne sitje ved ringen og tørrtrene til eg skal dømme dobbeltstevne i Kristiansand den 28. april og også to stevner i Bø 19. og 20. mai.
I tillegg visste eg jo at Nina og Ember skulle debutere i LP Klasse 3, og at Irene og Quizz skulle gå både Rally og Agility. Bare bonusar, altså :-)
Lørdagen benka eg meg ved ringen, utstyrt med termos, kritikkskjema, reglement, pledd og strikketøy. Jepp, strikketøy. Skal strikke meg genser, nemlig. Sånn litt utenom det blogglinnlegget egentlig skal handle om, så bytta eg til meg dette mesterverket:
Eg sydde sovepose til Gerd Marit si Cora, og Gerd Marit spesialstrikka genser til meg. Eg syns jo eg gjorde DET kuppet, men Gerd Marit var visst fornøyd, ho også, og det var jo kjekt :-) Eg slengte med eit halsband også til Cora, så eg ikkje skulle føle at Gerd Marit blei så VELDIG lurt..
Eg har aldri strikka noko større plagg enn ei hue, og genser har eg alltid tenkt ville bli altfor mykje arbeid for meg. Dessutan strikker eg ikkje fint.
No skal eg altså strikke meg ein genser likevel, og har spurt svigermor Tove om hjelp når eg kjem så langt som at eg MÅ følge mønsteret. Min genser skal bli brun og kvit, og vil aldeles ikkje bli i nærleiken så fin som denne grå og rosa skjønnheten, men det vil vera EG som har strikka den, så det så! :-)
Soveposen til Cora
Så, tilbake til helga og ting og tang som eneleg datt på plass og sank inn.
Det å sitja ved ringen og berre observere, slik eg har gjort i helga, har vore utruleg lærerikt for meg. Eg har observert deltakarar som stadig blir meir og meir nervøse desto nærmare deira tur det blei, og korleis den minste litle detalj var verdt å henge seg opp i og bli pessimistiske over.
Briefing i RL Klasse 3
Eg har observert at som stevnearrangør vil eg stå på for at hundar som sit ved ringen og som ikkje skal konkurrere får tilsnakk om dei heile tida bryt ut i krangling med andre hundar. Ja, altså, det er ikkje hundane som skal få tilsnakk, men eigarane. Det var ein del hundar som blei ganske forstyrra av hundekrangel utanfor ringen, og det er FORTVILANDE for den som går konkurransen sin der og då.
Som dommar er det nyttig å sjå korleis andre dommarar bygger sine banar og korleis dei har planlagt desse. Nye idear til banebygging, og eit par små detaljar som eg vil forsøke å IKKJE bruke i mi eiga banebygging.
Dei nye reglene var slett ikkje vanskelege å hugse på, og særleg på vri-øvelsane var det maaaange som ville ha diska, men som i staden fekk IT – 5 poeng.
Fleire diska dessutan seg sjølv, utan at det dei hadde gjort ville føre til disk. Ikkje så lurt…
Det som nok var aller mest betydningsfullt for meg og mi eiga trening med Emil var at eg innsåg at me KAN starte i konkurranse uten at alle atferdsting er på plass, for eg veit jo at eg kan halde på fokuset hans, og at han konsentrerer seg om meg når han jobber.
Han kan det han treng for å starte i Klasse 1 RL, og det er ikkje mykje som manglar i Klasse 2 RL, heller. Difor har eg bestemt meg for at me skal starte i Bø. 19. mai. Jepp, nå har eg sagt det.
Eg har vore veldig heldig med både Joey og Ayla, for dei konkurransane eg starta i med Joey, gjekk alltid veldig bra. Det same gjaldt med Ayla. Eg har nok difor satt vel høge forventningar til både meg sjølv og Emil. Det ER ikkje krise om me disker eller ikkje får direkte opprykk. Eg er ikkje ein dårlegare dommar eller instruktør av den grunn. EG tenker jo ikkje det om andre dommarar og instruktørar som ikkje får 200 poeng! Men eg tenker slik om meg sjølv! Det er jo bare tull! Ka då da om me disker? Ka då da om han bjeffer? Eg VEIT jo at det går fort over, og at det ikkje stikker så djupt.
I helga såg eg mange som jobba hundane forbi vanskelege situasjonar, eller som måtte gå med strame band når dei passerte andre hundar. Og det var ingen som såg skeivt på dei av den grunn.
Eg må bli mindre sjølvhøgtideleg, meir vågal, og gjera det eg trass alt liker veldig godt å gjera: Konkurrere!
Eg skal difor ut og trene blant folk og andre hundar MINST ein gong i veka, og eg skal verkeleg jobbe med han om det dukker opp uventa forstyrrelsar. Jepp, dette skal me få til! Og me starter i dag, på rallytrening ved kyrkja i Vennesla, der Lotte, som er i full løpetid nå, også skal trene! Me har ikkje trent i lag med løpetispe endå, så dette blir spennande!
Ember med bursdagsbandet sitt på. Det passa perfekt! :-)
Og så har eg fått meg tegnebrett. Elektronisk som skal koplast til dataen, og kan nå lage slike kule bilder:
Høres ut som en fin helg. Fine tegninger:=)
SvarSlettDet var ei fantastisk helg, på alle måtar! Ein skikkelig godt organisert hundefestival! :-)
SlettKjekt å lese Kari Anne. Også en trøst å få vite at det ikke er vanskelig å dømme etter de nye reglene - for det trodde jeg....
SvarSlettEllers flotte nytte-hobbyprosjekter både fra Gerd Marit og deg :)
Lykke til i Bø. Tviler ikke på at dere kommer på pallen :)
Det var verkelig ikkje så vanskelig som eg hadde trudd, men nå var jo eg med på å kreere dei, og har nok ein fordel derifrå.
SlettGerd Marit har inspirert meg til å prøve å strikke min aller første genser, og nå har eg bare skuldrene og halsen igjen på den :-)
Og om me kommer på pallen eller ikkje, så blir det ein seier bare å gjennomføre uten å besvime av stolthet over den kanonflinke hunden min :-)