søndag, april 15, 2007

Eg tar det eg kan få...

På tur i kveld glimta Ayla til med drømmehundfakter igjen. Me traff ein syklist som kom bakfra, ei joggande dame som me klikka oss forbi, ein familie nede ved sjøen, og ein åleinemann litt seinare. Dei to siste "møtene" gjekk eg litt vekk frå stien, og sørga for at Ayla såg dei på god avstand. Så maskingeværklikka eg til dei hadde gått forbi. Ho satt ved sida av meg då.
Familien passerte ca fem meter vekke, og mannen ca tre. :-)

Når det er sagt, klarte eg å øydelegge brillene mine i dag då eg skulle spele saksofon. "Nokon" la dei oppå bilen min rett før eg skulle køyre, og så datt dei av borti vegen her. Difor går eg no rundt med solbriller inne og later som om blitsregnet kan komme når som helst.. Trur nok dessverre treninga må ofrast i morgon så eg får bestilt meg nye briller. Eller kanskje eg rekk begge deler om eg sløyfer middag? Hmm... den må eg tenke litt på.. (kjem heim ti over fire, Vetle har laga middag kanskje, ferdig til halv fem, køyrer ned til byen, får parkert og er på Brilleland klokka fem, finn meg ei passe innfatning og sånt til klokka er halv seks, og så rekk eg fram til Austrått klokka er seks. Jepp, sånn må det føregå...

Eg må dessuten komme meg heim før det blir mørkt, for eg kan ikkje køyre uten briller, og med solbriller trur eg ikkje eg ser så veldig mykje..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar