Me holdt oss heime fra trening i går, mandag, fordi Ayla har halta i to-tre dagar nå. Det vises best etter kvile, og det liker eg ikkje så godt. Derfor har ho heller ikkje fått tur, men me hadde oss ei lita økt borte ved lyktestolpen i går kveld. Eg hadde bestemt meg for å la snurren få kvile litt, og heller konsentrere meg om at ho skulle få tilby litt andre ting også.
Det kom 10-15 lynraske sittar, beine var dei også, og så plutseleg pilte ho to steg bakover og heiv seg rundt i verdens kulaste snurr! Eg hylte av glede etter klikket, og strødde rundt meg med godbitar og tenkte at nå hadde det løsna! Juhu, liksom...
Ho gjentok bragden sånn cirka to gonger til, og så forflytta eg meg. Dermed viste det seg at det ikkje var snurren ho hadde fått til, men "spring til det området og sjå på mor" .
At ho hadde snurra var ho ikkje bevisst på i det heile.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar