lørdag, januar 13, 2007

Ei tøff tid...

Det har vore ei tøff tid, denne vinteren. Først døydde mormor til Vetle i november. Så blei mor veldig sjuk før ho døydde kvelden før nyttårsaften. I dag fekk me telefon om at bestefar til Vetle også var død, så då blir det endå ei gravferd i neste veke. Eg kjenner eg er nummen etter alt, og treng å få summe meg litt.

Det har ikkje blitt så mykje saksofonspeling, heller, og syttenvekerskurset byrjar tidleg i februar. Eg har liksom ikkje så mykje ekstra energi når eg kjem heim etter jobb og hundane har fått turen sin. Det blir mest å trene på grep, og spele etter Hans Theessink eller Van Morrison. Lite konstruktiv øving...

Ellers har det også blitt lite trening med Ayla. Ho får turane sine, og me øver på laust band. Det blir lite trening på andre ting, og samvittigheten gnager heile tida. Ho har det aldeles ikkje vondt, men eg kjenner på det likevel.

Ho har blitt bittelitt mindre intens på Legolas (katten), og det er jo ein god ting.

På mondag byrjar trening med Fokus Hundeskule sine tidlegare deltakerar, og det gler eg meg til! Det skal bli godt å koma i gong igjen, og få trena fast ein gong i veka. Dei har også starta brukshundtreningsgruppe ein gong i mnd. Det blir også kjekt! Det var snakk om eit oppfølgingskurs av brukshundkurset, og det MÅ eg også få med meg. Har allereie meldt meg på, uavhengig når det blir.

Femte februar skal me til HD røntgen, og eg fryktar at det kanskje kan bli kjipt resultat derifrå. I alle fall på venstre hofta. Me får håpe på det beste, og om mirakelet skulle skje at ho er fri, så er det jo ingenting som er betre!

Kva meir skulle eg skrive?

Hugsar ikkje.


JO! Eg har ikkje fått sett på filmane frå klikkertrenarhelgene, heller. Dataen er rar for tida, og eg tør ikkje å setje i gong noko før den er i orden igjen.


Då var det ikkje meir...

1 kommentar: