mandag, januar 29, 2007

Fellestrening på Autstrått.

Var der klokka seks, og sidan det var så få i dag, gjekk me saman to og to. Eg blei med Hilde og Buffy.

Det var vanskelig å få kontakt i dag, for på den eine sida hadde dei pipeleker, og på den andre sida ropte dei BRAAAAAA! Ayla var meir interessert i alt anna enn meg, og ho har lov til å ha slike dagar. :-)

Då alle dei andre var dratt, sette eg på langlina og trente litt kjappe neddekkar med ball som belønning. Då var fokuset og konsentrasjonen der, ja!

Ho var elles gullgod, og då me kom heim, fekk ho og Joey herje litt inne. Det var litt for å sjå kor langt Joey fekk gå i å ri på henne, og litt for at dei skulle få kose seg ei stund. Me treng ikkje bekymre oss endå for at han skal få til noko, for ho stod ikkje i ro lenge nok.

Neste mandag skal me ikkje på trening, for då skal me til HD-røntgen med Ayla. Neste mandag etter det igjen, DÅ må me ha litt struktur på treninga, trur eg. Eg må bestemme meg på førehand kva eg skal trene på, kva kriteriene skal vera, og korleis me skal nå målet for kvelden.

F.eks hvis eg skal trene på dekk, så skal ho ikkje ha klikk hvis ho ikkje er heilt nedi bakken med mage, albuar og rumpe. Eller hvis rumpa går først nedi bakken og så legg ho seg. Då får ho heller ikkje.

Dersom eg skal trene på fri ved foten og holdtar, MÅ ho sette seg rett, og ikkje på skrå eller bak eller foran meg.

Eg MÅ sette slike krav til meg sjølv om struktur, ellers blir det bare rot. Og det kan me jo ikkje ha! :-)

3 kommentarer:

  1. Det blir spennande å få vite resultatet på HD-røntgen. Eg skal krysse alt for at hu ikkje har det. =)

    SvarSlett
  2. Du verden som jeg har kost meg her! :-) Du skriver jo bare SÅ levende og morsomt!
    (Og nå når jeg har skrytt litt, tilgir du meg vel "BRAAAA'ene" som Centa fikk da hun var så veldig flink! ;-)
    Vi var forresten på Siddis-lydighets-trening i kveld, med besøk av Helen og Thule. Det gikk kjempefint - og Kira gikk fot som hun aldri skulle ha gjort annet mens Thule skulle "lære å tåle henne". ;) KNALLGØY!
    Lykke til med røntgingen neste mandag!
    hilsen Kira & Ellen Beate
    http://www.123hjemmeside.dk/Kirasnuppa

    SvarSlett
  3. Hey, nytt besøk, jo! :-)

    Så koselig!!

    Kan skjønne BRAAAAene er tilgitt! Eg faller for smiger, vettu ;-)

    Neida, bare greit med forstyrrelsar, så får me nåke meir å trene på. :-)

    Var inne på Kira si side og Ayla insisterte på at eg måtte legge igjen ei helsing fra henne, så eg gjorde det. Kjempefine sider, og eg ser fram til å lese fortsettelsen om Scott!


    Godt det gjekk bra med Thule!

    Sjåast om to veker igjen!

    SvarSlett