fredag, november 02, 2007

Bør eg ta eit hint?

Eg skal køyre nedover til Grimstad i dag, for i morgon skal eg på Tag Teach seminar! Gleder meg heilt vanvittig, men begynner å lure på om eg egentlig BØR dra.

I går kveld skifta Vetle dekk på bilen. Han skulle også skifte lyspærer, men hadde visst bare ei pære. Derfor har eg nå to ulike pærer, ei gul og ei kvit. Jippi.

I dag morges, då eg skulle ut med hundane, såg eg at det var frost på bilen, og ville starte den på forhånd så den var varm og defrosta til eg skulle køyre på arbeid. Det var litt enklare sagt enn gjort, for eg fant ikkje nøklane. Ikkje uvanleg til å vera meg, men eg ante vel at det kan hende ikkje var meg som var rotekoppen denne gong. Ringte til Vetle, og joda, han hadde nøklane mine i jakken sin. Han skulle komme med ein gong.

På resten av lufteturen skjønte endelig Ayla at "TÅ" når ho går ved sida av meg er det same som "TÅ" når eg går baklengs og ho går etter meg. I dag kunne eg veksle mellom TÅ, SITT, LEGG DEG, og ho valgte rett kvar gong! :-) Ho stopper heller ikkje opp av seg sjølv så mykje lenger når me går FVF. Eg har lenge strevd med tankar om at eg gjer noko feil, sidan ho nektar å skjøne kva TÅ betyr, og Kathy Sdao sine ord har kverna om og om og om igjen inni hovudet mitt, om at det å legge på signal er kjedelig arbeid, og at det må gjerast nøye. Derfor har eg tenkt at slikt ligger ikkje for meg, men eg prøver meg likevel, og plutselig i dag datt det altså på plass hos Ayla til tross for min inkompetens! Juhu!!

Vel, Vetle kom då heim omsider, og eg stressa ikkje over at eg blei for sein. Det har ingenting for seg, for nøklane kom ikkje fram fortare om eg stod og irriterte meg/stressa/banna/steika/hylskreik. Rett før eg skulle sette meg inn i bilen, kom eg på at eg skulle bare sjekke at eg hadde korthaldaren med meg (ALT ligg inni den), og leita gjennom veska. Fann den ikkje.
Vetle blei med inn for å leite, utan hell.
Kom ut i bilen igjen, leita gjennom veska EIN gong til, og der låg den. I ei anna lomme enn den vanlege.
Så kunne eg køyre.
Ca 500 meter, før ruta dogga sånn at eg måtte stoppe for å tørke den.
Vetle køyrde jo bak meg, og brått, som tatt ut av lufta, stod han ved vinduet mitt og lurte på kva som var gale. Eg skvatt sånn at eg nesten begynte å grine! Han lo jo, som vanlig, og fekk konstatert at eg framleis var i live. ;-)

2 km seinare skulle eg rulle ned vinduet. Då datt sveiva av! Eg sat plutselig med den dingsen i handa! Blinka inn til sida, og Vetle gjorde det same. Han fekk satt den på igjen, og så kunne eg endeleg køyre til jobb. Eg kom 20 minutter for seint.

Hadde eg ikkje visst betre, ville eg sagt at det var fredag den trettende i dag, eller at NOKO prøver å fortelje meg at eg ikkje bør køyre i dag.
Det vil vise seg på slutten av helga, vil eg tru...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar