mandag, november 05, 2007

Tag Teach seminar i Grimstad.


Turen ned gjekk heilt fint. Ingen dekk datt av, og eg fekk ingen bøter.

Klokka var rett over sju då eg kom fram til Siv. Tilfeldighetene ville det slik at ho akkurat skulle ned på togstasjonen for å hente Therese og Tone, så eg parkerte bilen og blei med ned.
Det blei lasagne til middag, og me sat ved bordet leeeenge og prata. :-) Det blei litt seint før me fekk lagt oss, for dagen skulle starte grytidlig på lørdag. I alle fall for dei tre andre. :-P



----------------



Eg hadde med meg splitter ny digital lydopptaker, og tok derfor ikkje eitt einaste notat. Derfor blir det bare stikkord inntil eg har fått høyrt gjennom igjen.

Theresa gjekk gjennom filosofien bak tagteach. Det er som med klikkertrening, så ikkje så mykje nytt akkurat der. MEN!!! I tagteach kan ein faktisk vise eleven kva ein meiner, snakke med eleven for å spørje om dei treng fleire repetisjonar på eit spesifikt tagpunkt, me kan fysisk plassere eleven slik tagpunktet er, me kan vise sjølv kva me er ute etter, og eleven trenger ikkje belønning etter kvart tag(klikk). For voksne er det belønning i seg sjølv å få følelsen av å mestre, eller følelsen av suksess. Sjølv om tag'en berre er ein lyd, kjennes det deilig å høyre det, og musklane husker utrulig godt kva dei gjorde då tag'en kom.

Eit tagpunkt skal vera kort og konsist. Helst inntil ti ord. Det skal ikkje innehalde EG, DU, OG. Det skal vera nøytralt, men positivt.

Eksempel.
Eleven er ein mann som ikkje klarer å halde handa vekk frå godbitlomma før han klikker for at hunden setter seg. Han gløymer det ut heile tida, og handa i lomma blir dermed eit signal for hunden om at den skal setje seg.
Eg seier til mannen: Tagpunktet er: hold håndflatene inntil låret.
Kvar gong mannen gjer det, tag'er eg han for det.

Han får det likevel ikkje til. Det er for vanskelig.

Eg tar vekk hunden, så får han stå der og late som om han klikker for at hunden setter seg.
Eg gjentar for han at tagpunktet er: hold håndflatene inntil låret.
Han klarer då fem tag etter kvarandre, og eg ber han hente hunden igjen.
Eg gir han same tagpunkt, for nå har situasjonen endra seg, og han er derfor ikkje klar for noko vanskeligare endå.

Han held nå armen roleg ved sida av seg, med håndflatene inntil låret, og får ein hund som er meir fokusert på augekontakten enn på kor handa er.

Etterkvart vil eg tagge mannen for at han byter på kva lomme han henter godbiten frå, og då treng han ikkje lenger tag for å halda handa vekke frå godbitlomma.

I denne situasjonen er det å lukkas den største belønninga for mannen. Han treng ikkje nødvendigvis sjokolade eller anna materiell belønning.

Eg trur at når det gjeld tagging i ein situasjon der personen ønsker å mestre noko, er det belønning nok å lukkas.

Dersom det er adferd som skal endras, trur eg at andre forsterkerar må til. Eg har f.eks bestemt meg for noko å tagge for. Og kjenner at det er ikkje nok for meg å mestre. Derfor har eg sagt til meg sjølv at når eg har 30 tags, kan eg ta eit glas SoloLett til frokost dagen etterpå. Vanligvis drikk eg vatn til frokosten, så dette vil vera ein stoooor forsterkar for meg.

Vel, tilbake til seminaret.


Eg traff endelig Kari-Anne! Juhu!! Kjempekoselig!!
Traff også Hedvig fra trenerutdanningen i fjor! Også kjempekoselig!!


Lørdagskvelden blei det taco med lefser, og kjedelig nok blei eg mett etter bare to! Det var liksom over så fort! :-/ Men deeeeilig mat, og me køya klokka ti. Siv, stakkars, begynte å gjespe allerede klokka halv ni... :-)

Søndagen var det ein god del mindre teori, og når eg tenker meg om, husker eg ikkje så mykje av akkurat det sånn her og nå. Men eg og Hedvig gjekk saman i gruppearbeid, og endte opp med ein danserutine som eg fekk baklengskjede på henne. Det funka faktisk! Må prøve det på Silje og Elisabeth!



Diplomutdeling og avslutting og halv fem sat eg i bilen og fant ikkje ned til motorveien sjølv om eg brukte gps. Dei jæskla sørlendingane skilter jo så dårleg!! For det har i allefall INGENTING med dårlege orienteringsevner hos sjåføren å gjera! Nehei!

Forresten, i går då eg køyrde heimover, sat eg og irriterte meg over sneglesjåførar. Eg banna og steika over at eg aldri fekk med meg når midtlinja i vegen fortelde meg at eg kunne køyre forbi. Vetle har nemlig lært meg at når den stipla linja i midten ser ut som på dette nydelige bildet eg har lagt heilt åleine, betyr det at om eg ikkje ser bilar lenger framme (eller lyktelys når det er mørkt), er det tryg og oversiktlig å køyre forbi.
Fleire gonger gjekk eg glipp av sjansar til å køyre forbi, og banna og steika like godt kvar gong.

Så slo lynet ned i hovudet mitt, og eg kom på kor eg nettopp hadde vore. Eg begynte med å seie: "Tagpunktet er: Følg med på den stipla linja". Eg sat jo ikkje med klikker i bilen, og så lenge me ikkje skulle klikke for noko, skulle me heller bruke -fokuseringspunkt- og tagulatoren. Det gjekk ikkje lange tida før eg raaaaste forbi og la merke til endringar i den stipla linja heile tida! :-) Juhu!!
















Siv, Elin og Eva ser ut som om dei har det kjempekjekt!!






SÅ lenge varte DET..







Hedvig har augene igjen, og og skal komme seg forbi hindringane ved hjelp av vel formulerte tagpunkt.







Cecilie har fått bind for augene og blir lært opp som blind til å stoppe opp når ho dulter borti ting.












Siv ønsker å lære å slå hjul, men er redd for å tippe over. Her står ho og får tagpunkt frå Theresa.

4 kommentarer:

  1. Hei!
    Takk for fint selskap i helgen! Tacomixen din var genial, den skal jeg pøve her hjemme også :) Dessuten syntes jeg du var flink til å stille bra spørsmål til læreren i helgen!
    Hilsen fra Tone som sitter med obligasjonsrettsboken, focus points og brownies ;)

    SvarSlett
  2. Henger meg på Tone, du er virkelig flink til å stille gode spørsmål. Godt det finnes noen som tør å åpne munnen i slike forsamlinger! :-)

    Det ble en laaaaang tur hjem. Gud, så trøtt jeg var på siste halvdel av kjøreturen! Skikkelig slitsomt å kjøre i mørten etter å ha brukt opp mye konsentrasjon før på dagen. Men hadde heldigvis godt selskap i bilen inntil siste timen hjem, da :-)

    SvarSlett
  3. Jeg sitter her og klarer ikke å huske ett eneste spørsmål jeg stilte... Er fullstendig blåst i hodet i dag, selv om jeg sov fra halv tolv i går kveld til åtte i dag morges!

    Jeg for min del slet veldig fra Grimstad til Kristiansand, og fikk meg virkelig et par stygge nesten-utforkjøringer. Jeg var aldeles ikke klar over at jeg var så trøtt, men etter at jeg stoppet på en bensinstasjon og fikk lagd meg noe mer te, kom det seg veldig.
    Farlige greier, det der...

    SvarSlett
  4. Hehe.. Stakars samboer.. Bra du ikke kjørte av veien, ble skremt da jeg leste meldingen din!
    Du treffer sikkert Spike en eller annen gang.. Han er jo en bereist fyr, man vet aldri hvor han dukker opp... De jeg sov over hos på søndag ble forresten dritskuffet over at Spike ikke var med. Nesten så jeg ikke fikk sove der likevel...

    SvarSlett