onsdag, februar 27, 2008

Norske Talenter

Her er sonen til svogeren min på audition i Kristiansand til Norske Talenter.
Dessverre nådde han ikkje vidare, men EG syns han er kjempeflink!
Det er 1125 Marcus på flowstick


http://webtv.tv2.no/sumo/?treeId=3330682

tirsdag, februar 26, 2008

Tur i ruskevær.

Ingredienser:
1 Rottweiler
1 sele
1 flexibånd
1 Bergansbukse, type Breheimen 2
1 Bergansjakke, type Breheimen 2
1 termobukse
1 termojakke
1 fjellhue
1 mp3-spelar
kamera
Regn
Masse vind
Resultat:














Ayla er ein drøm å ha med seg på tur! Ho spring laus, og stopper kvar femte meter for å sjå kor eg er. Dersom eg har stoppa opp for å ta bilde eller snu meg vekk fra dei verste vindrøysene, kjem ho og dultar borti handa mi. Ho går og snuser litt, og viser med absolutt heile seg at ho storkoser seg kvart einaste sekund!

Dersom stien blir smal eller det er vanskelig å gå, tyr ho til meg, enten ved å gå bak meg, eller sjå kor eg går. Og eg kan sverge på at ho smiler på heile turen! Eg snakker berre med henne når ho går like ved sida av meg. Ellers er eg taus og lar henne få oppgava med å sørge for at me ikkje kjem for langt frå kvarandre.

På desse turane våre, kjennes det ut som eg kan gå i vekesvis, om eg bare kan få gå i lag med Ayla. Sjølv om det regner og blåser og er kaldt.

Då tenker eg over kor heldig eg er som har henne. På godt og vondt.
Meir godt enn vondt nå for tida.

Meir godt enn vondt...

mandag, februar 25, 2008

Hundeeierskolen Modul 2

Tradisjonen tru var været skikkelig dårlig fredagen då eg skulle køyre oppover. Eg drog derfor frå jobb litt tidlegare enn planlagt. Denne helga skulle me bu på motell, til 575 kroner natta, og då klokka var halv sju, trilla me inn på parkeringsplassen.

Rommet var reint og varmt og koseleg, og allslags kanalar på fjernsynet. Me blei ikkje der lenge, men heiv oss i bilen og køyrde til Lagunen for litt intens kveldsshopping.

Då me kom tilbake igjen, lagde eg meg litt middag, og så fekk Ayla kveldsturen sin før me la oss for natta. Det smalt i ei dør på eit tidspunkt, og då kom det EITT boff, ellers var det litt smålydar frå henne i løpet av natta. Nok til at eg ikkje sov så all verdens godt, men ikkje så aller verst likevel.

Lørdags morgon hadde Ayla fått løpetid. Jippi.
Me kom oss avgårde i rimelig tid, og ankom Fana så eg rakk og lufte henne litt.

Teorien denne helga var reprise for min del, men praksisen var kjekkare enn forrige helg! Me delte oss opp i tre grupper, der eg havna på gruppe med (la meg sjå om eg har lært nokre namn denne helga: Britt (portugisisk vannhund Zelante) , Marianne (3 BC), Mette (weimaraner og BC) og Mette (staffordshire terrier), Nina (cocker spaniel), Marita (shetland sheepdog), og Therese (cocker spaniel).

Første praksis trente me på apport (hatøvelse nummer ein) og lineføring.
Me må skrive kriterieplan og treningslogg (blæh), og kunne alle øvelsane til klasse ein for å bli vurdert til instruktørdelen. Eg er altså nødt til å gjere det. Usj...
Andre praksis trente eg vidare på apporten og brukte bl.a avstandsbelønning for å hindre tygging på apporten. Det eg oppdaga då, var at då Ayla hadde kome inn i utgongsstilling med apporten, eg hadde tatt i mot og sagt VÆRSÅGOD, så heiv ho seg mot belønninga med ein gong, men så sette ho seg ned halvveis bort.

Eg forsøkte å finne ut kvifor med å justere avstanden til belønninga, kroppspråket mitt, avstanden til MEG, heilt til Maj-Brit fant ut at det var S i værSågod som gjorde at ho sette seg. Når eg sa VÆRTEGOD, sprang ho rett bort og forsynte seg slik ho skulle. Eg trur eg må finne eit anna ord enn værtegod også, for når eg vil ho skal halde seg i ro ein plass, seier eg VÆR DER. På tur og sånt seier eg MÅ DU GÅ når ho får snuse langs vegkanten. Trur kan hende eg skal bruke det signalet, eg.

På kvelden var eg heilt gåen, og valde å trekke meg tilbake til motellrommet etter å ha lufta Ayla godt. Me hadde i heimelekse å skrive kriterieplan for fem seks øvelsar, og slikt tar jo tid... Midt i apportplanen sovna eg i ein halvtime. :-)

Då eg vakna, måtte eg ha meg litt mat, lufte Ayla, rydde litt av tinga ut i bilen, og så skreiv eg resten av kriterieplanane før eg slepte meg til sengs.

Søndagen kom plutselig og uventa klokka halv åtte, og eg hadde hatt ei heil natt uten eit knyst fra vakthunden på golvet! Heilt fantastisk strålande!

Første praksis på søndagen fekk eg trent på at Ayla sat ved sida av meg mens ei komplett framand dame kom bort til oss. Ayla satt dønn i ro for aller første gong! Tidlegare har ho ALLTID reist seg når me har trent på dette, så eg var kjempefornøyd med den delen!
Ellers trente me litt på stå under marsj, innkalling, og stå og bli.

Eg merka at eg slappa heilt av i forhold til folk som kom bort til oss, eller folk som gjekk forbi - både med og uten hund, og det var deilig å kjenne på!

Britt har skrevet dette i sin blogg: "Denne gangen studerte jeg Ayla (litt i hemmelighet....) Jeg sa det til Kari Anne på kurset, og jeg skriver det her. Jeg er SKIKKELIG imponert over hva hun har fått til. Ayla hadde løpetid på kurset, og alle som har hatt eller har tisper, vet at det ikke alltid er beste tiden for ei tispe. Men, så langt jeg kunne se, så oppførte Ayla seg eksemplarisk hele helga. Dersom jeg ikke hadde lest i bloggen til Kari Anne om problemene hun har hatt med Ayla, hadde jeg aldri gjettet at hun har hatt så store problem. Jeg tar virkelig av meg hatten for deg Kari Anne, du har gjort en kjempejobb!!"

Eg fekk klump i halsen då eg las det... Tusen takk for den kommentaren, Britt! :-) Og tusen takk for bildene! :-)

Eg studerte Britt og Zelante også, og innrømmer gjerne at eg syns det ser herlig ut å ha ein så sosial og kjekk kvalp! Og det var tydelig forskjell på koss Ayla var på den alderen og slik Zelante oppførte seg når det kom folk. Zelante hadde ikkje dei signala Ayla hadde, og eg undra meg om det går an å sjå det FØR adferdsproblemene dukker opp.. Eit par av kvalpane på kurset viser same teikn som Ayla gjorde, og det blir spanande å følge med utviklinga i løpet av året. Sjå forskjellen på slik Zelante "angriper" verden, og slik dei meir forsiktige kvalpane utvikler seg.

Ein annan tradisjon som også ser ut til å halde seg ved lag, er "siste kursdagsforbannelsen".
Etter endt kurs ba eg ein av dei to mannfolka på kurset om å hjelpe meg med litt tannvisning NESTE helg. Eg høyrde meg sjølv sei at han kunne jo helse på henne med ein gong, sidan han jo er rottweilermann, og klikkertrener og tydeligvis kan sakene sine.
Ayla kom ut av bilen, og busta kom opp. Ho var vaktsom og ville halde eit auge med han heile tida, og eg burde berre latt henne gå på do og så latt henne gå inn i bilen igjen. Men gjorde eg det? Nope. Eg begynte å gå bortover banen med Jorulf (han mannen), og klarte til slutt å få Ayla til å bjeffe på han. Jadda... Flinke Kari Anne. Takk og fankens pris for at han trener IPO og reagerer med FRYSposisjon ved bjeffing! At eg aldri lærer!

Eg må trene på menn. Eg må trene på at menn sit på huk og reiser seg igjen.

På veg heim tenkte eg at alt ville vore så mykje enklare om eg hadde valgt å avlive. Då hadde eg ikkje trengt å lære så mykje om adferd. Eg kunne konsentrert meg om lydighetsting og triks og sånne kjekke ting. Me kunne dratt på besøk til kven som helst, kor som helst, ho kunne vore med over alt.
Så sjølv om det stort sett går godt med oss, så har eg framleis nedturar.
MEN... dei blir færre og går fortare over.

torsdag, februar 21, 2008

Ting skjer..

Då har eg jammenmeg fått ny jobb..

Skumle greier, faktisk, når ein har hatt same jobben i nesten fem år.
Ein ny plass, nye folk, nye oppgaver, ny vei til jobb, fleksitid, 30 kroner meir i timen ( det er himla masse, det!), opp tidligare, heim seinare, UÆÆÆÆÆÆ!!!!!!!!!!!

tirsdag, februar 19, 2008

mandag, februar 18, 2008

Ayla eter ikkje opp kvalpar!! :-)

Ayla har ikkje halta på ei veke nå, så me tok sjansen på mandagstrening i kveld.
Fem frammøtte,, mildt og greit, og mange forbipasserande folk både med og uten hundar.

I kveld fekk me trent på stå under baklengs marsj (med signal), sitt og bli, dekk og bli, fri ved foten (med luktflekker som belønning), og alt mens folk gjekk forbi ganske nært oss. Ho ville til og med leike sjølv om enkeltpersonar rusla forbi like ved.
Me hadde dessutan ein særdeles vellykka tannvisning, noko me ikkje har trent på på veldig lenge!

Heilt til slutt kom det ei herleg 4,5 mnd gamal kongepuddelkvalp gåande forbi, og det viste seg at dei har vore på kurs med Fokus Hundeskole! Ellen Beate og eg fekk muligens lokka dei til å komme neste mandag! :-) Håper dei kjem!

Etter at EB hadde køyrt ville eigaren til Tussi helse på Ayla. Dei stod litt nærme, så då Ayla kom ut av bilen, blei det litt buldring før dei fekk helse skikkelig. Eg slapp bandet (modige meg), og gjekk litt vekk. Alt gjekk gullfint, og Tussi si matmor tok alt med stoisk ro. Eg blei jo heilt forelska i denne litle kvalpen, og varm om hjerterota då eg såg at Ayla ikkje eter opp kvalpar. Ho oppfører seg gullfint, faktisk! Joda, ho fortelte Tussi kor skapet skulle stå då Tussi hoppa opp i ansiktet på Ayla mens Ayla fekk godbitar, men det var heilt tydeleg at Tussi skjønte kva ho blei satt på plass for, og at det var heilt greit for den litle. Det var bare prating. Dei leika og koste seg, og Ayla kom med ein gong eg ropte. Skjønnasjentå mi!!!!

søndag, februar 17, 2008

Huff, for eit slit det er å gå tur med to hundar.

Me vågde oss på ein liten tur med begge to i dag. Og slik har eg det når eg går med begge to:




Ser det ikkje skrekkelig slitsom ut, vel? :-)

onsdag, februar 13, 2008

Oppdatering halting

Ingen forandring på haltinga til Ayla. Ho og Vetle var på ein roleg tur på mandag, det gjekk heilt fint. Ingen halting. Dagen etter forsøkte eg meg på litt "Fire føtter i boksen", og ein halvtime seinare stod ho ikkje på bakfoten.

Ein av dei har dessutan kasta opp to dager på rad mens me har vore på jobb. Joey spyr svææææært sjeldent, så eg rekner med at det er Ayla.

Me har derfor ikkje gitt medisiner i dag, og resultatet har vore null oppkast.

Ayla er så klar for å gjer NOKO at ho held på å klikke galen snart! Me også! Og Joey!

lørdag, februar 09, 2008

Om variabel forsterkning.

Eg sit her med frukosten, og havna innom eit program på NRK2 om hobbyfiskarar som ventar på den store laksen. Det er nokre svenske folk som dreg ut gong etter gong i håp om å få den største laksen nokonsinne til å bite på kroken. Om dei ikkje lukkas, tenkjer det at det vil skje neste gong.. Eller gongen etter der. I mellomtida får dei kan hende nokre småfisk som held motet oppe.

Då tenkjer eg på dei som står ved automatar og speler opp lønna si. Dei håper også på den store gevinsten dei VEIT må kome ein eller annan gong. I mellomtida får dei småvinstar som er med på å oppretthalde motet.

Nokre utviklar overtru. Kan hende det same hende like før gevinsten kom to gonger på rad. Kan hende dei stampa med foten på ein spesiell måte, eller at dei klødde seg på nasen.
Hobbyfiskaren brukte den eller den floga, kasta på ein spesiell måte, eller hadde på seg eit spesielt par vadebukser.

Både hobbyfiskaren og den automatavhengige er særdeles gode eksempel på kor uhyre kraftig effekt variabel forsterkning er.

Å trene problemhund er også eit prakteksempel på variabel forsterkning. Til og med når belønningane kjem med store mellomrom. Ein tar absolutt til takke med ørsmå framsteg, og når dei litt større kjem, er det det som driv ein vidare.
Eg merker at sjølv om eg har eit mål eg jobber mot, langt der framme, så er det ikkje det som direkte driver meg i mitt arbeid med Ayla. Det er dei små framstega. Dei som kjem i dag eller i morgen, eller neste veke.

torsdag, februar 07, 2008

Det gjeld å sjå det positive i det meste... (mhm.. jadda)

Det positive ved å sende Vetle med Ayla ned til veterinæren for å sjekke haltinga er at eg får rydda på kjøkken, for ellers går eg fra vettet av bekymring...

Ein positiv ting til er å få melding fra Vetle: "Hun fikk veldig skryt for å være flink her og oppfører seg bra mot legene. :-)"

Ellers er det ikkje mykje positivt å finne...


Oppdatering:
Melding fra Vetle: "Røntgen viste ikke noe galt. Trolig bare fått seg en dunk eller vært litt uheldig på tur. Ti dager med smertestillende og betenelsesdempende, og ikke så mye fysisk forstring.... Er det ikke noe endring da, blir det nytt bilde og så en liten prat om hva som skal gjøres. Virket ikke som om det var noen form for panikk eller underdrivelse fra dyrlegen. Håper det var gode nyheter for deg. Nå skal burugla bare våkne litt sånn at jeg slipper å slepe henne ut i bilen... Koz"

Det er i det minste i god tid til Hundeeierskolen, dah...

tirsdag, februar 05, 2008

Starten på fire føtter i isboks

Og her er starten på fire føtter i isboks. Eg bruker ei låg ildfast form som ikkje skal velte så lett. Til å begynne med prøver ho å legge snuten i hjørnet av forma. Dette kjem av at eg har klikka nokre gonger for at ho putter snuten inni kopp, i tilfelle eg nokon gong skal trenge å ha på henne munnbind.

Jepp, her i vårt første forsøk:

Uredigert video.

Ok, eg tar sjansen på å publisere video av korleis det ser ut når eg verkeleg lar Ayla jobbe for nokre skarve pølsebitar.


Lyset kom på! Og det var nokon heime!

Forrige innlegg skreiv eg før eg hadde tatt morgenluften i dag morges, og nå har eg jaggupinadø nyheter å komme med!

Ayla snurra!! Juhu og dobbelt juhu!! Skal filme i ettermiddag og legge ut. :-)


Slik gjekk det føre seg:

Eg skulle klikke for sitt i dag også, og skulle I ALLE FALL ikkje klikke for hodevridningar og rygging og anna tull. Men i dag skulle ho ikkje sitte, berre legge seg og rygge og vri og grynte.

Så rygga ho bakover i rett linje, før ho toucha graset på jordet og endte opp i ein snurr. Eg greide ikkje å la vera å klikke for den, og heller ikkje å la vera å fortsetje å klikke når ho tilbydde det same igjen. Denne gongen flytta eg meg vekk etter tre snurr, og for kvar snurr belønna eg med å hive godbiten i lufta så ho fekk fange den.


ME gjekk litt meir midt ut på plassen, og eg stod og venta henne ut. Risikosport av dei få, men det plar funke. Ho har ganske stor tålmodighet der, og gir ikkje opp sånn med ein gong. Kanskje fordi ho veit at før eller seinare klikker eg for NOKO. :-)


Så rygga ho tre steg bakover, skar ut med rumpa til sin venstre, før ho tok ein finfin snurr midt utpå plassen! Eg heiv godbiten så den trilla forbi henne i den retningen ho snurra, slik at ho kom i posisjon for ny sluttsnurr. (kreativ med orda her, ja :-)
Ho gjentok figuren ved sida av her, fire - fem gonger, og kvar gong heiv eg godbiten forbi henne. Eg la merke til at ho kom lenger og lenger vekk frå meg for kvar snurr, og det blei vanskeligare å levere godbiten skikkelig.
Eg bestemte meg for at ho måtte komme inn til meg for å få godbiten, og då kom jaggumeg snurrane som perler på snor! Me ga oss, og Ayla fekk springe på do ;-) Snill eigar, det skal eg ha: Jobbe først, så på do. ;-)
Eg stod og beundra den flinke Aylahunden, og kjente stoltheten svulme, og så gjekk det faktisk opp for meg at det jo var EG som hadde vore så flink! Ho er jo bare tålmodig, ho! Og sulten på godbitar!
Det var ein del av heimeleksa å skrive kriterieplan for dei øvelsane me skulle shape, men denne ser eg ikkje føre meg hadde vore mulig å skrive plan på. SÅ mange timar har ikkje mitt døger. Derfor trur eg at eg skal lese gjennom blogginnlegga og innlegget på Canis og forsøke å skrive ned ein treningslogg.
Ja, og GRATULERER MED DAGEN, SIV!!! :-) Hæppi børsdei tu ju! :-)

Skinnet kan bedra...

Me holdt oss heime fra trening i går, mandag, fordi Ayla har halta i to-tre dagar nå. Det vises best etter kvile, og det liker eg ikkje så godt. Derfor har ho heller ikkje fått tur, men me hadde oss ei lita økt borte ved lyktestolpen i går kveld. Eg hadde bestemt meg for å la snurren få kvile litt, og heller konsentrere meg om at ho skulle få tilby litt andre ting også.

Det kom 10-15 lynraske sittar, beine var dei også, og så plutseleg pilte ho to steg bakover og heiv seg rundt i verdens kulaste snurr! Eg hylte av glede etter klikket, og strødde rundt meg med godbitar og tenkte at nå hadde det løsna! Juhu, liksom...

Ho gjentok bragden sånn cirka to gonger til, og så forflytta eg meg. Dermed viste det seg at det ikkje var snurren ho hadde fått til, men "spring til det området og sjå på mor" .
At ho hadde snurra var ho ikkje bevisst på i det heile.

mandag, februar 04, 2008

Korleis legge inn video i bloggen. Til Elin og Siv

Først må du laste opp video til youtube. Det finnes ein forståelig forklaring på korleis på Youtube sine sider. Du må opprette brukar, og så er det bare å lese seg fra.
Anyway, i det feltet ved sida av videosnutten står det Embed og så ei lang remse med tilsynelatande tilfeldig valgte bokstavar. Kopier heile remsa.


På bloggen velger du å skrive nytt innlegg, heilt som vanlig.
Så velger du "Rediger HTML"

Her limer du inn den remsa du kopierte fra Youtube. Og så kan du publisere. :-) Easy peasy.

lørdag, februar 02, 2008

Kriterieplan..

Eg lurer på kvifor eg har så intens aversjon mot kriterieplan? Det er jo eit fantastisk hjelpemiddel, og likevel har eg IKKJE lyst til å skrive ein. Heller ikkje treningslogg.

Kan det vera pga adferdstreninga tar så lang tid frå før, at å skrive kriterieplan og treningslogg virker uoverkommelig?
Eller er det fordi eg då ikkje kan vera så kreativ som eg ønsker?

Eller er det rett og slett fordi det er vanskelig?