lørdag, februar 09, 2008

Om variabel forsterkning.

Eg sit her med frukosten, og havna innom eit program på NRK2 om hobbyfiskarar som ventar på den store laksen. Det er nokre svenske folk som dreg ut gong etter gong i håp om å få den største laksen nokonsinne til å bite på kroken. Om dei ikkje lukkas, tenkjer det at det vil skje neste gong.. Eller gongen etter der. I mellomtida får dei kan hende nokre småfisk som held motet oppe.

Då tenkjer eg på dei som står ved automatar og speler opp lønna si. Dei håper også på den store gevinsten dei VEIT må kome ein eller annan gong. I mellomtida får dei småvinstar som er med på å oppretthalde motet.

Nokre utviklar overtru. Kan hende det same hende like før gevinsten kom to gonger på rad. Kan hende dei stampa med foten på ein spesiell måte, eller at dei klødde seg på nasen.
Hobbyfiskaren brukte den eller den floga, kasta på ein spesiell måte, eller hadde på seg eit spesielt par vadebukser.

Både hobbyfiskaren og den automatavhengige er særdeles gode eksempel på kor uhyre kraftig effekt variabel forsterkning er.

Å trene problemhund er også eit prakteksempel på variabel forsterkning. Til og med når belønningane kjem med store mellomrom. Ein tar absolutt til takke med ørsmå framsteg, og når dei litt større kjem, er det det som driv ein vidare.
Eg merker at sjølv om eg har eit mål eg jobber mot, langt der framme, så er det ikkje det som direkte driver meg i mitt arbeid med Ayla. Det er dei små framstega. Dei som kjem i dag eller i morgen, eller neste veke.

1 kommentar: