torsdag, september 25, 2008

Målbare framsteg

Tok med meg Ayla og den nye Ipoden min på tur i går, og håpte å treffe folk og hundar som me kunne trene oss forbi.


Det gjorde me. Haugevis (her betyr det ca 10-12) med folk var ute og gjekk tur i finværet, og ca halvveis såg eg at der kom to damer. Eg holdt meg til mi venstre side, sånn at Ayla skulle ha meg som buffer mellom dei to som kom imot. Eg kikka ikkje opp, men registrerte at dei gjekk VELDIG insisterande på si høgre side, altså same sida som eg forsøkte å halde meg til. Eg kikka ned på Ayla og såg at ho stressa litt. Ipoden stod på ganske så høgt, og musikken i seg sjølv hjalp nok til å halde meg forholdsvis roleg.


I sidesynet merka eg at dei to damene hadde stoppa opp og hadde kroppsholdningar som om dei skulle spørje meg om noko, så eg tok pluggen ut or eine øyret og kikka opp. Det var ein tidlegare kollega og mor hennar som stod der og smilte av hjertens lyst!
Eg har ikkje sett henne på nesten eit halvt år, og kvar gong Ayla har truffe henne på tur, har ho bjeffa på henne.


Busta stod opp, slik den gjorde i helga, men av ein eller annan grunn sendte eg likevel Ayla bort for å helse - samtidig som eg sa til ekskollegaen min at ho ikkje måtte bøye seg ned og klappe. Ayla forsiktiga (nytt ord for anledningen) seg bort, og eg skrøyta og kalte henne tilbake. Ho skunda seg til meg igjen, og der stod ho og fekk pølser mens eg snakka med dei to som hadde stansa.


Mens me stod slik, passerte ein del folk, og så kom det eit par med ein spaniel. Eg advarte dei to eg snakka med om at nå kom der til å komme lyd, men det gjorde ikkje det. Ho snudde seg etter den andre hunden då den hadde passert, men uten lyd. Folka slo til og med ein spøk som eg på mirakuløst vis klarte å parere med noko dei også flirte av :-)


Då me skulle sei hadet, gjekk Ayla sjølv bort og ville ha kos av ekskollegaen min :-)


Vidare på turen traff me ei laus flat tispe - her slapp eg båndet, for me trente på "dekk og et godbitar mens folka og hunden passerer" då den andre kom bort til oss. Eigaren hennar kom og skulle ta tak i hunden sin, og eg fekk heilt hetta då ho bøyde seg over meg og Ayla. Då slapp eg som sagt berre bandet og gjekk vekk. Ayla lagde lyd mens ho sjekka ut den andre, og då eg hadde gått fem-seks meter vekk, kom ho spurtande etter meg. :-D


Me traff spanielen igjen på veg heim, ingen lyd denne gongen heller, og då me var vel heime, var det blitt mørkt og både eg og Ayla var veldig veldig veldig fornøydde.



Minst eitt par av dei passeringane me gjorde ville gått gale for eit år sidan, og denne kvelden gjekk alt heilt perfekt!

2 kommentarer:

  1. looky looky, igjen framgong..
    Kanonflott!!!

    SvarSlett
  2. Flinkeste dere! Der ser du, det går så bra, så!
    Høres ut som en koselig og vellykket tur! Kos på gulljenten fra meg - det blir så lenge til jeg ser henne nå!
    klem fra meg.

    SvarSlett