søndag, juli 19, 2009

To dagar utan Joey.

To dagar utan Joey, og det kjennes veldig veldig rart. På lufteturar med Ayla tar me oss i å snu oss for å sjå om han kjem snart. Her heime ventar eg at han skal kome etter meg når eg går inn i eit anna rom, og eg ventar å sjå han sovande i stolen. Snorkande. Drøymande. Og det er veldig uvant å prate med normal stemme når me skal ut og lufte. Ayla ser ut til å merke at ho er åleine, men eg ser ikkje det saknet som Joey viste etter at Tinka døydde.  Eg håpar det vil forsetje slik.

Dei siste to nettene sov eg på gjesterommet med hundane. Dei fekk sove i senga med meg, og Joey likte alltid å krølle seg saman med ryggen inntil magen min. Eg sov nesten ikkje den siste natta, og kvar gong eg vakna, tenkte eg at eg kunne sove seinare, for eg hadde berre desse få dyrebare timane med han. Heile torsdagen var eg ikkje vekke frå han anna enn når eg var på badet. Ellers sat eg ved sida av stolen og koste med han. Han fekk massevis med godbitar, og til kvelds fekk han nesten ein heil kyllingkjøttdeig i maten. Han slukte det! 

Dei siste dagane blei han dårligare og dårligare. Han ville ikkje gå bort til lyktestolpen lenger, og han hosta oftare. Nå i ettertid ser eg at han faktisk kunne fått sleppe endå tidlegare enn han gjorde, for det gjekk verkeleg fort nå den siste tida. 

Fredag tilbrakte me store deler av morgonen og føremiddagen ute på plenen. Han var så glad i det, så då fekk han ligge med snuta i veret og ta inn inntrykk slik han elska å gjere. Olaug hadde fått tilbud om å vera med til dyrlegen, og det hadde ho takka ja til. Ho var her i god tid før me måtte dra, så ho fekk tatt nokre nydelege bilder av han og oss.

Då det var tida for å dra, og eg løfta han inn i bilburet, knakk eg saman. Dette var siste gongen labbane hans skulle røre bakken her heime. Siste turen i bilen. Siste gongen han var i bilen, siste gongen alt. Eg syns Vetle køyrde altfor fort herifrå, men eg fekk ikkje sagt det, for eg grein sånn.
Omtrent halvveis ned dit, klarte eg å ta meg saman, og då me kom fram, gjekk eg inn og fekk ordna med valg av urne og betaling og sånt utan å begynne å grine. Me var litt tidleg ute, så han fekk seg ein liten luftetur før me gjekk inn. Denne lufteturen varte ikkje meir enn 7-8 minutter, men han blei andpusten av det. Han fekk i det minste annonsert at han hadde vore der :-)

Vel inne på undersøkelsesrommet var han heilt roleg. Den første sovesprøyta blei satt i nakken, som ei vaksinesprøte. Det tok litt tid før den virka, og i mellomtida fekk me snakka litt med veterinæren som sat med oss stort sett heile tida. Eg fortelde at eg hadde vore bekymra for at ho ville føreslå medisinering og livsforlengande tiltak. Ho svarte at ho kjente oss jo, og visste kva me stod for, og stolte på at når me hadde kome til den konklusjonen at han skulle få sleppe, så visste me kva me snakka om. Eg sa vidare at eg var redd for å seie i ettertid at me gjorde det for seint, og ho syns altfor få gjorde det tidleg nok. 

Då den første sprøyta begynte å virke, la Joey hovudet sitt i fanget mitt. Pusten var veldig grunn, og eg frykta nesten at han skulle dø før den siste sprøyta blei satt. 

Det heile gjekk fort, fredelig og verdig for seg, og det einaste som "bøgga" meg, var at etter all grininga var nasen min for tett til at eg fekk snust inn lukta hans ein siste gong før me skildes for godt. 

Tankane har vore hjå Joey stort sett heile tida etterpå, men det har vore lettare enn eg hadde frykta. Det seier meg at tida var rett. Eg merker også at ting vil bli enklare nå. På alle vis. Vetle er ikkje lenger så bunden heime når eg og Ayla er ute på noko, og dersom Vetle og eg skal noko, ER det jo unektelig enklare å ta med ein hund som elskar bilburet. I ferien, etter at eg har vore på brukshundkurs i august, skal me ta turen til Sverige! Det var heilt utenkeleg med Joey, sidan han mislikte så sterkt å opphalde seg i bilen. 

Men det er tomt her heime. Stille. Han var den aller første hunden eg hadde på eigahand, og han kom inn i livet mitt året etter at eg hadde opplevd noko ufattelig vondt. Me har vore i lag i over tretten år, og det kjennes som ein æra er over. Han har liksom alltid vore der, og nå er han der ikkje lenger. Aldri meir. 

I skrivande stund har eg bestemt meg for at Ayla skal få vera åleine ei stund. Eg trudde eg ville ha kvalp ganske snart, men akkurat no kjennes det meir rett å la henne få all tida vår ei stund framover. Jepp, det er planen. Enn så lenge... 




Bildet er tatt for fire år sidan. Eg kan ikkje hugse sist eg såg Joey så rett i ryggen. Ayla er her 3-4 mnd gammal.

Joey som makulator. Hans favorittsyssel. Han fekk kose seg med ei heil avis torsdagskvelden.
Dei neste bildene blei tatt på fredag.  





Nydelege Joey!

1 kommentar: