mandag, november 02, 2009

Problemløysarkurs i regi av Troll Hundeskole. Del 1


Ja, me har altså vore på kurs hos Anne Lill Kvam på Troll Hundeskole i Kongsberg i helga. 

Denne helga tok me føre oss Problemløsing og Atferdsfordypning. Me var fem deltakarar med diverse utfordringar å bryne oss på: Frykt for mennesker (det viste seg å gjelde fleire enn Ayla, i allefall stor skepsis, om ikkje frykt), hund-hund problemer, og stress.

Me kom fram til Kongsberg torsdag kveld etter 7,5 timar og 41 mil, inkludert seks stopp. Då var hytta varma opp og det var verkeleg innbydande og koseleg å slå seg til ro for kvelden.
Som seg hør og bør sov me elendig, begge to den første natta, men var oppe til rimeleg tid. Ayla hadde jo vore her før, så ho virka kul og kjekk og tok livet med rottweilersk ro. Etter ein aaaaaldri så liten sjåppetur i sentrum lufta me Ayla ved schæferhundklubben sitt fantastiske område før me styrte mot hytta igjen.

Teorikvelden begynte klokka seks fredag, og me var altså fem hundar. Denne første teoribolken gjekk me gjennom dei dempande signalene, korleis hundar lærer, kommunikasjon, trening og læring.
Her var det lite nytt for meg, men om eg ikkje hadde lest hundre bøker frå før, ville eg utvilsomt fått mykje ny input av denne kvelden.  

Lørdagen starta me klokka ti med teori om hundar sitt følelsesliv, og korleis det er heilt likt vårt.
Me snakka om at etter sterke opplevingar går hjernen litt i dvale, og hunden klarer ikkje å tenke fornuftig. I slike tilfelle kan me ikkje forvente særleg store prestasjonar. Eg tenkte på Ayla, og korleis ho pleier å bli etter eit stort utfall. Og ho blir nettopp slik. Ein skulle tru me aldri har trent på noko som helst, og ho blir liksom litt teit, for å sei det mildt. Det kan ta litt tid før ho kopler på nett igjen, men har utfallet vore av det mindre slaget, blir ho aldri slik.

Vidare beit eg meg merke i kor viktig det er at den første gongen hunden blir satt i ein situasjon, at det blir rett og positivt og ikkje noko tull.
Eks: Hunden lærer å sitte feil første gongen, men me klarer å rette det opp igjen og lærer hunden å sitte korrekt. Så oppstår ein stressa situasjon, og då vil hunden gå tilbake til korleis den utførte sitten første gongen.
Eit eksempel til: Når eg held kvalpekurs, er eg ved Austrått barneskule i Sandnes. Dit kan eg køyre  på to måtar. Den eg plar køyre, har eg brukt i mange år. Men så var det nokon som fortelde meg at om eg køyrer forbi mi sedvanlige avkøyring og ikkje køyrer av før om to avkøringar etter denne, så kjem eg fram raskare.

Dette måtte eg prøve ein gong, og drog av garde litt tidlegare enn vanleg, for å gi meg tid til eventuell villfarelse.  Eg hadde studert kartet nøye, og trudde heilt sikkert at eg visste kor eg skulle. Då eg kom til rundkøyring nummer  to, valgte eg feil, og køyrde meg grundig vill. Eg måtte ringe til Vetle og få han til å guide meg fram dit eg skulle.

Nokre veker seinare ville eg forsøke igjen. Eg hadde til og med GPS, men den var ikkje oppdatert med alle dei nye rundkøyringane i området, så då eg kom til eit visst punkt på ruta mi, måtte eg følgje skiltinga. Dermed køyrde eg feil igjen og havna på nøyaktig same staden. Men herifrå hugsa eg kor eg skulle køyre fordi eg hadde køyrt riktig derifrå første gongen.
Men me tyr altså til det me gjorde første gongen.
Eg tenkte på kor mange gonger eg har høyrt folk som seier dei blir overraska når dei kommenterer ein feil hunden har gjort og at den ikkje har gjort denne feilen sidan første gongen dei prøvde på det. Her og no klarer eg ikkje å ta igjen spesifikke situasjonar, men eg veit eg har høyrt det mange gonger.

Første praksisen me skulle ha i dag, var det Ayla og ein annan hund som skulle ut samtidig. Eg byrja med GOD avstand frå der dei andre stod, og denne gongen hadde med radioar å kommunisere med, slik at eg kunne få instrukser frå Anne Lill utan at ho trengte rope. :-)


Litt etter litt nærma me oss dei andre, og eg ga Ayla fire-fem meter langt band. Ho forsøkte tidvis å tilby atferd, men det oversåg eg berre og fekk henne over på høgre sida av meg. Me sirkla nærmare og nærmare dei andre, og Vetle stod og tok bilete av oss.


Ayla viste ein del dempande signaler, og gjekk i buar av seg sjølv. Me kom ganske nært mens ho framleis var god og avslappa. Ingen teikn til reaksjon, og heller ikkje voldsom demping.



Dei andre hundane hadde også liknande opplevingar, men sidan ingen av dei andre eigarane rapporterte at hunden deira var skeptisk til folk, gjekk dei fleste hundane bort til oss og helste. Ho eine hadde sagt at hunden hennar elska å helse på folk. Og det såg eg stemte då hunden kom bort og hoppa opp på oss alle og logra nesten halen av seg. Men så sette ho eine assistenten seg på huk for å helse, og då trakk hunden seg vekk og nærmast viska henne vekk frå verda. Dama eksisterte rett og slett ikkje. Me gjekk så alle saman bortover jordet, og det blei meir og meir tydeleg at hunden aldeles ikkje elska å helse på folk, og eg lærte meg noko som for meg var ganske så skjellsettande: Ein vaksen hund skal ikkje helse på framande folk slik kvalpar gjer: Hoppe opp og logre og smiske  og oppføre seg generelt kvalpete. Då er det grunn til å ta eit steg tilbake og sjå på andre signaler hunden sender: snusing i bakken, slikking om munnen, snur ryggen til eller trekker seg vekk frå menneska. Dersom hunden i tillegg pleier å unngå å helse på folk om den er laus og får velje sjølv, MÅ dei få sleppe å måtte helse når dei er i band og ikkje har noko anna val.

Ei anna oppdaga at hunden var redd menneske med frakk eller hatt.

Ingen av dei reagerte slik Ayla gjer; med å bjeffe, men dei var tydeleg redde eller usikre og skvatt vekk når noko uforutsigbart skjedde.
Dette får meg til å tenke at det fins maaaaaaaange misforståtte hundar der ute. Hundar som dagleg blir tvinga til å helse på folk dei møter og som dei eigentleg ikkje har lyst til å forholde seg til i det heile tatt. Men dei klarer seg jo!?
Ikkje alle, trur eg. Men dei fleste klarer på eit eller anna vis å takle det stresset og ubehaget.
Eg trur at mykje av det me tolkar som glede ikkje er det, og at hundane våre dagleg forsøker å kommunisere med oss utan at me forstår kva dei seier. Seg i mellom er språket deira veldig nyansert og detaljert, mens dumme oss treng omtrent å få det skrive på himmelen i store blokkbokstavar før me skjønar kva dei prøver å seie oss. Kor enkel ville vår kvardag vera om me berre hadde fem ord å gjera oss forstått med? Kva om dei orda var: Nei. Ja. Slutt. Stopp! Nåde!!!

Slik trur eg diverre at mange hundar har det.

 

Vidare på lørdagen snakka me om det me har i verktøykassa vår. Me var innom ignorering, lære inn motstridande atferd, desensitivisering, straff, skyte hunden, motbetinging o.s.v blant dei vanlige tinga.
Når det gjeld frykt er det tre ting som må til:

1.       Redusere stress, (når stresset er høgt, er terskelen for frykt, aggresjon mykje lågare enn vanleg)

2.       Auke sjølvtilliten,(lær hunden å løyse problem sjølv, mestringsøvelsar, undersøke ukjente saker og ting, lær hunden å bli bevisst på heile kroppen sin ved f.eks bakpartskontroll, søke og finne, o.s.v.)

3.       Jobbe med det som er sjølve problemet.(dersom hunden er redd folk, jobb med å motbetinge dette, eller via andre virkemidler gradvis gjere folka mindre og mindre skumle)

 

Når ein hund står ovanfor ein potensiell årsak til å utagere, har den fire val: Flykte, fryse, fikle, fyke på. Fire F’ar.  Ofte i denne rekkefølga. Dersom sjansen til å flykte blir tråkka over, forsøker hunden å fryse – gå seinare – stå i ro – trykke. Dersom dette heller ikkje funker, anten fordi  me går mot det farlege eller det farlege kjem mot oss, forsøker hunden å fikle og tøyse. Det er nå hunden eventuelt hopper opp på eigar eller biter i bandet, jakka, buksebeinet og liknande.
Dersom heller ikkje dette får oss til å sjå og høyre alle varselsbjellene som heng like foran nasen vår og dingler og ringer for full hals, er det berre ei grense att; fyke på. Då har ikkje hunden anna val enn å fyke på og angripe dette som er så utruleg skummelt, anten det er ein annan hund eller eit menneske, eller kva det måtte vera hunden er redd for.

Dersom ein har opplevd eit slikt resultat, har ein også erfart at når ein då trekker seg vekk frå det skumle, treng hunden større avstand enn då den fauk på. Viss me tenker oss at me var to meter frå det skumle når hunden fauk på, trenger den kanskje tre-fire meters avstand før den får ei kjensle av at den er bak grensa igjen. 
Når me skal jobbe med slike hundar som dette, har me følgande oppskrift:

1.      1. Do no harm. Dette betyr at om me nyttar andre hundar eller menneske, skal aldri desse vera i fare. Ikkje vår eigen hund, heller. Ingen skal ha det vondt eller altså vera i fare på noko vis.

2.      2. Fjern muligheten. Hold stor nok avstand til at hunden ikkje blir provosert til å reagere.

3.      3. Skap nytt mønster. Mange hundar som utagerer starter av frykt. Etterkvart som hunden blir mindre redd for tingen, fortsetter gjerne bjeffinga. Sjølv om frykta i seg sjølv er vekke.
Det som nå ofte skjer, er at hunden bjeffer av vane, snur seg rundt til eigaren i påvente av ein reaksjon, anten den er positiv eller negativ.
Her har me kanskje vore raske med å avlede, og på den måten rett og slett belønna den dårlege atferda.

4.     4. Aktivisering. Dette betyr ikkje at hunden skal ut på tur i fire timar til dagen, sjølv om det fins sikkert unntak som treng det også. Ofte er me veldig dyktige til å gå altfor lange turar med kvalpen når den er liten, og fortsetter det når hunden er i vaksen alder. Det me heller kan gjere er korte lufteturar til vanleg, og gjerne ein eller to lengre turar i løpet av veka. Dei andre dagane kan hunden få aktivisering gjennom problemløysingsoppgåver som å

a.       Hente godbitar frå eit tre. Fest godbitar på ein busk eller eit lite tre og la hunden finne fram til dei på eiga hand.

b.      Finne godbiten som er gøymd inni ein tom dorull. Når dette blir for enkelt, legg dorullen under ei anna øskje. Blir det også for enkelt, putt dorullen og øskja under ein boks.

c.       Vippe godbiten ut av ei tom brusflaske. Lag to hol i ei plastflaske, tre ein blomsterpinne gjennom, putt ein godbit inni flaska, og la hunden erfare at det går an å vippe på flaska så godbiten trillar ut.

d.      Sudokuoppgåver for hundar: Ulike aktiviseringsleiker for hund som er spesielt laga for å tåle det ein hund kan finne på som løysingar for å finne fram til godbiten.

5.     5.   Auka sjølvtillit. Korleis ein kan få til dette har eg for så vidt vore innom tidlegare.

Dette med å auke sjølvtilliten til hunden er nok noko mange kan ha motstridande kjensler til, for ein har lett for å tenke at dominans og sjølvtillit heng saman. Det gjer det altså ikkje.

Når me tenner eit bål, kjem det ofte røyk stigande opp. Denne røyken ser me på lang avstand, men me kan ikkje alltid sjå bålet.
Aggresjon er røyken til frykt. Aggresjon er det som stig opp og blir synleg og tydeleg for alle menneske, medan frykta åleine sjeldan er synleg før me altså ser aggresjonen.

Ein hund som har vondt eller er skada kjenner seg svak. Han blir stressa, stresset skaper frykt, og frykta får utløp i aggresjon.

 

Siste praksisøkta skulle me forsøke dei ulike måtane å aktivisere hunden på, og Ayla fekk prøvd seg på eit godbittre og ei av sudokuleikene i tillegg til ein litt vaklevoren murstein som ho skulle stille alle fire føtene oppå.

Heilt til slutt hadde eg spurt om å få bli observert og råda til kva eg kunne gjere for at ho skulle takle å sjå andre hundar leike med eigarane sine, så ei av dei andre leikte med hunden sin mens eg og Ayla stod og såg på. Mens Ayla stod vendt vekk frå meg, skulle eg prate roleg til henne og snakke ”rosa” (eit fantastisk uttrykk som eg antageleg kjem til å adoptere). Det vil sei at eg skal snakke med roleg og nesten monoton stemme og fortelje at dette går bra og at ho er dyktig hund og skjønn og vakker og andre positivitetar. Eg skal ikkje bruke godbitar, sidan ho er rask til å kjede atferder. Vaksne tisper er veldig ofte veldig flinke til nettopp det å danne kjedar.

3 kommentarer:

  1. Skulle gjerne vært der, tusen takk for godt referat!

    SvarSlett
  2. TOPP referat, Kari Anne! Takk for at vi får ta del i en bit av kurset her i bloggen din :D

    Jeg måtte le da jeg leste den siste setningen om voksne tisper og danning av kjeder...Må innrømme jeg kjenner igjen fenomenet ^^

    SvarSlett
  3. Tusen takk for referat! :) Må innrømme at det ikke så ut til å være mye nytt der (jfr. Siddis-kurser og -treninger), men skulle nok vært der for å bedømme det! ;)
    Håper dere får mye nytte av lærdommen!
    (Og: noen effekt av kortisonen ennå?)

    SvarSlett