I dag kom Olaug og Lea og Thassi på besøk, og eg var veldig spent på korleis dette skulle gå. Ayla har ikkje sett andre hundar på mange månadar, og Emil er nå Emil, han..
Eg helste først på Thassie heilt åleine, og ho var akkurat slik eg trudde ho kom til å vera: Deilig og glad kvalp :-) *smelt* Så henta eg Emil ut, og hadde han i band den første stunda, for Thassie var redd han med ein gong. Når det då såg ut til å gå greit, løysna eg Emil og det blei litt i meste laget for Thassie som gjekk og gøymde seg i Ibsens ripsbuskar og andre buskvekster.
Så ba eg Olaug gå inn til Ayla og seie hei så ho ikkje skulle bjeffe når ho kom ut, og Olaug kom ut igjen og fortalte at Ayla hadde begynt å grine då ho helste på henne. Ayla har alltid vore EKSTREMT glad i Olaug og kan nesten ikkje få nok av henne, så då me kom ut i hagen, der Olaug, Lea, og Thassie stod og venta. Lea var den første som fekk smake Ayla sin entusiasme, og fekk seg eit slikk både her og der. Så oppdaga Ayla at Olaug stod der, og blei heilt frå seg av glede igjen, sjølv om ho jo nettopp hadde helst på Olaug inne i huset.
Deretter blei Thassie oppdaga. Det var heilt greit og spennande dei tre første minutta, men så tok gjensynsgleden for Olaug overtaket igjen. Me rusla litt innover grusvegen i lag med dei, og Ayla brydde seg ikkje om Thassie overhodet. Det DIGGA Thassie, og då eg slapp Ayla og lot bandet henge etter, syns Thassie dette var heilt strålande leiketøy!
Ayla var med andre ord perfekt sosialiseringshund for Thassie, i og med at ho ikkje brydde seg det døyt om den litle sjarmørjenta som sprang i hælane hennar :-) *smelt*
Seinare på kvelden gjekk det seg til for alle saman, og dei sovna lett henslengt utover golvet, heile den firbeinte gjengen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar