mandag, februar 15, 2010

Mine håp og draumar for Emil. Del 1

I helga då eg gjekk tur med dei kjekke rottweilerane til Krissi, tenkte eg for alvor over korleis eg ønsker at Emil skal vera. Då kom eg fram til at dei to viktigaste tinga berre er noko som enten er der eller ikkje:
1. God psyke. Sterk og trygg og sosial mot folk.
2. God helse.

Vidare kjem nokre ting me berre halvveis kan gjera noko med:
3. Enkel å belønne.
4. Full av treningsiver.
5. Godt kvilehjarte.
6. Av- og Påknapp.


Lenger ned på lista kjem slike ting som me har så og seie full råderett over, og som kan oppnås ved hjelp av rett trening:
7. Miljøsterk.
8. Sosial mot hundar
9. Opptatt av oss.
10. Roleg inne på besøk.

Lengst ned på resten av lista kjem treningspunktene som flink i band, innkalling, bli, doggie-zen, ikkje hoppe på folk, roleg i bilen, roleg om eg går frå han kor det måtte vera, glad i buret sitt, lågt stressnivå, grundig i sporet, glad i å apportere o.s.v.

Sjølv om innkalling sannsynligvis kjem som nummer 11 på lista, anser eg likevel det som ein av dei enkle tinga å lære ein kvalp. Ein berre hjernevaskar den vesle knotten på at alt godt skjer rundt beina våre, og så gjenstår det å sjå om eg må ete orda mine etter at Emil kjem i hus. Eg hugsar framleis korleis me gjorde dette med Ayla, og ho er heilt PERFEKT når det gjeld innkalling og det å halde oss under oppsikt når me er på tur og ho går laus.

Kan hende det fins fleire punkter som burde vera viktige, men som eg ikkje kjem på her og no. Eg trur at ein laus plan over dei første månadane, kva han skal få oppleve, kor me skal dra på besøk, kven som skal kome på besøk til oss, kva hundar me skal treffe, miljø han skal få oppleve o.s.v. kan vera ein god ting.
Endå er det forholdsvis god tid, men me må nok ikkje somle altfor mykje, heller.

Og så har eg fundert på om Emil skal få sin eigen blogg, men eg trur han og Ayla skal få dele denne.

6 kommentarer:

  1. Hei Kari-Anne; En ting er sikkert - Emil er og blir en heldig hund som får komme hjem til dere!

    Ville bare si fra at Embla, Gunn og vi skal ta turen i bpnd rundt Stokkelandsvannet (Ganddal) på onsdag - i 18 tiden - hvis du vil være med. Hvis det ikke passer er det sikkert ikke siste gangen vi går tur! :-)

    SvarSlett
  2. Så koselig med invitasjon! Men eg skal på kurs i fargelegging av stempel på Scrapshop den kvelden, så eg får ha det til gode :-)

    SvarSlett
  3. Jamen det kan jo jeg lære deg - etter turen! Neida - skjønner det godt -kjekt med scrapping :-) Som sagt det blir jo ikke siste turen - så :-)

    SvarSlett
  4. Så morro at du skal få deg valp! Jaktlabrador er nok ikke noe dårlig valg :-)

    SvarSlett
  5. Ja, det er absolutt moro! Og sjølv om eg egentlig gleder meg heilt sinnsjukt, så er det litt skummelt også ;-)
    Eg har vel ønska meg jaktlabrador i ein del år nå, så avgjerelsen er ikkje akkurat impulsiv, for å sei det sånn :-) Trur det blir bra, eg..

    SvarSlett
  6. Hei Kari-Anne! Har lagt ut en utfordring til deg på bloggen min - kikk innom da vel!

    SvarSlett