Fredag hadde eg fri frå jobb, og hadde avtalt med Krissi at eg skulle komme ned på filmkveld. Me skulle lage snadder mat og kose oss med film. Så skulle eg få gå tur med rottweilerane hennar.
Etter over fire år med Ayla, tenkte eg at det ville bli spennande å sjå kor grundig ho har prega meg.
Første hund ut var Snuppa Redningshund. Eg VEIT jo at ho elskar folk, og at alt ville gå bra. Likevel, då me tok att ei eldre dame på stien me hadde valgt oss, kjente eg ein tung klump i magen, og så stoppa eg der, snudde og gjekk tilbake igjen. Eg vågde ikkje passere dama. I ettertid har eg forsøk å finne ut kvifor eg snudde, og ein av tankane som gjekk gjennom hovudet mitt var at kanskje, hvis eg går forbi og samlar inn bandet idet me passerer, så vil Snuppa begynne å få negative assossiasjonar til eldre damer. HALLO!!! Det heng ikkje på greip, men midt i ein slik situasjon tenker ein ikkje alltid like rasjonelt.
Men det var ein deilig tur, uansett :-)
Neste hund ut var Lara. Ho er døv, men eg merka kjapt at ho hadde full kontroll på kor eg var og kor eg gjekk.Ho sendte meg eit kjapt sideblikk og observerte tydeleg kva retning føtene og kroppen min var vendt mot, og så gjekk ho også dit. Snøbadenymfe uten like!! :-)
Me traff ei mann med to schæferar og gjekk litt til sides så dei kunne passere. Ikkje ein lyd, og knapt interesse ein gong. Fantastisk!!Resten av fredagskvelden blei via til godt selskap, snadder middag og dessert, god vin, og ikkje mindre enn TRE filmar før eg kollapsa ein gong i totida.
I dag blei eg servert snadder frokost, og etter at den var fortært saman med eit par koppar te, bestemte eg meg for at eg ville ut og prøve tur med hundane igjen. Denne gongen blei eg briefa av Krissi, og kjente meg mykje tryggare då eg gjekk ut. Med Snuppa traff eg ni mennesker, og gliste meir for kvar passering. INGEN klumpar i magen, bare pur lykke og glede!
Ein interessant ting eg observerte, var at ho reagerte HEILT likt Ayla då ho såg folka: øyrene framover, rynker på hovudet, roligare gange, og våken interesse. Då folka hadde passert, snudde ho seg etter dei, men der slutta likheten. Snuppa snudde seg berre tilbake igjen og fortsatte å snuse, mens Ayla ville ha bjeffa etter folka.
Med Lara gjekk det like strålande som dagen før. Ho er mindre interessert i dei forbipasserande enn Snuppa, og rusler stort sett akkurat i enden av bandet og held eit konstant auge med kor eg er. Med henne passerte eg ein familie på tre, ein joggar, tre syklistar, og ein åleineperson.
Dette var terapi for meg. Heilt ærlig. Dette skulle alle som slit med utagerande hundar prøve! :-)
P.S. Nye kvalpebilder! Nå er Emil fire veker, og om fire veker på denne tida er me komne heim. Nå er det altså MINDRE enn fire veker til!!!! Juhuuu!
Så pærfækt at mine firbeinte kunne være te hjælp førr dæ deinna hælga, då har vi på en måte fådd gjedd litt igjæn! Det va utrulig koselig besøk, som bærre må gjentas!
SvarSlettKlæm!!
Eg kan ikkje beskrive kor godt det gjorde å få erfare koss det kan vær å gå tur på turstiar. Og det var endå skjønnare enn eg har tenkt meg at det skulle vær. :-)
SvarSlettForstår deg så godt! Enda det er 2,5 år siden Dina, kjenner jeg gleden over å ha en hund som ikke utagerer hver eneste dag!
SvarSlettEg trur at om ein først har hatt problemhund, vil ein alltid sette pris på å IKKJE ha det :-) Glede meg til det!! :-)
SvarSlettJa, jeg også tror det. Det er ei så enorm glede som i allefall jeg ikke opplevde med de hundene jeg hadde før Dina - når det bare var selvsagt at hunden skulle være normal. Det er som om hjertet renner over av glede hver dag! Du har virkelig noe å se frem til!! Snart er det bare tre uker...... ;-)
SvarSlett