Så kom det mail frå ein svensk oppdrettar om at me kunne få Emil heim litt tidlegare enn planlagt, og dermed skulle det skje to kjekke ting i ein periode som vanligvis er veldig veldig tung for meg.
Eg rekna på det, og fant ut at Emil ville vera ti veker då me skulle reise, og at eg ville få to heile veker i lag med han før eg måtte overlate ansvaret over til Olaug på Ålgård.
Men to heile veker er snart til ende, og snart må eg reise frå han for heile fire netter! Uææææ!!!
Han har nettopp byrja å springe til døra når han har sove ei stund, flinke guten, sjølv om han også kan tisse der han står til ei kvar tid. Det privilegiet har han når han er kvalp, men han har i det minste skjønt at slikt blir belønna stort ute, og det er ikkje verst for ein 9,5 veker gammal kvalp.
Han er slåande vakker, syns eg, og eg kan endå ta meg i å sitja å stirre betatt på han. Det er ikkje berre enkelt å la vera å kosemose med han når han ligg og søv. Men eg er flink og held meg vekke. Sjølv om eg gler meg stort til han blir vaksen og eg kan bruke han som eg vil, er det ein liten del av meg som skulle ønske han ikkje blei større enn nå, slik at eg kunne ta han på fanget av og til. Og snuse inn den gode lukta av han. Kor lenge skal han lukte så intenst deilig, tru?
Me har så smått begynt å introdusere klikkeren, men ikkje noko veldige planlagte greier endå. Han er flink til å setje seg for det meste: Ein skummel ukjent lyd ute? Best å setja seg. Mor står i ro? Best å setje seg ned foran henne. Katten kom inn? Trur eg set meg ned, eg, seier Emil.
Han syns MTV musikken er litt rar av og til, så den får stå på så ofte som mogleg. Det kjem så mange ploppe, plinge, spjonge lydar derfrå.
Har eg nevnt at han har den berømte av- og påknappen? Og han veit å bruke den også! Det har berre hendt nokre få gonger at eg har måtte hjelpe han til å sovne, og då er det buret som må til. Det tar aldri meir enn to-tre minutter, så søv han tungt. Men altså, som oftast greier han det sjølv. Dersom han vakner og stabber ut på golvet, seier me ingenting til han. Oftast skal han nemlig berre byte soveplass, og har aldeles ikkje sove ferdig. Men eg kan love at det held hardt somme tider! Han er så utruleg kosete når han nettopp har vakna, nemlig.
Til nå har eg sove på gjesteromet som er plassert like utanfor hunderomet. Eg lånte meg dørgrind av Ellen Beate, og den stod lukka dei første nettene, slik at Emil og eg var på eine sida, og Ayla på andre sida. Då eg var heilt sikker på at ho ikkje kom til å ete han opp, opna eg grinda og byrja å flytte teppene hans nærmare og nærmare hunderommet. Tidlegare denne veka la eg teppet heilt over dørstokken, og natta etter lukka eg grinda. Det kom litt pistring og piping, og hjarta mitt blødde for han. Men eg holdt meg hard og håpa at han skulle gi opp snart. Det gjorde han, og maste ikkje før i tretida på natta. Då opna eg grinda og han la seg til på teppene for å sove vidare.
Så skulle eg på jobb, så då måtte Vetle sove på gjesterommet med han, og sidan Vetle har klart å bli skikkelig sylta, fekk han ha Emil inne på rommet. Då eg kom på morgonen for å lufte han (Emil, altså), sov han så godt, atte :-) Han strekte seg og så tusla han ut og tissa leeeeeenge. Etterpå viste eg han inn på gjesterommet igjen, og så hadde han lagt seg til å sove vidare etter ei bittelita stund.
I natt satte eg på radioen på hunderommet, lukka døra, og gjekk inn på soverommet og la meg. Eg sette klokka til å ringe fem timar seinare: halv seks. Og då klokka ringte og eg gjekk for å lukke opp døra, låg han i korga og skjønte ingenting då det brått blei lyst på rommet. Ingen tissedammar eller brune haugar, berre rein sovelukt :-) Fem timar!!
På onsdag var Carita og Oliver her ein tur og hjalp med litt sosialisering.
To like store i høgde, men Emil er allereie nokre kg tyngre, men dei leika finfint! Oliver var veldig flink og tålmodig med Emil, sjølv om Oliver ikkje er vaksen sjølv endå :-)