søndag, mars 14, 2010

Til Stockholm for å hente Emil.



Etter to dagar i Oslo på seminar i vederlagsberekning (som det forresten var veldig lett å dagdrøyme seg vekk frå), var det altså dags å vende nasen mot Arlanda og Stockholm. Men først måtte eg drive litt enkel logistikk på Gardermoen. Eg putta kun det nødvendige i veska, og lot kofferten stå att under kyndig tilsyn til eg skulle komme og hente den dagen etter. Då ville eg sleppe å vente på bagasje på Arlanda, og på Gardermoen på veg heim.

På flyet over til Stockholm sat eg ved sida av ei underleg tysk dame som eg blei svært forveten på, og tilbrakte stort sett heile overfarten med å filosofere over kor mange skjebner som var samla under eitt tak. Flyet var nemlig stappa fullt.
Vel framme på Arlanda klarte eg å finne fram til togstasjonen og Arlanda Express til Stockholm. Den kosta 240 kroner kvar veg. Eg fant fram, og ringde oppdrettar for å sei når eg ville vera framme i byen.

Mens eg sat på toget, lærte eg at på digitalskjermen der dei fortel kor fort toget går, og diverse annan info, er det atten raude prikkar som utgjer bokstaven E, og at toget går i 205 km/t. Det er HIMLA fort!! Eg fekk dottar i øyrene, faktisk!

Oppdrettar og eg fant kvarandre på Klarabergsviadukten, og me køyre til Tyresö der ho bur. Ho hadde med seg hannhundane sine for den eine tispa hadde løpetid, og dei trengte å komme seg ut litt :-) Dei oppførte seg som om dei var fødde i byen!!

Då me kom fram til huset, fekk eg gå og treffe kvalpane med ein gong, og i det same eg kom inn døra, slo den deilige kvalpelukta imot meg. Eg gjekk i fistel og avslørte kor lite kvalpevant eg tross alt er.. Hadde nemlig bestemt meg på førehand for å vera verdig og vant og oppføre meg voksent og normalt. Klarte eg det? Nope. Då eg såg dei, begynte eg nærmast å tale i tunger, tonen i stemmen gjekk opp tolv hakk, og det kom ikkje eitt einaste fornuftig ord or munnen min.
Sjekk denne gjengen, då..
Kven av desse er Emil? Klarer du å sjå det?

Eg såg kven av dei som var Emil med ein einaste gong, og han var 100 gonger vakrare enn eg hadde fantasert om! Alle tre kom springande mot meg og hoppa opp i fanget mitt og pusta deilig kvalpeånde på meg.. Dei luktar så heilt spesielt, og eg snuste og snuste inn dufta..

Resten av kvelden gjekk med til å prate litt og sjå Skavlan (som forøvrig hadde besøk av Sig Hansen frå "Deadliest Catch". Eg snakka svorsk, og nøyt kvart minutt!! Jag tycker ju det er SÅÅÅÅ kult å prata svenska några gånger, og nu kunde jag ju verklegen låta hemningarna fara! Ånei, der slo eg visst over igjen... ;-)

Lørdag morgon vakna eg klokka fem, og første tanken var: "Emil ligge fem meter frå meg!!!", og etter det var det ikkje så lett å få sove igjen. Eg høyrde dei oppe stod opp rundt halv åtte, og då oppdrettaren tok med seg dei vaksne hundane ut på luftetur, eg også opp og gjekk inn til kvalpane for å seie god morgen til Emil. Det slo meg kor nyyyydelig han er, og det kribla i magen med tanke på alle morgonane me skal få saman!


Dagen fram til me skulle reise, gjekk med til ein timestur med seks hundar, papirarbeid, sommarfuglar, og slite ut Emil til den lange reisa heim. Utslitinga bestod i å sleppe kvalpane ut på altanen og la dei boltre seg i snøen med ein feiekost :-)

Kor mange hundar er det på biletet?

Fem over to sat me i bilen på veg til Stockholm. Emil sovna før me hadde køyrd hundre meter :-)
Togturen gjekk som nevnt i forbifarten heilt greit, han sov berre.
På flyplassen sov han då eg bar han i baggen også, og eg fekk mange koselege kommentarar og beundrande blikk på den søte kvalpen.
"Mamma, titta på den søta hunden" og "Åååååååååå"  i synkande tonefall var det som gjekk igjen i heile dag.
 Koss flyturen gjekk? Vel, han sov.



Dette er tatt på flyet til Oslo

Det same skjedde då me kom til Gardermoen. Tollen gjekk greit, og me kom oss med på Stavangerflyet. Då me landa, og kom ned i ankomsthallen, stod Vetle der med eit digert glis! Då han og Emil helste på kvarandre, var det kjærleik ved første slikk! Slik trur eg det kjem til å bli for alle som helser på han nå mens han er den vakraste kvalpen i verda!

På damedo på flyplassen. Her var det heilt greit å tisse, syns Emil.

Vel heime var det duka for nok eit spanande møte. Ayla har berre vore snill med andre hundar, men ho kan vera litt brå og voldsom. Difor fekk ho helse på han mens han var oppi bagen, men med åpent lokk, sjølvsagt.
Ho busta og murra, men eg såg at ho ikkje hadde planar om å gjer noko. Etter nokre få minutter vågde eg meg derfor på å sette meg ned på golvet. Det gjekk også fint. Så fekk han komme ut av bagen. Ho måtte kontrollere han til å byrja med, men så slappa ho også av, og fant ut at ignorering var ein meir effektiv måte til å få dei kvasse kvalpetennene til å slutte å bite henne i øyra :-)




Utover kvelden var me ute ein liten kjapp tur også. Pga sterk kulde i Stockholm dei siste vekene, har ikkje kvalpane vore så veldig mykje ute, men ein skulle ikkje tru det på Emil i kveld. Han valsa rundt der som om han aldri hadde gjort anna :-)


Rett før me skulle ta kvelden, maste og maste han for å komme opp til meg. Blaut (og litt dumteit) som eg er, tok eg han opp mens eg lova meg sjølv å innføre dei varige reglane frå i morgon av. Han ville endå høgare, så det fekk han lov til. Der sovna han etter to utpust. Då eg skulle legge meg sjølv, løfta eg han derifrå og la han på det nydelige quilta teppet som svigermor har sydd til han, og der sov han vidare.




Det hadde vore utruleg deilig å få ein sove hund!!!  Men me skal takle det om me ikkje får det også...

Kjensla eg sit att med i valget av oppdrettar og nå etter at han er komen i hus, er utelukkande positiv! Han er så rolig avslappa, og slik vil eg forsøke å halde han.

Idag, søndag, veit eg at han er litt meir vilter og kvalpete når han har blitt betre kjend med oss og leiligheten. Han fekk vera med ut i snøstormen ein liten tur i dag, og tissa i graset! Flinke guten!!

Natta gjekk vel forsåvidt greit, han vekte meg omtrent ein gong i timen, her i stova, og så fekk han mat rundt halv åtte.

To gonger har han tissa inne etter at me kom heim i går, og altså ein gong ute, pluss at han bæsja ved avisene i går kveld. Er ikkje det litt lite på over tolv timar?
Og eg merker allereie no at han er myyyykje roligare enn det Ayla var då ho var kvalp. Men så hadde ho Joey som vaksen hund i heimen, og han var good cop mens eg var bad cop. Med emil er det omvendt. Ho er bad cop og får endeleg vera good cop!

I skrivande stund ligg Ayla i stolen sin og søv med eit halvt øyre til Emil som ligg nedanfor stolen  og snorkar lett.

Eg er heilt forelska i den litle kvalpen, og syns han er heilt fantastisk!


Her er heile fotoseansen.

10 kommentarer:

  1. Rett og slett nydelig! Og slik han har oppført seg til nå, så ser det veldig lovende ut! Stor klem fra meg!

    SvarSlett
  2. Bi varm laaaangt inni hjærterota! <3 Gler mæ så te å træffe han! :)

    SvarSlett
  3. Trenger ikke treffe ham en gang for å bli forelsket! <3
    Gud så skjønn - og så enkel og grei han virker, foreløpig i hvert fall! ;)
    Flinke Ayla-storesøster - du får sørge for at hun får mye alenetid med deg, også. Godeste gullet!

    SvarSlett
  4. Britt,
    Ja, fortsetter det slik som det har vært til i dag, blir dette peace of cake!
    Han har sovet i snart tre timar, og eg trur aldri at Ayla sov så lenge før ho var mykje eldre. Sovekvalp, jatakk!! Men det er jo litt kjedelig, da, for han får jo sove i fred, så då sitte det og klør i kvalpekosefingrane mine :-)

    Krissi,
    Eg er heilt imponert over han, for han er så rolig og kul, liksom..

    EB,
    Ja, han virker enkel og grei enn så lenge. Og sover han så masse framover som han har gjort i dag, så blir det _nesten_ kjedelig.. men bare nesten :-)

    SvarSlett
  5. Trur jeg er blitt litt forelsket i Emil jeg også. Han høres (og ser) helt herlig ut! *suuuuuuukk* <3

    SvarSlett
  6. Åh, så koselig lesning! :-D Emil virker helt fantastisk og jeg gleder meg sånn til å følge han videre her i bloggen! Kos dere videre!

    SvarSlett
  7. :-) Takk for det.. Han imponerer mer og mer! Gleder meg veldig til å begynne på miljøtreninga og sosialiseringa og valpekurset !

    SvarSlett
  8. Så fine han e Kari Anne, heilt nydelig! Eg glede meg masse til å få treffe han, han virke som drømmevalpen :) Kos deg med denne herlige tiden!!!!!

    SvarSlett
  9. Ja, du kan glede deg te denne her! :-) Og me kose oss heile dagen!! Når han sove, sitte eg og kikker på han heilt betatt ;-)

    Han har vært drømmekvalpen så langt i dette første døgnet i alle fall, så me krysser fingrane for at det fortsetter slik :-)

    SvarSlett
  10. For en sjarmerende gutt du har fått deg, skjønner godt du har falt for han.. Lykke til videre, han virker kjempegild.

    SvarSlett