søndag, juni 06, 2010

Emil si første sporøkt!

Å, i dag har me vore i skogane i Vennesla og trent spor i lag med Marit og hennar herlige gamle tervuerentispe på over 11 år :-)
Området me var i ligg rett ovanfor Vennesla, og eg hadde tatt på meg sokkar som nesten gjekk til knea og langerma genser. Det var glovarmt der ute i skogen, men flåttnoia vant over fornuften, og derfor kledde eg altså på meg så ein skulle tru eg skulle til Nordpolen.

Første sporet eg la til Emil fekk han sjå at eg la ut. Marit holdt i båndet, og eg gjekk innover skogen. Etter kanskje 30 meter la eg ned frosken han hadde fått leke litt med før eg gjekk avgårde. Då eg kom tilbake til Emil, festa eg sporlina i selen og han sette avgårde. I ca tre meter før han kom tilbake til meg og ville ha støtte. Han fekk jo ikkje det av brødteite meg, men Marit nevnte det då han gjorde det same ein gong til. Eg har blitt hjernevaska på at eg ikkje skal mase på hunden i sporet, så gjorde eg jo ikkje det. Forsøkte berre å følge på eller gå i rett retning dei gongene han stoppa. Etter Marit sitt tips, sa eg berre roleg "Flink gutt, vennen" og det var alt som trengtes før han brukte nasen som plog innover i skogen og fant frosken.

Neste spor la eg rett etterpå, men det fekk ikkje Emil sjå at eg la ut. Som sporstart la eg sporlina, og dette sporet lot eg ligge i ca 20 minutter. Dette sporet tok han med ein gong, og han tok til og med sporoppsøk :-)

Tredje og siste sporet fekk ligge i litt over ein halvtime, og sporstart her var Bergans sydvesten min som tilfeldigvis låg i bilen. Det gjekk oppover ein liten bergknaus, bortover skogsterreng, og med eit par terrengskifter som Emil ikkje såg ut til å merke i det heile tatt.

For ein sporhund, seier eg bare!! Han gjekk beint forbi sporslutten og var veldig gira på å fortsette sporet for å sjå kor eg hadde vore og kva eg hadde mista.
Neste omgang sportrening kjem eg til å la det ligge lenger, og etterkvart legge fleire gjenstandar ned.

På vei tilbake til bilen etter det siste sporet havna han uti eit myrhol. Eg måtte hjelpe han opp att, og den Emilen som dukka opp då, han har eg lyst til å sjå mykje meir av! Han var svart frå skuldrene og ned, og strålande fornøyd med seg sjølv og livet generelt :-)

Ingen flått på korkje meg eller Emil! :-) Juhu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar