Sidan påske og sidan ho starta haltinga denne gongen, har Ayla knapt sett andre folk enn meg og Vetle og Olaug sin familie. I forrige veke fekk eg spørsmål frå Britt om me ville ha besøk i forbindelse med eit forretningsmøte ho skulle ha i Kristiansand. Sjølvsagt ville me det, og i same augneblinken som eg hadde sagt ja, starta bekymringa over korleis Ayla skulle takle det. I verste fall tenkte eg at Ayla fekk stå på romet mens Britt var på besøk.
I går var dagen komen, og i kveldinga stod eg og Emil ute ved vegen og tok i mot Britt då ho kom køyrande. Ayla stod på altanen i lag med Vetle. Britt køyrde inn til huset, og Emil og eg følgte etter. Då Britt kom ut av bilen, starta rabalderet oppå altanen. Eg ba Vetle rope henne inn i stova, og ho pilte inn. Etter ei bittelita stund fekk ho komme ut igjen, og det kom framleis lydar, men dei hadde skifta over til meir klynking innimellom bjeffinga.
Me gjekk inn etterkvart, og Emil hang med oss. Oppe i stova bytta eg hundar, Emil ut på altanen og Ayla fekk komme inn. Britt hadde fått beskjed om å ignorere Ayla (ikkje at det er så veldig enkelt med Ayla), og Ayla styrta bort til Britt og forlangte oppmerksomhet. Ho satte seg foran Britt mens ho snuste, peip litt, snøfta, nøys, slikka på handa til Britt, og gjorde det ho kunne for å bli sett. Britt fekk litt Frolic å gi henne, og Ayla var med på notene med ein gong.
Eg var veldig på vakt etter teikn på at Ayla passa på Britt. Ho (Ayla, altså) kan bli kontrollerande når ho ikkje slapper av i lag med folk, og då får ho raske rørsler, lagar lyd lett, følger etter og passer på dei ho ikkje slapper av med. For nokon som ikkje veit kva ho held på med, kan det sjå ut som om ho nesten går lydighet i lag med personen, men for meg som kjenner henne, er det enkelt å sjå at ho skal kontrollere.
Ingen slike teikn var å sjå i går, og Britt kunne bevege seg fritt uten å bli påpassa. Flinke flinke Aylaen min :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar