lørdag, juni 19, 2010

Helgekvalpekurs hos Amokk. Første dag.

Ja, då er første dag av helgekurset over, og eg sit her med mange tankar og kjensler. Den aller beste oppdaginga eg gjorde i dag, var at Emil kan mykje meir enn eg har tenkt over! Me er ikkje i startgropa på absolutt alt, sjølv om me har langt igjen på dei fleste ferdigheter eg ynskjer å lære han. Me har kome eit godt stykke desse tre månadane han har vore hjå oss. 
Og eg har vore verkeleg bekymra, faktisk, over at me kunne så lite, men det skal eg legge heilt frå meg etter i dag! :-)

Kursdagen starta med teori før me gjekk ut og skulle trene kvalpane våre. Rasane som var glitrande representerte var: Jaktlabrador, Border Collie, Wheaten, Berner Sennen, Eng. staff. terrier og Norsk Elghund. Staffen var nok den eldste på 5,5 mnd og dei yngste var 12-13 veker. Eit passe spekter på kvalpekurs, syns eg.

Me lærte mange kjekke ting i dag, bl.a. gå fint i bånd, gå inn i buret og bli der, innkalling med forstyrrelsar (Siv Instruktør hold godbitar foran snuten til Emil mens eg stod på avstand og kalla inn), starten på apport, ta kontakt med eigar sjølv om eit framandt menneske lokker med pølser eller leverpostei, passer ein annan hund som går forbi, sitje i ro og vente på å få koma i rampelyset, når me har båndet på skal me gå forbi andre hundar og ikkje snuse på dei ( eg var VELDIG streng på det i dag, men han sneik seg til eit par sniff likevel når eg ikkje såg at nokon andre hadde sleppt kvalpen sin bort til oss), og ein del ting til som eg ikkje kjem på.

Emil er ein kar som gir uttrykk for ubehagelig stress på den måten at han hopper opp på meg. Nokre gonger biter han i bandet, andre gonger bare hopper han opp. Og han hopper høgt, må vite! Han byrja med dette i dag også, men roa seg etter eit par belønningsgodbitar for laust band. Då me kom bort i ballbingen, var han forbausande rolig og avslappa. Eg merka ingenting til stress seinare heller. Fleire gonger la han seg ned ved sida av meg og slappa skikkelig godt av. Han sovna ikkje, men det kan eg ikkje forlange heller. Han la seg i alle fall ned, og det uten at eg trengte å be han om det (ikkje at han hadde skjønt kva eg meinte uansett, men...).

Etter i dag er eg 99% sikker på at Emil kjem til å innfri alle forventningane eg har til han. Han oppførte seg eksemplarisk heile dagen! Att og fram mellom ballbanen og bilen gjekk han i fullstendig laust band med kontakt, og sjølv om andre hundar passerte, brydde han seg ikkje. Han roa seg flott i pausar på treningsbanen og i bilen, og viste bare heilt på slutten at han var trøytt, men var likevel med på trening.
Eg valde å ikkje sleppe han med dei andre kvalpane siste gongen me hadde sjansen til det, for eg syns ikkje det var nødvendig og tappe han heilt. Dessuten tenkte eg at det ikkje skulle vera det siste som skjedde før me reiste derifrå. Kanskje unødvendig, men lell :-)

På veg heim stoppa eg ved ein Kiwi for å handle, og tok ut Emil så han kunne tisse litt. Først sette eg meg berre ved sida av det åpne buret og lot han få goooood tid til å strekke seg og kose med meg, og la meg klø han på magen og halsen og gi meg eit lite kyss før han hoppa ut or bilen. Eg forventa hopping etter bandet, sidan han var såpass sliten, men han gjekk berre heilt roleg ved sida av meg bort til graset, tissa der, og så gjekk me roleg tilbake til bilen i laust band.

Vel heime var han heilt klar for eit måltid mat, som han fekk, og så vandra han rastlaust rundt her ei stund før han la seg under stovebordet og sovna.

Dagen i dag har vore bekymringslaus for meg når det gjeld Emil. Fleire gonger i dag tok eg meg i å tenke at "Dette hadde Ayla reagert på!" F.eks. ei bildør som smalt eit stykke vekke, ein gut som klatra på veggen til ballbingen, ein tilskodar som kom åleine bort like ved der Emil og eg sat, Siv som kom mot oss og forbi oss for å hente noko, alle hundane som leika med eigarane sine, og så vidare. Men Emil reagerte ikkje på noko av det! Og han konsentrerte seg fantastisk!

Alle kvalpane hadde god framgong i dag, og det er skikkelig kjekt å nesten kunne kjenne det fysisk at treningsmotivasjonen flomma over meg!
Nokre økter trente alle med hundane sine samtidig, andre økter tok Siv oss fram ein og ein. Det opplegget likte eg veldig godt, for kvalpane blir jo slitne av all treninga. Samtidig får dei verdifull ro-trening med forstyrrelsar :-)
Dessutan lærer ein ganske mykje ved å sjå på andre som trener.

Første dag på kurs får topp karakter!! Nå gler eg meg veldig til i morgon!

CIMG4994
Bli på teppet

CIMG4995
Meir bli på teppet
CIMG4996
Siv Demonstrerer korleis ein kan trene burleken med toppen av.
 

CIMG5003 CIMG5004
Emil slapper av og ser på at Siv Instruktør trener med ein av dei andre ekvipasjane

CIMG5006
Ka du har for nåke godt i håndå di? 


CIMG5007
Ånei, du lure ikkje meg!


CIMG5008
Eg vett at mor har nåke møkje bedre!

4 kommentarer:

  1. Tror d er den eneste som nå tviler på at du og Emil blir et superpar! Flinke er dere!

    SvarSlett
  2. KULT!!!
    Hvor deilig er det ikke med slike oppturer!! :)

    JEG VIL OGSÅ PÅ SÅNN VALPEKURS!!! ;)

    Tror også dere blir et knall bra team!

    SvarSlett
  3. Gerd Marit,
    Eg tvile ikkje nå lenger :-)

    Nina,
    Ja, slike valpekurs kan anbefales!!

    SvarSlett