torsdag, oktober 07, 2010

Speedsporing.

Fredag la eg eit spor til Emil på vei ned til Sørlandsparken. Eg ville legge ut fire leiker og ha litt virring og vinklar inni der. Terrenget var framandt for meg, og dei som kjenner meg, veit at eg ikkje bør gå i ukjent terreng uten gps eller kompass i det minste. Då eg hadde lagt ut gjenstand nummer tre, meinte eg på at eg snudde meg i retning bilen, og rekna med å sjå stien snart. Det skjedde ikkje. I staden høyrte eg fosselydar og rennande vatn. Det hadde eg då vitterlig ikkje høyrt på veg opp til sporstart?!

Eg hadde med meg mobil, og såg føre meg at eg måtte ringe etter hjelp om eg ikkje klarte å få meg fram til bilen. Eg gjorde derfor ei vending til, gjekk eit stykke, og for kvart steg eg tok, blei fosselydane svakare og billydar sterkare. Eg var på rett veg!! Medan eg var bittelitt lost, tenkte eg at eg kunne jo gått tilbake den vegen eg kom, men huska at det er då eg stort sett går meg heilt vill, så det lot eg klokeleg vera.

Vel tilbake i bilen var eg gjennomvarm og svett og særdeles lykkelig for at eg fant tilbake. To av Emil sine absolutte favorittleiker låg att ute i skogen, så eg måtte ut igjen på veg heim. Mellom halvannan og to timar seinare gjorde me nettopp det. Emil fekk på seg selen og langlina og så fekk han berre rusle på eigahand oppover frå bilen. Han tissa litt, og så gjekk nasen rett ned i bakken. Og farten auka VELDIG då eg hadde tatt av i frå stien og ut i skogen. Han virra og vimsa att og fram i sporet, og fant første gjenstand. Plukka opp og returnerte til meg for å bytte. Juhu!! Så bar det vidare, og han gjekk over gjenstand nummer to. Rett og slett fordi han virra forbi akkurat der.
Tredje gjenstand fant han, og den kom han til meg med. Me leika og drog litt, før han slapp av seg sjølv (!) og følgte sporet vidare. Og det var her eg gjekk meg littegranne vill då eg la sporet.
Han gjekk PAL i sporet mitt der eg hadde virra sånn, sjølv i den skarpe vinkelen eg måtte gjer då eg fant ut at eg gjekk i feil retning. Herfrå virra han mindre, og eg kjende meg att heile tida. Han fant siste gjenstand, favoritten, og det var ein happy liten svenske som fekk leike masse med den før me henta Ayla og gjekk ein liten rusletur innover vegen.

Eg må få farten ned og nøyaktigheten opp i sporet, men eg aner ikkje korleis eg skal få det til! <--- ny læringsmulighet for meg! Juhu! :-)

5 kommentarer:

  1. Godt jobba!
    Hadde ei t skjorte for mange år siden og på den stod det: "Support your lokal resque service - GET LOST!!!" - nesten Kari Anne...nesten...he..he.. :-D

    SvarSlett
  2. Ja, eg tenker på det når eg er ute og øver meg på å ikkje gå meg vill; at om eg gjer det, så er det sikkert nåken av dåkken som kommer og leiter etter meg, og det hadde vore altfor flaut ;-)

    SvarSlett
  3. Det hadde jo bærre vorre knaillkoselig å bi funnen av kjeintfolk, vel! :)

    SvarSlett
  4. Hadde nok vore knaillkoselig å bli funnen uansett, tenke eg ;-) Men joda, for all del :-)

    Eg blir redd nok når eg trur eg har gått meg vill fem meter fra veien, så eg håper eg aldri får bruk for dåkken! :-)

    SvarSlett