søndag, oktober 03, 2010

Flaum, tankar og milepæl

Ja, me opplever flaum her i dag. Det har regna og regna og regna i heile natt og i hele dag, og i løpet av fem timar endra tjernet seg frå dette:
DSC09079b

Til dette:
DSC09143b
DSC09128b
Den elva som renn framføre oss her er vanlegvis ein bitteliten bekk me ikkje ville sett på dette bildet eingong. Nå er den fleire meter brei.


 DSC09027n
Det datt ein tørrforklump under ovnen, og Emil rekk den akkurat ikkje.


DSC09038b
Det hender at Ayla lar seg lokke med i koseleik :-)


DSC09075b
Emil og Vetle koser seg i sofaen.. Eller.. Emil koser seg i allefall! :-)
   

DSC09153b
Milepælen: Litt fellestissing på kveldstid, og legg merke til det elegante beinløftet! Emil begynner å bli voksen! :-)

Så over til tankane.

I går stod eg og kasta ball til Emil med kastearmen, og eg prøvde ein ny ball. Den første gongen fant ikkje Emil ballen før etter mange minutter med leiting. Han ga ikkje opp, men leita veldig grundig. Så heiv eg den ein gong til, og då fant han den ikkje i det heile tatt. Ayla stod og nærmast sikla etter å få ut og søke. Mens eg var opptatt med å følge med kor han litle gule var, rusla ho ned på myra. Ho stoppa opp der og stod og kikka på meg.

Det var då eg falt for fristelsen å be henne leite etter ballen for meg. Eg viste med handa mot der ballen var (rett og slett dirigerte henne bort) og sa SØK! Ho sette nasen i bakken med ein gong og leita og leita og leita og tok i mot dirigering underveis og var snakkande til og dyktig. Ho stortrivdes og ga ikkje opp, ho heller, men måtte det til slutt. Eg fant heller ikkje ballen, bare så det er sagt.. kanskje myra slukte den?

Men eg fekk et glimt av den gamle Ayla.. eller den nåverande Ayla.. som har lyst til å jobbe, søke, leite, finne, avlevere, trene trene trene.
________________

Planlegging av treningslørdag 16. oktober er i full gong. Forslag til treningsstad er Oljedirektoratet, men eg trur me skal halde oss til Sola Ungdomsskule, der rallycupen skal haldas. Det var ikkje alle som kunne komme den dagen, men det BLIR fleire muligheter til å trene saman, det GARANTERER eg!!

Det me kjem til å trene på den dagen, blir ulike øvelsar med forstyrrelsar, deriblant FVF, kontakt, innkalling og skiltforståing. Forstyrrelsar kan jo vera så mangt, og for Emil sin del er det forstyrrelsar nok om hundar går litt nære han, så dette her blir spennande! :-)

3 kommentarer:

  1. Oi det var litt vatn ja:P

    Eg og Embla gledar oss til treningsdag:) Og med forstyrrelser detter jenta mi og ganske kjapt ut:)

    SvarSlett
  2. Derfor er det jo så fint å kunne trene planlagt på det, for då kan me justere avstanden sjølv, og halde det på eit nivå der hunden som jobber framleis klarer å konsentrere seg :-)

    Det skal bli så bra, så! :-)

    SvarSlett
  3. Du har også hatt flom ja:=)..
    Tenker Emil synes det var kjekt, Zebra hadde bading på land, veldig kjekt:)

    SvarSlett