torsdag, desember 16, 2010

Prosjekt Avlevering, ei veke og ca ti økter seinare.

Ja, då var tida inne for ein oppdateringsvideo.
Under den siste veka har me hatt omtrent ti økter jevnt fordelt under veka. Eit par dagar har han fått eitt av måltida fordelt som belønning for avlevering, og matvrak som han er, blei leika svæææært lite interessant så lenge det stod mat i skåla hans. Eg holdt meg prinsippfast og tenkte at dette måtte då vera Premacks prinsipp så det holdt.

Eg har trent enten inne eller ute på altanen fordi han då ikkje kan springe så veldig langt om han skulle få lyst til slike uhumskheter, og det overraskande momentet har vore at det ikkje har vore Den raude Duskehalen som har vore mest stas, men faktisk Guleballen. Den har han hatt eit par rundar med, men det har gått fort over. Til belønning har eg brukt hans eigne tørre matkuler i tillegg til litt mjukare godbitar som fiskepudding, godbitpølse eller ost.
Eg har erfart at han ikkje ser ut til å skilje på om han får EIN godbit eller fleire godbitar. Det som betyr noko for han, er kor lenge han får ete og korleis det blir servert. Med det meiner eg at det er likegyldig for han kor mange godbitar han får gnafse i seg frå ei knytta hand. Det som er aller mest stas er å få forsyne seg sjølv or godbitveska mi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar