lørdag, februar 05, 2011

Betente hårsekker hos hund. (Superfisiell follikulitt)

Kva er det? Jo, det skal eg fortelje; det er noko dritt!

Ayla er enig med meg i dette, men bøker seier at "Den bakterielle infeksjonen i hårsekken fører til rødme, små, runde hevelser, skorper og flekkvis håravfall. En slik infeksjon har nesten alltid en underliggende årsak, og din veterinær vil starte letingen etter denne mens behandlingen med antibakteriell sjampo, balsam og medisiner pågår."

resize_image_1704565991 
Området ho har betente hårsekker var først frå skuldrene og nedover ca 40 cm, to veker seinare er det frå halsen og nesten ned til halerota, så det har spredd seg ganske mykje.
resize_image_1704493071

Og den shamponeringen, den er berre noko me må gjennom. Der me budde før, gjekk Ayla rett inn i dusjen med halen opp og forventingsfullt uttrykk i ansiktet. Her me bur no har me dusjkabinett, og det var ikkje fullt så kjekt å gå inn då. Dei første gongene måtte eg hjelpe henne inn med overkroppen først og så bakparten. Dei to siste gongene har ho gått inn sjølv. Halen har kome lenger og lenger opp.

Når ho så er inne i dusjen, væter eg pelsen først, før eg tar på shampoen. Eg masserer den forsiktig ned til huden, og så skal den sitte i i 15 minutter. Derfor må Ayla gå ut av dusjen, legge seg på eit håndkle (helst utan å riste seg), og ligge der i eit kvarter. Når ho ligg der og ventar på at shampoen skal virke, må me jo finne på noko. Dei to første gongene leika me og koste me litt, men tredje gongen var ikkje det like stas lenger. I dag trente me på å ligge heilt i ro mens eg torturerte henne slik:

resize_image_1704267777

Me var til ny veterinærtime på fredag, og då blei det tatt skrapeprøvar av huda på ryggen.(Ayla låg heilt i ro og blei skrapt i huden og undersøkt av endå ein ny veterinær, uten så mykje som eit einaste lite knyst eller teikn til å reagere på nokon som helst måte).
Skrapetesten viste ikkje noko anna enn at det VAR betente hårsekker det var snakk om, men sidan det hadde spredd seg såpass, fekk me antibiotika i tillegg til shamponering og bruk av balsamspray.

9 kommentarer:

  1. Usj da, stakkars Ayla...
    Det bildet med godbiter oppover nesa var bare dritkult :-)) Tror ikke jeg hadde fått til det der med Isi...

    SvarSlett
  2. Eg hadde nok ikkje fått det til med Emil, heller, men Ayla er med på alt, ho :-)

    SvarSlett
  3. Stakkars godjenta:) Men du så flink ho er:)
    Håper på rask bedring, hudproblemer er no dritt.
    Kos dere videre

    SvarSlett
  4. Evy,
    Ja, håper det kan bli betre nå når ho har fått antibiotika. To veker med shamponering og spray fungerte ikkje, og fordi ho allereie gjekk på kortison, merker ho ikkje så mykje til heile hårsekkene som ho ville gjort om ho ikkje hadde gått på kortisonen.

    Og du fekk det jo til, jo! ;-)

    SvarSlett
  5. Huff, er det blitt sååå stort nå.. Får håpe at antibiotikaen hjelper godt og snarlig då, sånn at du kan sjå forbetring fort....
    God klem fra alle oss på Ålgård..

    SvarSlett
  6. Ja, håper den virker raskt.. eg skulle fortsette å shamponere og spraye, så då blir det bekjempa både innanfrå og utanfrå :-)

    SvarSlett
  7. Dette ser og oppføre sæ utrulig likt våteksemen som Snuppa hadde? Det starta med en liten flekk, og eksploderte i løpet av no time før ho fikk behandling.
    Ho fikk antibiotika som tok knekken på det ganske kjapt. Veit ikkje om du har hadd våteksem på dine, Kari Anne? Og om du klare å se forskjellen på det og detta?

    SvarSlett
  8. Slik eg har sett våteksem på mine hundar før, så likner ikkje dette på det. Dette er tørt og luktfritt og det flasser, mens det EG har sett av våteksem er vått og seigt og klissete og lukter.

    Håper antibiotikaen tar knekken på det likevel :-)

    SvarSlett
  9. Håravfall Men
    Håravfall Hos Kvinner
    Flekkvis Håravfall
    Planta hårfibre er sikkert, 100% naturlig og rimelig, og de er også svært enkle å bruke. Flekkvis Håravfall, Håravfall Hos Kvinner & Håravfall Men

    SvarSlett