Ja, då er altså mitt aller første rallykurs på gong her i Vennesla! Helga 29.4 - 1.5 blir det altså helgekurs i Rallylydighet på området til Vennesla Hundeklubb. Der har dei ei romslig hytte med kaffetraktar og strøm og toalett og greier, og god plass til å halde rallykurs på! Eg har fått med meg Carita som assistentinstruktør, og det skal også bli kjekt!
Ellers held me på å snø ned her for tida. Me hadde kome oss ned i 60 cm på flat mark - med god hjelp av mildt vær og litt regn, men nå dei siste dagane har det kome nye 30 cm snø i lag med masse vind, noko som gjer at me ikkje akkurat augnar håp om at vinteren skal sleppe taket heilt endå.
Men snø gir mulighet for tøffe bilete av hundane, og då særleg Ayla:
Når det gjeld dei betente hårsekkene til Ayla, så er dei ikkje betre. Eg shamponerer og sprayer og medisinerer henne utan at det ser ut til å ha nokon virkning i det heile. Eit par gonger har ho klødd seg på halsen, og begge gongene har det blitt store sår av det. Heldigvis er ho tålmodigheten sjølv, så det går fint å få stoppa blødningen og renska såra, og stelt henne på den måten eg vil. Eigentleg skulle ho fått klippa klørne sine omtrent nå, men då er eg redd at ein eventuell skade ved kløing vil bli endå større enn det vil bli med runde klør.
På biletet under er det veldig lett å sjå korleis huda på ryggen legg seg i bølger pga den er utvida av betennelsen. Her står ho til og med med hovudet nedover, og då burde i alle fall bølgene ha blitt glatta ut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar