mandag, februar 21, 2011

Calcinosis Cutis, eller forkalkning i huden.

I dag var det tid for dyrlegetime med Ayla igjen angåande desse betente hårsekkene hennar. Sjølv etter antibiotikakuren starta har området blitt større, og eg har generelt sett liten eller ingen bedring.

Ikkje ein einaste gong har eg sett Ayla vise teikn på smerter under denne tida, til tross for at  dette MÅ gjera vondt. Ho er i kronisk godt humør, har god apetitt, og går på do som vanleg. Eg fiklar minst mogleg med det, fordi eg veit at det jo gjer vondt sjølv om ho ikkje viser det til oss.

Når eg lar fingrane gli gjennom pelsen, er hårbotnen full av harde klumpar av puss som har kome opp or huden. Desse er brungule av farge, og setter seg heilt nederst på hårstrået. Nokre stader har huda sprekt, og det har kome litt blod. På halsen og nakken er huda ekstra tjukk, her er det i tillegg eit par sår (fordi ho har klødd seg eit par gonger), og over stort sett heile ryggen ligger den i folder. Som hos ein Shar-Pei, nesten.
resize_image_-1208842413 resize_image_-1208804774
Huden skulle eigentleg vore heilt glatt og jevnt farga her. I staden ligg den altså i folder og er rød og bleik og hoven og veldig lite elastisk.

Hjå dyrlegen i dag blei diagnosen "Betente hårsekker" oppgradert til noko som heiter Calcinosis Cutis, eller forkalkning i huden. Dette kan skje av ulike årsaker, og dei vanlegaste er:

* Kreft (ulike stader i kroppen, bl.a nyrene)
* Cushings Syndrom
* Langvarig bruk av - og dermed for mykje - kortison

Det som forhåpentligvis er årsaka til at Ayla har fått dette her, er det siste punktet. Og det som skjer, er at kortisonen trekker ut kalk av beina, forklarte dyrlegen, og presser det ut gjennom huden. Det høyres nesten om som ein sci-fi film, syns eg..

Ayla blei dopa ned i dag, og dyrlegen tok biopsi tre stader. Dette skal sendas til England for analyse, og så vil svaret kome om ei veke, sånn omtrent.
Vidare skal ho gå av kortisonen, med nedtrapping over ei veke. Me skal fortsetje med shamponering og balsamspray, og i tillegg skal ho få ei salve/gele som heiter Dolobene gel. Balsamen og geleen skal smørast på kvar dag.

Det vil likevel ta seks til åtte veker før ho får normalisert hudoverflate.
resize_image_-1214634245
Sånn ser det ut når ho står oppreist og er barbert. Det skulle vore glatt, og ikkje folder.



resize_image_-1208879189
Dette er midt mellom skuldrene hennar og nakken, der huda er tjukkast. Tipper den kan vera opptil 2 cm på det tjukkaste her.

 

Sjølv om seks til åtte veker er lang tid, kjentes det ikkje fullt så tungt ut å få vite det som eg hadde frykta. Kvifor? Fordi eg syns det er betre å vite at dette kjem til å ta tid. I byrjinga sa dyrlegen at eg ville sjå betring innan ei veke, og når eg ikkje gjorde det, så skulle me bruke spray i tillegg. SÅ ville eg sjå betring innan ei veke. Når eg heller ikkje DÅ såg betring, fekk ho antibiotika, og då ville eg sjå betring innan to veker. Eg spurte til og med om det kunne vera noko anna, sidan behandlinga ikkje fungerte, men fekk beskjed om at det VAR betente hårsekker likevel.

Då eg i dag fekk vite seks til åtte veker, og ei heilt anna diagnose, ga det meg ei heilt anna ro i kroppen. Nå veit eg det vil ta lang tid. Eg veit kor lang tid det kan ta, og kjenner meg også tryggare på at dette er rett diagnose.

Langt inn i hjarta mitt går eg og undrar på om det vil vera verdt å dra henne gjennom denne prosessen. Om eg i ettertid vil tenke at me like gjerne kunne latt henne sleppe då me fekk vite kva dette eigentleg var. Dyrlegen rådførte seg nemlig med ein spesialist i dermatologi hos hund, og denne kunne fortelje at det ville bli verre før det blei betre. Eg tykkjer det er ille nok som det er, og gruer fælt for kor ille det kan bli om det skal bli verre.

Enn så lenge klør ho seg ikkje, og me håpar det vil vera slik etter at ho ikkje lenger får kortison også. Kortisonen kan virka kløestillande, nemlig, men sjukdomen klør ikkje alltid.

12 kommentarer:

  1. Stakkars Ayla! Ho e tapper, må æ sei! Æ trur likavel ho ikkje naue så mykje, sia ho verken klør eller vise smerte. Som du skriv, ho har godt humør og matløst. Ho hadde ikkje hadd det vess detta va ille, trur æ. Nu har jo hunda et litt ainna forhold te smerta og ubehag enn oss (hjernen vårres gjør jo ailt 1000 gonga verre!). Skjønne at du får roa over dæ nu, samtidig som æ e med på frustrasjonen over feildiagnose og feilbehandlinga.. Det e surt å vite at det har gådd så lang tid uten at teng har bidd bedre. Håpe at det går bra nu, og at nedtrapning av kortisonen ikkje skape førr store problema (med kløe, ubehag og knean hennes).

    Klæm!

    SvarSlett
  2. Stakkar lille gullet - dette så vondt og fælt ut... :-( Godt du har fått svar på hva det er, og at du er forberedt på det hvis det evt. blir verre før bedring. Vi får håpe det ikke tar lenger enn de estimerte 6-8 ukene.
    Hvor store doser kortison gikk hun på, og hvor lenge har det vart nå?

    SvarSlett
  3. Usj - det der så ikke godt ut, men så bra at hun tilsynelatende ikke har store plager med det. Frustrerende når ting ikke går rette veien, så jeg håper nå at de har fått satt diagnosen og at det etter det verste er over bare kan bli bedre!

    SvarSlett
  4. At dokker aldri ska få fred!! Men eg e veldig glad for å høre at de endelig har funne någe som høres ut som en fornuftig forklaring på problemet og at det nå endelig ska gå rette veien (sjøl om det blir verre før det blir bedre...)

    God bedring til Ayla!

    SvarSlett
  5. Krissi,
    Ja, ho er tapper. Så det holder! Og eg håper det blir verdt det.. :-)

    Dyrlegen sa at hvis hu begynner å halte igjen når ho går av kortisonen, så får me sjå om me kan bruke andre typar smertestillande til henne i stadenfor. Ho snakka om eit eller anna nytt middel som eg ikkje husker navnet på eller gidder å bry meg med å sjekke opp for Ayla sin del. Den tid, den sorg.

    Og så meinte hu på at eg måtte slanke Ayla litt.. Men eg ser ikkje heilt det same som henne. Ho har vegd 45 heile tida, og nå for fjorten dagar si, stoppa vekta på 37. Ho har jo mista musklar, men likevel...

    *klem tilbake :-) *

    EB,
    Eg husker faktisk ikkje kor mykje ho har gått på sånn fordelt over dei siste ti mnd, men før jul gjekk ho lenge på 30 mg om dagen, og så trappa me gradvis ned til 20 mg om dagen for ca ein mnd sidan. Og det er så lenge som dette svineriet har vart.

    Gerd Marit,
    Ja, det er skikkelig frustrerande å gå her og tru at me snart skal sjå bedring og så istadenfor så blir det verre.. Nå venter me spent på resultatet av biopsien og at det er forkalkning og ikkje kreft. :-)

    Carita,
    When it rains, it pours. Då eg kom heim frå dametrim i kveld, hadde Emil skada seg på auga.. og Besta (89 år) ligger på sjukehuset etter et fall i kjellartrappa der ho svimte av og blei liggande og blei så nedkjølt at ho måtte til SUS. :-( Eg bestemmer at det er nok nå..

    SvarSlett
  6. Stakkars dere, og god bedringsklem til alle sammen. Tapre er både du og Ayla:)

    SvarSlett
  7. Ja, akkurat som du ikkje har nok. Æ veit korsen du har det. Klæm igjæn!

    SvarSlett
  8. Hei:-)

    Stakkars Ayla, hun er så en utrolig flott hund. Håper hun ikke har vondt, selv om det er vanskelig å tro når en ser bildene. Hunder er jo spesialister til ikke å vise smerter, det har ihvertfall jeg inntrykk av.

    Så gøy med så mange som leser den fine hundebloggen din, du er kjempeflink:))

    Hvordan går det med øyet til Emil da? Hva skjedde?

    Masse god bedring til både Ayla og Emil:))

    Marit

    SvarSlett
  9. Hei!
    Vil anbefale deg å oppsøke homeopat til hund, nesten uansett om du tror på sånt eller ikke....
    Har stor tro på det til sånne ting som det ayla har nå, og du slipper sånne legemidler som har så mye bivirkninger, som kortisonen feks.

    Merete Kristensen =)

    SvarSlett
  10. Uff, det der så ikkje godt ut nei. Har aldri hørt om forkalkninger i huden... Trodde forkalkninger kom inni kroppen, rundt ledd osv :-/
    Man lærer så lenge man lever. God bedring til Ayla :-))

    SvarSlett
  11. Marit,
    I følge mail fra dermatologen, så klør det nok meir enn det gjer vondt, sjølv om det SER vondt ut. Og det kan nok stemme, når eg ser korleis Ayla oppfører seg i det daglige.

    Auga til Emil ser bra ut nå. Eg er ikkje sikker på kva som hadde skjedd, men då eg kom heim på mandags kvelden, hadde han blod inne på auga. Ein liten minibagatell som eg vanligvis ikkje ville nevnt eingong, men akkurat på mandag kjentes sjølv dei små dråpane store ut :-)

    Merete,
    Har ingen problemer med homeopati, eg.. I utgangspunktet er eg særdeles alternativ av meg, men eg har forsøkt det på plagene ho får kortison for utan at det hjalp. Ho har nemlig skader i begge korsbånda bak, og kortisonen har holdt henne haltfri i nærmare ti mnd nå.

    Dette andre er kalsium som skal ut gjennom huden, og det tar den tida det tar uansett kva ho får...

    Tone,
    Har heller aldri høyrt om det før, men etter søk på nett, så er visst ikkje dette heilt uvanlig, sjølv om det ikkje er noko som skjer veldig ofte. Rottweilerar tåler visst prednisolon dårligare enn andre rasar, og er meir utsatt for denne tilstanden.

    SvarSlett