fredag, juni 17, 2011

Gode nyheter i fleng

Tida går fort, og den siste veka har det skjedd mykje.

Torsdag var me på Sørlandets Dyreklinikk og røntga Emil sine hofter og albogar. Det gjekk forholdsvis greit, han stressa jo akkurat slik me forventa. Men inne hjå veterinæren lot han dyrlegen undersøke han der ho trengte, og var roleg og flink då han fekk “I don’t care” sprøyta. Me blei der til han sovna, og så gjekk me ut i bilen og venta. Vetle var med, både pga armen min, og fordi han hadde ferieveke.

Då me blei ropt inn så me kunne sitje med Emil medan han vakna, var det ein særdeles trøytt og søvnig liten kar som låg på golvet der inne. Det tok ei stund før han vakna såpass til at han klarte å gå ut. Det som var så rart, var at sidan han hadde fått såpass med dop, var ALT av musklar og hud laust på han. Han hadde til og med svai i ryggen, og det slo meg kor lik Joey han eigentleg er.. På lang avstand var det skummelt kor mykje han likna… og eg fekk klump i halsen…

Emil sjangla framleis då me kom heim, og det var ikkje før på kvelden at han livna skikkelig til igjen.

-----

Lørdag hadde eg avtalt med Marit og Vinja at me skulle trene i lag på hundeklubben sitt område. Det er lenge sidan eg har trent i lag med nokon nå, eg har hatt for mykje vondt i armen til å kunne halde Emil eller leike med han, eller gå noko særleg. Eg merka godt på Emil at de er lenge sidan sist, for han både busta, brumla og sang litt opera då me gjekk ned på grusbanen der.

Etterkvart roa det seg, og me fekk trent bittelitt på det å vera i nærleiken av ein annan hund utan å klikke totalt, FVF, ankomme eit skilt utan å springe rundt det, tannvisning og eit par andre ting som eg ikkje hugsar.

-----

Søndag fekk eg mail om at eg hadde bestått dommarprøven, og at eg nå kan smykke meg med tittelen Dommar i Rally-lydighet! Og kan tru eg blei glad!! Nå er det berre å setje i gong med å planlegge stevner til hausten, både enkle og doble, og i helger  på dagtid. Herleg!!

-----

Mondag hadde eg avtalt med  Marit igjen, då skulle me inn i enden av vegen ved huset her og eg skulle setje opp ein Klasse 2 bane til henne. Dei skal nemleg til hundefestivalen i Sandefjord og gå konkurranse der nå i helga, så ho ville gjerne få trent litt, forståeleg nok.
Eg hadde med Emil denne dagen også, men hadde ikkje planlagt treninga, så det blei stort sett berre tull og fjas.

Denne dagen hadde me dessutan leigd oss minigravemaskin for å få jevna ut jorda på plenen, så medan me var innover og trente, fekk Vetle jobba heilt uforstyrra med å klargjere for plen.

-----

Onsdag leigde me oss ein hengar og var nede og henta over 4 kubikk med hestekompost hjå han som var her og leverte jorda. Han tilbaud oss gratis kompost, og slikt seier jo ikkje me nei til    ;-)

-----

I dag kom resultatet på HD bildene:
ScreenHunter_01 Jun. 17 01.34
Kneppinga i hofta er altså ikkje HD!! Han er pinadø HD fri!! Eg har ein HD fri hund!! Det var ikkje B eingong, det var A!!
Då eg sjekka for tjuande gongen i dag, og resultatet brått stod der, juuuubla eg høgt, og Vetle kom farande ut or badet for å sjå kva som var gale .Gledestårene stod allereie i augene mine, og han var heilt sikker på at eg hadde skada meg på eit eller anna vis. Eg fekk ikkje fram eit ord, eg var så glad og rørt og sånt, men då eg endeleg fekk stotra fram at Emil hadde A hofter, så gliste han også frå øyre til øyre.
Albogane må eg vente på, så eg får håpe at eg ser same bokstaven der    :-)

 

Og i dag var eg hjå frisøren og blei like fantastisk fornøydd som sist eg var der!

 

I morgon kjem Carita og Oliver på besøk, og det gledar eg med storleg til! Eg er spent på korleis det går mellom Ollifanten og svensken… ehm… han er jo ikkje svensk lenger, han er jo norsk.. skal eg kalle han svorsken då?

Ellers går det veldig langsomt framover med armen min. Det er framleis mange ting som gjer fryktelig vondt, og nå er det fire veker sidan det skjedde. Om ti dagar skal eg ta av gipsen for å sjå skikkeleg om bruddet har grodd slik det skal.

Då kjem eg ikkje på meir å fortelje, men nevnte eg at Emil har A hofter?????   *gliiiiiis*

9 kommentarer:

  1. HUrra - og gratulerer så masse med A-hoftene til Emil og Dommer-sertifiseringen. Satser på at det ikke er lenge til gode nyheter om armen også da!

    SvarSlett
  2. Eg svever i dag også, eg, faktisk, det er akkurat som om ei stor byrde har blitt tatt i frå meg. Den kneppinga vil nok forbli eit mysterie, men nå veit eg i det minste at den ikkje er der fordi hoftekula glipper i skåla! :-)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med både dommarembetet og med A hofter.
    Knapping kan komme av så mye, Isi har også knepping innimellom... og hun har omtrent aldri halta, er A hofter og albuer, fin rygg osv. Jeg har litt kneppelyder også, når jeg strekker meg.... :-/

    SvarSlett
  4. Du er sikker på at det ikkje bare e tablettane for armen som gjer at du sveve? hehehehe.. Måtte bare IGJEN!

    Det va DIGG at Emil har A-hofter, og eg forvente ikkje at det blir nåke aent på albogane. Gledeshyyyyyyyl!
    Rallydommar var skikkelig SUUUPERT, for då får eg endå fleirne sjansar til å trekke meg.. ;)

    Men mest av alt, eg er glad for at du har fått så mange gode og flotte beskjedar på så kort tid. =) DET unner eg deg virkelig!

    SvarSlett
  5. GRATTIS GRATTIS GRATTIS- dette var kjempegøy både med Emil og deg. GRATTIS igjen!

    SvarSlett
  6. :D
    Snille jenter får lønn til slutt!! Gratulerer Kari Anne - med alt!! :D

    SvarSlett
  7. Tone,
    Tusen takk! Kneppelydane er der jo heile tida, og eg syns dei er ekle endå, men nå får eg ikkje kvalmefornemmelsar kvar gong det skjer :-)

    Olaug,
    Hehe... kanskje det er tablettene, ja ;-)
    Og ikkje tale om at du får trekke deg fra neste konkurranse du melder deg på. Sjølv instruktørar og dommarar disker, gjer feil, har hundar som ikkje vil legge seg i sølepyttar, og ikkje minst; er nervøse før ein konkurranse. Det er bare å hoppe i det, for kvar gong blir det enklare å prøve seg :-)

    Evy,
    Tusen takk, kan tru eg er glad!! :-)

    Ghita,
    Tusen takk for det, nå må du bare førebu deg på konkurransar til hausten, så får me prøve oss begge to :-)

    SvarSlett
  8. JAAAAAA! :-D Nå måtte jeg juble her jeg sitter! Så utrolig fantastisk med A-hofter! Det var utrolig godt å lese!

    SvarSlett
  9. Therese,
    Takk for det, eg jubler sjølv også :-) Det føles nesten litt merkelig å ha ein HD frisk hund, men eg blir vel vant til det også ;-)

    SvarSlett