I helga har me altså hatt besøk av Carita og Oliver, og eg var spent på korleis dei ville gå i lag denne gongen. Emil har jo blitt litt eldre, og eg trur eg tenkte at han kanskje kunne vera litt hormonell eller pubertal. Han har jo blitt 17 mnd nå, og er vel i rette alderen for slikt.
Fredagkvelden var først Oliver med på besøk til Marit nede på Saga, så det blei ikkje helsing då. Me kom heim så seint på natta at det fekk vente til lørdagen. Men då var det jaggu to som absolutt var nøgde med å sjå kvarandre igjen, ja! Oliver og Emil har jo sett kvarandre med veldig jevne mellomrom sidan Emil var heilt knøttliten, så dei veit kor dei har kvarandre, og sjølv om Oliver syns Emil kan bli litt vel nærgåande av og til, er dei gode vener rett etterpå igjen.
Oliver var ikkje noko fan av Ayla, så ho fekk lov til å sove inne på soverommet vårt istadenfor å vera i stova og kontrollere (med streng hånd) dei to ollehundane Emil og Oliver.
Etter frukost reiste me ned på Agder forsenter og handla for altfor mykje, før me reiste heim att og tok ut vippa som Oliver skulle prøve seg på. Forresten, me gjekk ein bitteliten tur med dei, og Emil oppførte seg sånn måteleg greit inntil han såg ein annan hund som kom gåande. Då brumla han og busta, og eg tenkte at det skal bli heilt greit å gå på passeringskurs i august/september.
Oliver og vippa gjekk rettelig så bra, syns eg, og sjølv om eg fekk filma litt, skjedde det noko med kameraet som gjorde at filmen blei tatt opp i trippel hastighet, og det ser litt rart ut. Derfor har eg ikkje tenkt å legge den ut.
Godbitsøk etter endt arbeid.
Då det var vår tur til å trene, tjuvstarta Emil kvar einaste gong. Etter at eg trente på at han skal springe rundt stolen på Elitesamlinga i april, forsøker han det kvar gong eg stanser opp foran eit eller anna, om det så er rallyskilt, vippa, ei kjegle, eller kva det måtte vera. Forrige lørdag fann eg ut at eg ville la han finne ut på eiga hand at han ikkje fekk belønning ved å springe rundt skiltet, for så å belønne umiddelbart når det såg ut som om han tok seg i å springe framover.
Det same gjorde eg denne dagen. Eg gjekk roleg mot vippa, og kvar gong han styrta fram for å runde den greia i midten, stoppa eg berre opp og byrja på nytt. Etter fem-seks gonger registrerte eg at han tok seg i det, og etter det tjuvstarta han ikkje fleire gonger, og hadde rolige og beherska gjennomføringar.
Medan Oliver trente, stod Emil i band under eit bjørketre, og det fungerte heilt fint. Han maste ingenting, og syns det var heilt greit at Carita og Oliver leika. Det hadde IKKJE Ayla takla.
Eg var dessutan veldig spent på korleis Smiley ville takle å ha ein framand hund i nærleiken, men han sprang ikkje i tryne på Oliver slik eg hadde frykta, og flinke flinke Oliver valgte å gå vekk frå kattane oftare enn han valgte å følge etter dei!! Hæ! :-)
Me har ikkje bedt dei gå og legge seg, dette gjorde dei av eigen vilje.. Det å ligga i sola er deilig, nemlig! :-)
Etter ei kald ei på plattingen bar det inn for tacos og avslapping, og resten av kvelden sov faktisk hundane henslengt på golvet. I slike stunder er det herleg å vera hundeeigar
Etter at besøket hadde reist heim i dag, la Emil seg til for å sove, og han har ikkje rørt på seg etterpå.
ÅÅå så koselig helg dere høres ut til å ha hatt! Og det er ikke lett å skulle tilpasse seg å være på besøk, eller få besøk så det var godt det gikk så fint. Herlig å ha hund og godt selskap når alle kan oppføre seg. Carita var vel den "vanskeligste" he-he.
SvarSlettHørtes ut som et deilig besøk:)
SvarSlett