Mandags føremiddag sette eg meg og alt utstyret mitt i bilen og vendte nasen oppover mot Stavanger. Eg hadde to puter under armen for å forhindre altfor masse vondt, og det funka gullgodt!! Camilla Läckberg si lydbok: “Havfruen” førte meg raskt og greit opp til Ålgård og middag hjå Olaug, før me køyrde ut til Sola Vgs og traff Ghita halv sju. Banen blei satt opp i høljregn, og sjølv om eg flytta nokre skilt vekk frå dei verste bekkene, hjalp det ikkje så veldig.
Note to self: forsøke så godt eg kan å ordne grusbane til konkurransar.
Å halde paraply med to brudd i armen kan ikkje anbefalas. Skriveplata kom til nytte denne kvelden også, og Olaug var uvurderlig hjelp denne kvelden. Ho pilte til og stod til rådighet kvar einaste gong eg trengte hjelp, om det så var å halde paraplyen medan eg fann noko i bilen. Heilt fantastisk!!
Det blei nokre diskar denne kvelden, og på veg heim tenkte eg at eg nok syns det er FOR enkelt å diske, noko eg nok kjem til å ta opp ein gong det passar seg slik. Eg har lest dei svenske reglane for Rally, og der er det mykje vanskeligare å diske. Nokre av våre diskar kunne kanskje heller vore større poengtrekk i stadenfor disk.
Ghita og mine vurderingar i banane er nok ganske like, så eg er endå meir trygg på dømming nå etter Bø helga enn eg var før det.
Ghita og eg i strålande dommarhumør :-)
Då klokka var eitt om natta var eg heime igjen, og eg skal innrømme at eg var dønn sliten og armen verka temmelig grundig.
Dagen etter skulle eg til kontroll på sjukehuset, og denne legen kunne fortelje meg at litt av årsaken til at eg har hatt så vondt, er at gipsen ikkje har gitt nok støtte. Mhm…. Nok ein gong har eg altså fått bekrefta at eg ikkje berre er pysete. Det seier seg sjølv når gipsen ikkje har gitt nok støtte.
Tirsdags morgon klarte eg endelig å bruke to hender på tastaturet igjen, så nå blir det kanskje litt fleire oppdateringar i bloggen. Juhu!!
Her er forresten linkar som omtaler stevnet på mandag:
http://gunnasheim.blogspot.com/2011/06/garsdagen.html
http://corasblogg.blogspot.com/2011/06/svenska-flaggans-dag.html
http://tyewed.blogspot.com/2011/06/rallystevnet-6-juni-2011.html
http://rallylydighet.blogspot.com/2011/06/resultater-fra-rally-lydighets-stevnet.html
Video av Cora og Gerd Marit:
Video av Embla og Gunn:
Fikk du ny gips da - siden du plutselig er "writable" igjen?
SvarSlettSynes det er lettere utrolig at du gadd å ta hele veien opp og ned samme dag "bare for oss" :) Og jeg må jo og få si at banen var satt særdeles sympatisk og strategisk i forhold til vann, og det kunne vært helt andre skilt som hadde vært vanskeligere på en dag som vi hadde på mandag. god planlegging og sympatiske dommeregenskaper :) Håper det går fort framover med leging av armen og at du snart får svar på teoretisk dommereksamen også (ikke det at jeg tror det blir noe problem!)
Fekk ikkje ny gips, det var nok Stavangerlufta som plutselig gjorde meg i stand til å skrive med begge hendene :-)
SvarSlettOg for meg er det ikkje snakk om å "gidde", det er snakk om et brennande ønske om å oppnå et mål; nemlig å bli dommar i Rally-lydighet, og kva er vel kjekkare enn å få sjå kjente og kjære ekvipasjar samarbeide godt saman - på veg mot det målet? :-)
Og ja, eg håper armen kjem seg raskt nå. Eg er lei av å begrense meg nå på denne årstida, og eg har jo sjølv kurs eg går på og som eg treng å trene Emil til..
Forresten, takk for fine ord :-)