mandag, mars 12, 2012

Ein ny Emil har dukka opp…

Frå før av har me jo Mister Brumlebasse, Operasongaren, og nå har altså ein ny Emil dukka opp. Andre har nok sett han tidlegare også, men ikkje eg, av ein eller annan grunn. Eg trur nok at samtalane i Drammen hadde sitt å seie på at eg i dag opna augene mine for …. Emil den Fantastiske!

Me skulle ned og trene i lag med rallygjengen i dag, og der visste eg jo at det ville kome ei høgløpsk tispe. Det eg ikkje visste, var at det skulle komme TO løpske tisper.

Medan me sette opp banen, hadde eg Emil i bur ute, fordi eg då kan ha litt meir kontroll på kva som skjer når han skal trene.

Eg tenkte at eg hadde lyst til å sjå om det var nokon forskjell på før og etter at løpetispene hadde gått, så eg meldte meg frivillig til å gå banen først. Det var ein full bane, eg husker ikkje kor mange skilt det var..
Eg inviterte han ut or buret og rett i leik. Han hang fast, som vanlig, og me kunne raskt gå litt lineføring og litt holdtar. Då eg følte me hadde god kontakt, starta eg, med Marit i banen som dommar. Han gjekk som ein GUD!! Eg gliste meg gjennom nesten heile banen til me kom til der “publikum” stod. Då nølte han med å sitje, men eg kan ikkje seie om det var pga publikum eller hunden som var bak dei. Sannsynligvis hunden. Me jobba oss gjennom det, og avslutta med heftig leik bort til buret.

Så gjekk alle tispene, både løpetisper og ikkjeløpetisper, og så var det Emil sin tur igjen.

Dei første to skilta gjekk greit, men så merka eg at eg gjekk og venta på at det skulle gå gale, og gjorde derfor bare gale ting. Eg gjekk berre og venta på at han skulle sette snuten i bakken og bli der. Og så skjedde det. Han blei heilt hinsides fortapt i å snuse der dei andre hadde hatt rumpa i bakken, og eg fekk han ikkje i leik med hverken den rød pelsedingsen ELLER fyrtårnet ELLER pipeballen. Han skulle bare snuse!
Då eg såg at det eg prøvde ikkje funka, fant eg ut at eg skulle forsøke å seie nei, og så belønne kontakt. Det funka faktisk, og eg starta på nytt. Då gjekk han kjempefint, og eg mista han bare i bakken eit par gonger etter det. Då han klarte å ligge der tispene hadde lagt, UTEN å snuse, heiv eg fyrtårnet avgårde der eg visste ingen av tispene hadde gått, og der og då gjekk det opp for meg kor flink han egentlig er! At han klarte å jobbe med meg, endå han VISSTE at det låg godlukt der ute i banen, var tydeligvis det eg trengte for å innsjå at han er Emil den Fantastiske! Nå må eg berre trene vidare på at det er andre hundar ute medan med går banen, for det vil me jo garantert oppleve i ein konkurranse.

Men kvelden har gitt meg ein SJUKT god følelse for tida framover! Torsdag er det LP trening, og då skal eg også vera modig! :-)

14 kommentarer:

  1. Fantastisk!! Ja han Er fantastisk, din gule fare!!
    :-D stå på! Vær modig!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Helga i Drammen ga meg altså mykje meir enn eg hadde planlagt, så nå er det bare beine vegen oppover! Juhu!!

      Slett
  2. Wow, så utrulig flott!!! Endelig har du åpna augene for den fantastisk flinke hunden din <3

    SvarSlett
  3. Flinke Emil, er så deilig med slike oppturer:) Kos dere videre

    SvarSlett
    Svar
    1. Egentlig føles det ikkje som ein opptur, for me har på ein måte ikkje hatt nedtur.. han har vore flink heile tida, eg har bare ikkje sett det for alle bagatellene eg har hengt meg opp i... Men deilig? JAAAA!! :-)

      Slett
  4. Gratulerer så mye med din "nye" fantastiske hund :) Jeg har bare ventet på den oppdagelsen fra din side, - for med en fører som deg MÅ det bare bli bra! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Åååå... det var fint sagt, Ghita :-) Ja, i kveld er det på'an igjen med LP trening, så eg satser på at den gode følelsen fortsetter :-)

      Slett
  5. Hei, hei og god kveld i stuen, alltid koselig å lesa bloggen din, nå er det ikke så ofte det blir gjort, når vi ikke har hund lenger så er vi ikke så "gira" som vi engang var, men en dog...det var kjempekoselig å få Vetle på besøk og vi hadde masse å snakke om. Ja imorgen så går den gamle volvoen til knoksen, nok er nok. Han har tjent oss trofast i mange år, kilometertelleren stoppet på 386tusen, men jeg tipper at den har gått nærmere 500tusen, får håpe at han kommer til Volvoens paradis og får fred. Dukker vel opp i spikerpakken om noen år, reinkanasjon heter det visst. Ok, du må hilse så mye til Vetle, så må dere ta vare på dere sjøl og hundene, hvem vet plutselig står jeg på trappa og spør etter kaffi...:)))

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Arnold!
      Ja, det var kjekt at Vetle fekk tid til å stikke ein tur oppom dåkken. :-)
      Gamle Volvoar dør ikkje, seies det, dei må skytast.. Og når eg kjørte min eigen til Knoksen, lovte han meg at den skulle strippast for alle tenkbare brukbare deler først. Må innrømme at eg felte ei tåre den dagen ;-)

      Du skal få både kaffe og klem om du dukker opp!

      Slett