lørdag, mars 31, 2012

Kvil i fred, min elskede Legolas.

SAM_2676SAM_2694
SAM_2473
Legolas likte også å ligge i sofaen, og det var ikkje så farleg om Ayla låg der frå før.



SAM_2478SAM_2479
Det hendte av og til at han kom og la seg på fanget, og då la eg stort sett vekk det eg eventuelt haldt på med, for Legolas var berre kosete på sine eigne premisser. Eg kjende meg alltid utvald når han kom og ville kose.

I mars 2003 døydde Tinka, og Joey sørga djupt og inderleg over henne. Så intenst at han gjekk ned i vekt, ville ikkje bli med på tur, og hadde dårleg matlyst. Han kunne sitja i innkjørsla og kikke bortover vegen som for å sjå om Tinka ville komme snart. I mai det året fekk katten til Olaug ungar, og Legolas var blant dei. Han flytta til Vistnes i august, og berre eit par dagar seinare fekk me gamle Joey tilbake.  Dei levde i respektfull tosomhet til Ayla kom i 2005, og Legolas tok godt i mot henne.
På Vistnes hadde han TRE stover han kunne rusle inn i på sommaren, for han øydela aldri noko, eller gjekk på do inne. Han hadde også Pusi, katten til husvertane våre, og dei to tilbrakte mykje tid saman.

I 2010 flytta me til Iveland, og Legolas sakna tydeleg selskap. Difor kom Smiley til oss i fjor på denne tida, og Legolas livna til igjen. Dei to leika og koste og eg blei rørt til tårer første gong eg såg at dei stelte kvarandre.

Legolas likte alltid godt å bli med på tur, både på Vistnes og her i Iveland. Ein gong var han med heilt inn til enden av vegen her (2,2 km), men heim att måtte eg bære han litt. Det var varmt og han var ikkje ung.

Han kunne gjerne finne på å kødde med Emil når han var i humør til det, og då sat han og veifta med labben litt sånn halvhjerta mot Emil sin snute, for det fekk alltid Emil til å bjeffe og hoppe vekk. Når Legolas så blei lei, slutta han berre å veifte, og så var leiken over.

For nokre få veker sidan var han med meg i skogen her og la spor til Emil. Og han ville alltid sjå kva me haldt på med når me arbeidde ute. Anten det var i drivhuset eller nede i hagen.

Så, i går, såg eg at Legolas ikkje var heilt i form. Eg tenkte først at han hadde vore i slåsskamp med dei ukastrerte kattane som av og til rusler rundt huset her, men kom på at eg måtte sjekke om han kunne ha bittsår, hevelsar, kloremerker eller andre ytre teikn. Då eg kjente på magen, var den veldig hard, og samanlikna med Smiley sin mage, var Legolas knallhard. Det fekk meg til å mistenke forstoppelse i urinrøyret, så eg ringde dyrlegen. Ho sa at det kunne vera så mangt, men at eg kunne sjå det an til dagen etter.

I dag var han blitt verre, så då bar det ned til veterinæren. Då ho kjente på magen hans, mjaua han til, og han fekk beroligande middel så dei kunne forsøke å tappe urinblæra. Undervegs kom ho ut og fortelde at det var mykje grus oppi der, og at det kanskje ikkje ville gå bra. Litt seinare kom ho ut igjen, denne gongen for å hente stetoskopet. Då tenkte eg at det var for å lytte på Legolas for å sjekke at han framleis levde. Og det var det. Og det gjorde han ikkje. Det hadde brått fossa blod ut or han, og så hadde han trekt pusten for siste gong. Heldigvis var han neddopa då, så han hadde det ikkje vondt.

Me fekk med oss Legolas heim for å begrave han, og Smiley fekk snuse på han. Det gjekk forholdsvis greit, og nå ligg altså Legolas under eit tre på andre sida av bekken. Eg ser plassen frå stovevindauga, og er glad for at me fekk han med oss heim att.
Han vil bli sårt sakna, og eg kjem til å felle mang ei tåra over han.

SAM_2671
Eg og hundane koste oss ved tjernet ein dag, og då kom Legolas også bort for å kose litt.

12 kommentarer:

  1. Stor klem. Det er alltid helt grusomt når de dør.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for klemmen :-) Ja, det er det kjipe med dyr, dei lever kortare enn oss.. Eg var liksom ikkje heilt førebudd på at det var Legolas sin tur nå..

      Slett
  2. Kondolerer,det er alltid svært trist når de dør. Men det høres ut som han har levd et skikkelig fantastisk katteliv.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det.. Joda, han har hatt det fint, han, og har fanga mang ei mus, spesielt her i Iveland. Den første sommaren låg det mus ved dørene til alle tider :-)

      Slett
  3. Svar
    1. Tuuusen takk!!! Det fine med klemmar er at ein automatisk får ein tilbake :-)

      Slett
  4. Å så trist, begynner å grine her jeg sitter og leser.....

    Du skriver så utrolig flott om dine kjære:-))). Tror Legolas hadde et supert liv hos dere:-)

    Klem Marit

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for fine ord :-) Ja, han hadde det nok godt her hos oss. Han hadde lært seg å banke på vinduet for at me skulle sleppe han inn, og han ga aldri opp før me gjorde som han ba om. I går kveld gjekk det for alvor opp for meg kor mykje ein liten katt på to kg kan gjer utav seg, for det blei veldig tomt etter han.. Sukk...

      Slett
  5. Kjære deg. Så trist! Men så nydelig han var! Og så godt han har hatt det! Føler med deg og dere. Gode tanker fra Hilde

    SvarSlett
    Svar
    1. Tuuusen takk for det, Hilde :-) Ja, han var nydelig! Og takla alt av besøk, både ungar, hundar og vaksne.. Huff, eg savner han sånn, atte...

      Slett