tirsdag, april 25, 2006

25/04/2006 Lite samandrag av dei siste dagane.

Fredag blei det ikkje så mykje trening, for me drog på Solomon Burke konsert på kvelden.

Lordag hadde me Ayla med oss då me skulle ut og kjøpe ny pc, men det blei bare ei lita stund ute av bilen. Eg var ikkje blitt skikkelig frisk endå, og makta ikkje så mykje. Men me fekk då trent litt sitt med mykje forstyrringar.

Søndag var det trening med Anne Karin og Shaylee igjen. Ayla trente på rygging og vinklar, og då Brita kom, fekk me trent på utfall. Brita byrja å gå mot oss medan eg klikka, og til å begynne med var ikkje Ayla så interessert i meg. Det tok seg opp, og endte med at Ayla gjekk bort til Brita og la haka i handa hennar så Brita fekk klø henne under haka. Veldig bra.
Etter litt over ein times trening, køyrde me til Forus Travbane på matchshow. Ayla takla det kjempeflott, og då ein unge kom bort til henne og sette seg på huk, gjorde ho det ho kan best; rundsleika andletet hans. Me sette oss til å sjå på dei som var i ringen, og brått kom der ein mann bort til oss som sette seg på huk. Han hadde ein dvergpuddel i armane, og strekte armen bort til Ayla for å klappe henne. Det var stas!! Puddelen syns ikkje det, og knurra morskt. Ayla trakk seg litt unna, men ikkje lenger enn at mannen fortsatt kunne klø på henne. Ho stod og nøyt det litt, og så reiste mannen seg igjen. Medan me var der, trente me litt rygging igjen, og vinkelen gjekk strålande!

Mondag blei det ikkje noko trening, anna enn litt oppstilling og ny innkallingstrening. Eg skulle hatt kamera på meg og Ayla kvar gong me trener, for det hender faktisk at eg klarer å lære henne noko som sit ekstremt godt! Men eg anar ikkje korleis eg gjer det! Det siste no er ein kommando for at ho skal koma til meg. Det er eit handsignal som til og med Vetle hadde god virkning av! I dag kom ho nemleg susande når ho såg signalet, sjølv om ho stod og åt saueperler!



Halvannan veke til utstillinga i Kristiansand, og eg byrjar no hardtreninga.
Travinga går heilt flott no! Tidlegare trava ho kan hende 1 av 20 gonger, og nå passer ho 1 av 20 gonger! Det treng eg ikkje tenke på lenger.

No må eg konsentrere meg om oppstilling. Og det å ta på kroppen. Tannvisning stolar eg på vil gå greit, og løpetida er nå i ferd med å gå heilt over.

Oi!! Må hugse å sende påmelding til Haugesund!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar