lørdag, september 29, 2007

Rolig tur med EIN passering.

Vetle insisterte på at eg skulle få ny ytterbukse, og eg var veldig vanskelig å be.. Den måtte jo testes då me kom heim igjen, så eg tok med meg Ayla på tur.


Eg gjekk og tenkte på det Bob Bailey sa, som eg fekk klump i halsen og tårer i augene av, nemlig at "Training animals is the easy part! To effectively teach or train, you must first change your own behavior." Det ER verkeleg vanskelig å endre eigen adferd. Kvifor? Vel, det er ikkje enkelt å observere det ein sjølv gjer i einkvar situasjon. Mi løysing på det problemet er å planlegge på førehand kva eg skal gjer dersom sånn eller slik skjer.

Eg later som om eg er i den situasjonen, og øver på det i fantasien min. Prøver å sjå føre meg koss Ayla ville reagert, kva eg skal gjere dersom ho likevel hopper fram og bjeffer, at eg klarer å puste djupt inn og ut, senke skuldrene, at det ikkje er min hund eg trener(av ein eller annan grunn hjelper det meg til å distansere meg fra situasjonen slik at ikkje kjenslene mine speler inn i like stor grad).

Eg tenker også mykje på at bjeffinga er nettopp det: berre bjeffing. Ho har aldri vist teikn til å ville bite, heldigvis.

Dessutan ser eg no at sladreadferden begynner å ta form. Ho ser ein person laaaangt der framme, og snur seg mot meg. Eg klikker og gir godbit. Ho ser på personen igjen som no er nærmare, og så på meg, og eg klikker og gir snadderbit. Dermed går ho pal ved sida av meg til personen er forbi. Dei gongene eg stopper opp og har henne sitjande ved sida av meg mens folka passere, skjer det same.

Turen opp til sentrum på fredag gjekk jo kjempebra, men då var pulsen min vanvittig høg! Eg må vanligvis jogge litt for å få pulsen opp i 140, og den kvelden gjekk eg veldig roleg! Eg var heilt utslitt resten av kvelden, så det tok verkeleg på!
Slik stoda er i dag, kan eg ikkje skjøne kva eg tenkte på i mai då eg seriøst vurderte avliving. OG når eg ser tilbake, trur eg dette møtet med Krissi og Aud var vendepunktet for Ayla og meg.

Vel, tilbake til turen.
Me passerte EIN hund som gjekk tur med to småjenter. Eg ga snadderbitar her også, til tross for at eg hadde bestemt meg for å spare dei til passering av folk. Så tenkte eg at eg kan jo like gjerne jobbe med bjeffinga på hundar samtidig som eg jobber med dette med folk og sånt. Ho drog ikkje i bandet og bjeffa for å komme bort og helse, så det var jo vellykke i så måte.

Då me var nesten ferdige med turen, kom det eit eldre ektepar på stien. Dei gjekk så didlande seint at eg trudde eg skulle gå tom for godbitar før dei var forbi! I tillegg stoppa dei opp rett framfor oss for å kikke på kva eg holdt på med, men eg kikka ikkje opp for å invitere til samtale, eg berre konsentrerte meg om Ayla. Folkeskikk får vike når eg trener hund ;-).
På veg heim gjekk eg og funderte på kva ved min adferd hadde endra seg på ein slik måte at Ayla ikkje lenger føler behov for å bjeffe vekk alt som beveger seg i vår nærhet. Eg fant ikkje svar.

1 kommentar:

  1. Det er ALTFOR lenge siden jeg har vært innom i bloggen din, og nå må jeg lese meg opp. Dette innlegget var så deilig å lese. Så utrolig langt dere har kommet, både du og Ayla!! Jeg er spesielt glad for at de tankene du hadde i mai ikke fikk følger for Ayla. For en slik matmor og trener, skal hun sannelig lete lenge etter! Klæm!!

    SvarSlett