lørdag, september 01, 2007

Blåtur




I halvannan mnd har me visst på jobb at me skal på blåtur. Ingen har visst kor me skulle, og nå nylig fekk me vite at me trengte sovepose, redningsvest, fritidsklær og joggesko eller fjellsko.

I går skulle me endelig dra, og ikkje før me kom fram, fekk me vite kva opplegget bestod av.

Me reiste til Norrøngard på Ombo der me skulle gjennom ei høgdeløype, skyte med pil og bue og med luftpistol. Etterpå skulle me grille og kose oss og overnatte i lavvo på feltsenger.


Var det midt i blinken for meg, eller var det midt i blinken for meg?? Eg jubla høgt og hemningslaust inni meg då eg såg denne høgdeløypa, for det var same opplegget som eg har sett på tv når det er snakk om teambuilding og sånne ting.


Me måtte ha på sele og hjelm og lære om sikring. Hindera bestod av:



1. Hengebru. Passe fast og veldig enkel.



2. Hengebru. Vinglande. Trinna hang fra tau. Her fekk eg berg og dalbane følelse og lo nervøst heile vegen over.















3. Linebalansering. Slakk line. Tauar hang ned fra ein vaier lenger oppe på treet, og det var det me kunne støtte oss på.











4. Edderkoppnett. Taunett, ganske slakt, kanontungt å komme seg gjennom. Av sju damer trakk fire seg her pga armar og bein ikkje ville meir. Eg var ikkje ein av dei. :-D



5. Chaplin. To stålvaiere, slakke, og ein slakk tau å halde seg i. Her gjaldt det å halde balansen OG saman, for vaierane ville heile tida vekk frå kvarandre.

























6. Ny linebalansering. Lenger enn nr. 3. Men tauane som hang ned var lenger frå kvarandre. Lina var litt stramare.



7. Endå ei linebalansering. Veldig lang. Vaieren slakkare. Taua lenger frå kvarandre.



8. Slengtau. Tjukt tau som var festa litt over midten av ein vaier lenger oppe. Ingen knutar på tauet, me skulle berre halde så langt oppe på tauet med klarte, og løfte beina då me kom bort til det andre treet. Då eg stod og skulle gjere dette, svikta motet.
Eg visste at eg ikkje kom til å klare å halde meg oppe, langt mindre løfte beina når eg kom bort. Eg var altså ikkje i tvil om at eg kom til å ramle. Og grua meg. VELDIG! Men siste hinderet var ein sånn lang taubane der me bare hang i selen og rant bortover mellom trea. Og den VILLE eg ta. Derfor tok eg til slutt eit godt grep i tauet og tok sats.
Ca. halvveis kjente eg at hendene sklei nedover på tauet, og då eg glapp taket, havna eg rett i platået i det andre treet.
Eg traff hjørna med venstre brystet, og det gjorde så vanvittig vondt! Kollegaene mine ropte bort og spurte om det gjekk bra. Jadda, eg hang der, midt mellom dei to trea.. Selen stramma på særdeles lite flatterande plasser, og ting tøyt ut her og der. Det var flaut og vondt og mest av alt var eg lei meg fordi eg trudde at eg ikkje kunne få ta taubanen. Folk ropte at eg måtte få stige, eller at nokon måtte skjære meg ned, men at eg uansett måtte få hjelp.
Hjelpejenta fekk dratt meg bort til det treet eg hadde sikta på. Men eg hang langt under platået, og hadde ingenting å ta tak i for å heise meg opp. I ettertid fekk eg vite at ingen trudde eg ville klare å komme meg opp der, for eg måtte då vera sliten i både armar og bein etter alle dei andre hindera. Men eg SKULLE opp, og sendte ein stille takk til Ayla som har gjort meg rimeleg sterk i armane. Eg fekk til slutt samla alle kreftene eg hadde igjen, og fekk slengt den eine foten opp på platået. Deretter tok eg tak i ei hempe som hang eit stykke opp på treet, og fekk til slutt halt meg oppå. Då kom applausen frå kollegaene mine. Og det kjendes godt! :-D






10. Taubanen. YES!!! Deilig lang taubane som kitla godt i magen og ga vind i håret som hang utanfor hjelmen.






Merka du at det ikkje var eit punkt ni? Der var 10 hinder, men der er eitt eg ikkje hugser.






Knallkjekt!!!






I dag er eg øm og gåen i absolutt alle musklar i heile kroppen. Deilig!!!












Dagens spørsmål: Det seies at utan frykt, fins ikkje mot. Betyr det at uansett kva ein er redd for, er ein modig om ein gjer det likevel? Også å sette seg i ein båt der ein veit at sjåføren ikkje er edru?

3 kommentarer:

  1. Å! Det hørtes knallarti ut!! Æ å vil! :) "Også å sette seg i ein båt der ein veit at sjåføren ikkje er edru?" Nei, det e dumdristighet, som te forveksling kan ligne mot.

    SvarSlett
  2. Ja, det var utrolig gøy! Og absolutt skummelt, selv om det kanskje ikke hørtes sånn ut. Men selv om jeg ikke er kjempeglad i høyde, hadde jeg det for travelt med å konsentrere meg om å holde balansen til å legge merke til hvor høyt oppe jeg befant meg.

    Når det gjelder båten, endte jeg opp med å ta ferje hjem i dag.. Dumdristigheten (som kan forveksles med motet) svikta og jeg feiget ut.

    SvarSlett
  3. Hørtes ut som et godt valg! Handlinger basert på dumdristighet har tendensen til å slå feil. :)

    SvarSlett