Sidan eg hadde avtalt med Olaug og jentene pluss svigermor om å vera heiagjeng, så kunne eg jo ikkje trekke meg. På dagen i dag kom det melding frå Ellen Beate om at ho hadde tenkt seg å komme for å sjå på, og det var SÅÅÅÅ koselig, for det er nesten fleire mnd sidan me treftes sist!
I går og i dag har eg gått gjennom skilta og pugga høgre og venstre vendingar, og tørrtrent på korleis eg skulle gå.
Då klokka blei fem, pakka me hundar og svigermor i bilen og køyrde til Tananger. Halv seks begynte me briefingen, og gjekk gjennom banen, skilt for skilt. Eg las nøye på kvart skilt, og rakk fire eller fem gjennomgongar før den første deltakaren skulle i ilden. Eg var nummer fire, og då nummer to var ferdig, gjekk eg i bilen og henta Ayla.
Me plasserte oss på plenen eit stykke frå ringen, og ho sleit veldig med å ligge i ro då ho høyrde stemmene til Olaug og jentene og svigermor. Men ho klarte det ved hjelp av litt pølsebitar og ein omgang med frosken.
Då ei av dei andre kom gåande for nært, reagerte Ayla med å slenge seg ut i bandet så eg velta overende, og ho bjeffa og stod i verre. Etter det EG syns var ein evighet, fjerna ho andre seg, og eg fekk kontakt med Ayla igjen.
Det var kjipt at ho fekk dette utfallet, sånn rett før me skulle i ringen. Eg fekk ein bestemt følelse av at dette hadde blitt for mykje for henne, og då eg starta, syns eg ho virka litt ukonsentrert.
Etterkvart i banen smilte eg berre meir og meir, for ho hang som klistra til låret mitt! Alle øvelsane gjekk som smurt, og tanken streifa meg om at noko måtte ha gått gale sidan eg syns alt gjekk så bra. Ved skilt 16, som var stopp, vri til venstre, stopp hoppa ho opp litt då eg hadde vridd meg - noko som førte til at eg snubla litt. To skilt seinare var eg ferdig, og eg frykta veldig at eg hadde fått disk.
Men det hadde eg ikkje!!! Det viste seg at eg hadde fått tre poeng trekk for den derre post 16, og endte opp med 197 poeng og andreplass!! Dermed blei det pokal og greier
Eg må berre skrive det ein gong til: 197 av 200 mulige!
KANONFLOTT Kari Anne!!!!
SvarSlettDet va så kjekt å var der å sjå på deg idag, og jentene hadde gleda seg kjempemasse, og sa etterpå at det var kjempekjekt(te tross for den bitande kalde vinden).
Du og Ayla er superflinke, og tenk!!!! ein rottis som e så dyktig ved fot.. =) Din fot!!
Du e kjempeflink, mitt stora hundeidol. =)
Kjempeklem fra søs
Gratulerer Kari-Anne. Dere gikk bare såå sinsykt bra i går, skulle ikke tro dere hadde gjort noe annet! Tenk direkte opprykk til klasse Avansert på første forsøk, og det med nesten full pott (poengsum)!
SvarSlettEnda en gang gratulerer, kjempebra jobba!!
Ghita.
Gratulerer!!! Kjempebra. Dere er virkelig flinke begge to!
SvarSlettDette var veldig kjekt. Ønsker dere en riktig god jul.
Klem fra Anita
Fikk helt tårer i øya når jeg så den filmen. Dette ser skikkelig skikkelig nydelig ut, Kari Anne!
SvarSlettGratulerer med en fantastisk debut - og pokal!! :D
Tusen takk for alle de fine ordene! Jeg er SÅ kjempefornøyd, og svever nærmest i dag! Det synes ikke på filmen, men jeg følte jeg gikk og smilte gjennom hele banen :-)
SvarSlettJa nå kan du puste ut og kjenne på at julefreden senker seg ;O)
SvarSlettØnsker dere ei riktig GOD JUL! :D
Så kjempefint det så ut! Gratulerer så mye med det fantastiske resultatet!
SvarSlettGod jul og godt nytt år!
Dere gikk knallbra :) Så kjekt at dere filmet, hvor kan jeg finne filmen av meg og Oscar?
SvarSlett