mandag, desember 08, 2008

Prosjekt "Stimuluskontroll"

Ja, då er det sagt, eg skal gjer noko med min angstpanikk for å setje kommando på atferd.

Det er ikkje utan grunn at eg har angst for stimuluskontroll, for det er ikkje så enkelt, akkurat det... For meg...

Det krever konsekvent handling frå mi side, og strenge kriterier for Ayla. Det er mogleg at eg (usj) må til med detaljert kriterieplan for dette her, og faktisk gå inn for å trene meg sjølv i å vera endå meir konsekvent.
Eg må dessutan lese meg opp på temaet, og bare byrje med ufarlege atferder som ho allereie tilbyr.

Eg fekk det jo til med "Lukk", sjølv om det framleis hender ein ytterst sjelden gong at ho lukker døra utan at me har sagt noko... Det er veldig sjeldent no, og det er berre når ho er ekstra gira på noko.

Men det er også den einaste atferda eg har stimuluskontroll på. Eller TILNÆRMA stimuluskontroll på. Og det er jo for dårleg! Ærleg talt, liksom...

Jo.. Ein ting til.. Stå under marsj. Den er også tilnærma.

Eg har begynt å legge ord på:
at ho set snuten borti Joey (Gamlefar)
at ho går rundt meg og set seg på mi venstre side (Rundt)
at ho reiser seg frå sitt (Opp-og-tå)

Til nå går det i surr for både meg og Ayla, men skal me gå rallylydighetskonkurranse om to veker, må me ha eit par signal inne... Me kan jo ikkje drite oss heilt ut, heller :-)

1 kommentar:

  1. Takk :) Stimulskontroll er ikke for pyser.. Lykke til med det og rally-lpen :)

    SvarSlett