mandag, desember 15, 2008

Rallykurs, ei veke igjen til konkurranse

På kurs i dag var det lagt opp til litt konkurransetrening. Ghita hadde satt opp to banar som me skulle gå, og straks eg stilte meg opp for å gå den første, blei eg skikkelig nervøs. Det var bare ein liten bane, og det var jo bare øving, men eg blei altså skikkelig nervøs likevel!

Første banen inneholdt bl.a dobbelt åttetall (fire kjegler som står etter kvarandre, og så skal me gå slalåm att og fram i den), 360 grader til høgre, heilomvending til venstre, 270 grader venstre, og eit par tre andre eg ikkje husker. Noko merkeleg må ha skjedd, for på det skiltet det stod 360 graders vending til høgre, las eg venstre. Skiltet med sitt og dekk på såg eg ikkje i det heile tatt.

Kommentaren eg fekk var at hvis eg hadde fulgt alle skilta, hadde eg fått null poeng i trekk. Men på grunn av at eg er retnings"challenged" (tydeligvis, for eg såg feil retning på bane nr to også), blei eg diska to gonger, og fordi eg oversåg eit skilt hadde eg totalt tre årsaker til eventuell disk.

Før me drog på kurs, hadde eg ein halvtimes økt med Ayla på stovegolvet der eg fekk henne opp i ståande frå utgangsstilling ved hjelp av fingertarget. Eg fekk henne ikkje til å stå i ro, men det viktigaste var å få henne opp. Eg brukte litt omvendt lokking for å få henne til å stå i ro, og klikka mange gonger for at ho berre stod og kikka på meg etter at ho hadde reist seg. Planen var eigentleg å shape det fram utan hjelp av target, men det måtte eg gi opp pga mangel på treningsevner og tid før konkurransen.

På kurset trente me litt meir på denne øvelsen, og ein gong eg fekk henne opp med targethjelp, sa eg TÅ, og ho stod som støypt i bakken. Eg belønte med frosken, og kan nå stå med henne sitjande i utgangsstilling, presentere target og sei TÅ, og ho reiser seg opp og står i ro!! :-)

Då er det ikkje fleire skilt som skaper bry for oss. Nå er det eg som treng å lære skilta og LESE dei rett, så skal det nok gå vår veg neste mandag når me skal gå konkurransen med Olaug og jentene + Vetle og mor hans som eigen heiagjeng. Nervene kjem til å stå i høgspenn, men me skal ha dagen fri frå jobb, så det blir nok litt intensiv trening på dagen.

Ellers er det planlagt ro-trening på Ålgård på onsdag då eg og Ayla skal passe Lea. 

5 kommentarer:

  1. Det går nok helst bra, skal du se. Dere er jo knallflinke jo!!!

    SvarSlett
  2. Dersom vi bare hadde bodd litt nærmere hadde vi kommet for å se på instruktøren med hunden sin :-)

    Lykke til!!!! Vi heier fra Odda!!

    SvarSlett
  3. Ghita,
    Takk for skryten, den går rett der den skal ;-)
    Lenge siden jeg har konkurrert nå, kjenner jeg, så det blir spennende på mer enn en måte :-)


    Britt,
    "..instruktøren med hunden sin.." Ja, for det gir IKKE prestasjonsangst! ;-) Neeeeida....

    Takk for lykkeønskninger, jeg skal prøve å få Vetle til å filme når jeg går. Kanskje jeg legger det ut i bloggen, får se hva resultatet blir :-)

    SvarSlett