Før kurset i kveld, hadde eg bestemt meg for at Ayla ikkje skulle få pause i bilen. Ho skulle få vera ute, og me skulle trene på at ho skal kunne sjå at andre hundar herjer og leiker med kvarandre uten at ho får vera med. Dette klarte eg å gjer, så klikk til meg.
Ho hadde nokre frustrasjonsutfall på dei andre hundane når dei sprang forbi, eller leika med kvarandre,og det var vanskelig for henne å konsentrere seg når dei andre laga leikelydar.
Under ein pause (eg sat i ro og Ayla venta på gratis godbit), kom ein laus hund bort til oss. Ein finsk lapphund. Eg slapp bandet og rusla vekk derifrå, for eg veit at det blir BRØLING dersom Ayla skal helse på hund i band. Hundane sprang opp i ein liten grasbakke og herja og leika, og då eg syns eg var langt nok vekke, ropte eg på Ayla. Ingen reaksjon. Så ropte eg ein gong til, og då kom ho. Den andre også :-)
Dei sprang forbi meg og reiv nokre kjegler i iveren, og då eg ropte på Ayla igjen, snudde ho og kom tilbake. Mens dette føregjekk, stod alle dei andre deltakarane med hundar (også dei minste) og såg på galskapen. Eg tenkte eit kjapt sekund at eg håpte at ho ikkje skulle bort til dei små hundane og herje med dei, men ho ensa ingen andre enn den hunden ho leika med.
Då dei kom bort til meg, heiv eg ein neve pølser på eine sida av meg til Ayla, og ein neve på andre sida til den andre hunden, slik at den kunne stå der til eigaren kom.
Alt gjekk i likaste laget, og Ayla fekk ein etterlengta springerunde med ein annan hund. Ikkje at det var SÅ kult at det skjedde på treningsbanen, men likevel. Etterpå stod eg og prata med den andre hundeeigaren, og då var begge hundane i band. Ayla la seg ned mens eg prata, så eg trur nok ho var ganske ferdig for kvelden.
Ellers fekk me trent vidare på stimuluskontroll på "Opp og stå" og "Rundt". Me trente på slalåm, steg til høgre, 360 graders vendingar til høgre og venstre. Sitt og gå rundt, Dekk og gå rundt, Sitt Dekk Sitt, Sitt 90 graders vending til venstre/høgre Sitt, 270 graders vendingar til høgre og venstre.
Og ja, den 22 desember skal eg gå konkurranse i rallylydighet. Heldigvis ingen tannvisning eller andre tilgjengelighetstestar, så dette skal gå bra :-D Me gleder oss!
Hei! Spenstig mål du har satt deg sånn midt i julestria ;o) Men dette får dere til!
SvarSlettPS Skulle gjerne vært med som heia-pike den 22 :D
Ja, håper vi i det minste klarer å gjennomføre uten å bli disket :-) Det er ikke alle øvelsene i rally som er like enkle, selv om det kan virke sånn :-)
SvarSlettSynd du ikke kan fly til Stavanger for å være heia-pike den mandagen, men sånn er livet ;-)
Lykke til på konkurransen! Dette kommer til å gå kjempebra så flinke som dere er til å trene! ;)
SvarSlett