mandag, juni 29, 2009

Innhaldsrik tur til veterinæren.

I dag måtte me til dyrlegen igjen. Ho har ikkje blitt betre over helga. Sjølv om ho har fått auka apetitten, har diareen ikkje gitt seg. Eg har sove på sofaen kvar natt og latt døra stå åpen, for ho har ikkje klart seg meir enn to tre timar uten å gå på do.

Formen ellers har faktisk vore bra, og ho har til og med hatt lyst til å leike med meg.

Vetle (snille snille Vetle) tilbaud seg å dra på jobb i går, sånn at han kunne ta i dag fri, og det sa jo ikkje eg nei til! :-) Med ein gong dyrlegen åpna, ringte eg ned og fekk time. Den blei ganske tidlig på dagen, og dei sa at me sikkert kunne setje henne der til oppstalling, så kunne dei ta prøvar og røntgen og det dei trengte. Eg merka eg blei litt hønemor og hadde ikkje det minste lyst til å forlate henne der. Ho er jo slik ho er, og det tryggaste er om Vetle eller eg er der og kan lese henne og beskytte henne best mulig for ukule opplevelsar. 
Me har klart å halde veterinærkontoret fritt for uhyggelige erfaringar, og Ayla har sett ut til å like seg riktig så godt der.

Kvart på elleve ringte Vetle og sa han hadde gått fra henne i oppstallingsrommet, og at ho var åleine der, og at alt såg ut til å vera gode greier.
Ein time seinare ringte dei frå dyrlegen med beskjed om at ein av oss måtte komme så raskt me kunne, for Ayla hadde blitt engstelig. 

Engstelig?

Eg ringte til Vetle og ga beskjed om at kor enn han var, måtte han snu og kjøre rett til dyrlegen igjen. Så ringte eg tilbake til dyrlegen for å forhøyre meg om kva dei meinte. Eg kom til ei anna enn ho som hadde ringt meg, og eg spurte om kva dei meinte med engstelig. Jo, kunne dama fortelje, det betydde at ho ville ta dei som skulle behandle henne. Hjarta sank i meg.. Etter den setningen såg eg føre meg ei livredd Ayla inntrengt i eit hjørna med halen klistra til magen, mens ho flekka tenner og glefsa etter dyrlegen og assistentane som prøvde å behandle henne. Eg begynte nesten å grine.. 

Så høyrde eg nokre stemmer i bakgrunnen, og deretter kom dyrlegen i telefonen. Ho fortelte at ho måtte bryte inn i samtalen og korrigere litt på det eg hadde fått meddelt nettopp. Det som hadde skjedd, var at dei hadde tatt munnbind på Ayla for å legge henne på røntgenbordet, og det hadde gått fint. Altså heilt utan dop. Så hadde dei tatt av munnbindet igjen for å gi henne kontrastvæske. Men då dei skulle ha på munnbindet igjen, viste Ayla teikn til at ting var ukult. I staden for å tvinge henne, hadde dei ringt til oss. Dette fordi dei var veldig klar over kva arbeid me held på  med med Ayla, og at ho er ei "stor jente me ikkje hadde lyst til å pushe til å gjer noko ho ville angre på seinare, for å sei det slik" sitat slutt. :-) Ho kalte Ayla ei sart sjel, og forsikra meg om at ingenting hadde skjedd. Ingen utfall, ingen bjeffing, ingenting. Det var rett og slett for å vere føre var. Dermed hadde dei latt henne vere åleine på det rommet, og festa lapp utanpå døra om at ingen måtte gå inn. :-D 

Det tok ikkje lange tida før Vetle var der, og då kraup ho faktisk opp på fanget hans, noko ho ALDRI gjer til vanleg. Vidare hadde ho rundslikka og helst på alle ho fekk tak i på kontoret der. 

Ikkje mindre enn fire røntgenbilder med ca ein times mellomrom blei tatt. Og det viste seg at det ligg nokre småsteinar inni der. Akkurat kor dei ligg fekk eg ikkje med meg, men ho trengte i det minste ikkje å operere. Me fekk til og med dekka 800 kroner på forsikringa, så ENDELEG fekk me noko att! :-) 
Me fekk ros for å ha gjort alt rett i korrekt rekkefølge, og dei syns observasjonane og detaljene me kunne komme med var verdifulle. 

Vidare behandling nå er å fortsetje med ZooLac og skånefor, og i tillegg har ho fått antibiotika. Til kvart måltid skal ho dessutan få ein boks med kvite asparges for å hjelpe småsteinane ut. 

Nå i kveld har ho vore roleg og avslappa og dønn sliten. Kveldsmåltidet såg verkeleg ekkelt ut, men ho slukte rubbel og bit. Der er ganske mange aspargesspirer i ein slik boks!

Nå får me bare ta tida til hjelp og håper inderlig på at steinane kjem ut RASKT!

Ein god ting oppi alt dette her: Ho haltar ikkje lenger, sjølv om ho ikkje får smertestillande! :-D

5 kommentarer:

  1. Wow! Så fantastisk flinke de veterinærene var med Aila! :-D Som tok sånn hensyn og gjorde alt på en så flott måte! Utrolig hyggelig å lese om! Og så bra Aila håndterer alt sammen. Å bli forlatt alene på veternærkontoret er ikke bare-bare, selv om veterinærene er aldri så flinke! :-)

    Godt at det var positivt nytt også! Krysser fingrene for at småsteinene snart kommer ut og at Aila er i perfekt form igjen veldig snart!

    SvarSlett
  2. Ja, jeg må virkelig si at jeg ble imponert over at de valgte å gjøre det som tok lengst tid, men som absolutt var best for både oss, hunden og de selv :-) Kjempefornøyd!

    I natt har hun ikke vært på do en eneste gang, så nå ser det endelig ut til å gå veien! (bank i bordet)

    Og tusen tusen takk for de fine ordene, Therese! :-)

    SvarSlett
  3. Huff, dette var spennende lesning ei stund. Imponerende at de tok seg tid til å unngå unødvendige konfrontasjoner. Ikke alle veterinærkontorer er like flinke til det. Men kanskje er heller ikke alle eiere like flinke som deg til å gi tydelige beskjeder om hvordan hunden skal håndteres?

    Godt det gikk så bra, og at Ayla nå er på bedringens vei. Unner dere alt godt fremover :O)

    SvarSlett
  4. ÅÅ, så kjekt å lese om sånne veterinærer!

    Men stakkars Ayla. Håper hun er på bedringens vei nå.

    Ha en fin sommer!

    SvarSlett
  5. Ja, jeg må si er jeg er veldig glad for at vi er såpass åpne om hva vi jobber med, og at veterinæren hadde fornuft og omtanke nok for både seg selv og oss til å avbryte da de så at Ayla syns ting var ukult. :-)

    Ayla er i form igjen, og nå trener jeg henne opp til brukshundleiren hos Anne Lill Kvam i begynnelsen av august! :-)

    Ha en fin sommer, du også!! :-)

    SvarSlett