Det nærmar seg. Ikkje med stormskritt, det vil vera å ta i litt hardt. Men det nærmar seg. Det gjer også både prestasjonsangsten og usikkerheten.
Emil skal jo bli perfekt! Korleis gjer me det?
I teorien er det berre å gjer likt med han som med Ayla, forutan framandfrykta, så får me den perfekte hunden.
Det store spørsmålet er om me hugsar kva me gjorde for å lære henne at det å legge seg på romet sitt er
nesten det kjekkaste i verden, at det er kjekkare å springe MOT inngongsdøra enn vekk frå den, at orda "gå vekk der" berre betyr at ho skal fjerne seg kjapt frå der ho befinn seg, at når me lukker att døra til vedovnen - først då er det greit å kome ut på golvet og sette seg på oss for å kose, at når eg held på på kjøkenet - er det lurast å legge seg anten på dørstokken eller utanfor mitt arbeidsområde, og ein haug andre kjekke egenskaper ho har lært seg.
Planane er mange for Emil. Han skal lære tidleg å gå fint i band, kva sitt og bli og kom betyr, at folk er kjempekjekke, at hundar i band berre er statistar i hans verden, at det er kjekt når folk kjem heim til oss på besøk (eg kjem til å sende ut kollektiv invitasjon der eg lokker med kvalpehelsing og nybakte solskinnsboller), at når me er på besøk skal han ligge roleg ved sida av meg, og ein haug andre kvardagslige ferdigheter som er kjekt å kunne for ein hund som skal få vera med over alt.
Pirketinga som utgongsstilling, fri ved foten, og søkeatferd skal også lærast inn, men lydighetstinga ellers får andre prioritet. I det lange løp er det tross alt kvardagslydigheten som er det me kjem til å setja mest pris på.
Eg har bedt meg fri i nesten ein heil mnd. Mars og april er jo spekka med fri, så det passer heilt perfekt.
Skal berre innom jobb ein dag her og ein dag der for å få fakturert. Elles skal eg og Ayla og Emil koooooose oss heime.
Snart skal eg byrja å lese Gry Løberg si bok om kvalpesosialisering. Det gler eg meg til, sjølv om eg har skumma gjennom den fleire gonger tidlegare. Så må eg gå til innkjøp av sele. Ein grøn eller blå trur eg vil passe Emil. Eller ein brun, kanskje.
Er det forresten nokon som veit om ein sherpa bag str M eg kan låne? Det blir fly likevel. Etter oppdrettar sitt råd. Ho meinte det ville vera mykje betre for kvalpen å fly nokre få timar enn å sitje i bilen i nesten eit døgn. Og då må eg ha sherpa bag til å setje under setet under take off, landing og taxing - og på fanget under sjølve reisa.
Det er noko som heiter ammetåke. Og nå bestemmer eg meg allereie for at det er noko som heiter kvalpetåke og at eg kjem til å få det. Det har nok byrja å sige inn i kroppen, for det er ikkje så enkelt å konsentrere seg som før. Blikket sklir ned på biletet eg har teipa fast til skjermen på jobb, og brått drøymer eg meg vekk i kvalpelukt og mjuk pels, kvasse tenner og tisseflekker og 25 lufteturar til dagen, og eit hjarte som svulmar over av kjærleik og stolthet for dette litla nurket som skal stå med logrande hale over matskåla.